Hopp til innhold

Fjellovergangar kan bli vinterstengde, og to ekspressbåtruer kan bli kutta

Fjellovergangane Årdal-Tyin og Aurland-Hol kan i framtida bli vinterstengde fordi Sogn og Fjordane fylkeskommune må spare pengar.

Snørydding på fylkesveg 53 Årdal-Tyin

DETTE KAN DET BLI SLUTT PÅ: Snørydding på fylkesveg 53 mellom Årdal og Tyin.

Foto: privat

I tillegg kan Sognebåten og ei av ekspressbåtrutene Bergen-Nordfjord bli lagde ned dersom fylkespolitikarane må gå til det mest drastiske nedskjeringsalternativet.

Og desse innsparingsframlegga vart klekte ut før det vart kjent at Sogn og Fjordane risikerer å måtte greie seg med 234 millionar kroner mindre om fem år.

Men leiar Arnstein Menes (Sp) i Hovudutvalet for samferdsle har vanskar med å sjå føre seg så dramatiske kutt.

– Dette er tiltak som absolutt vil ha stor påverknad for fylket vårt, og det er ikkje enkelt for oss politikarar å gå inn for slike løysingar. Eg trur det sit langt inne å gå inn for tiltaka på nivå 3.

(Artikkelen held fram under biletet).

Velaug Veum og Arnstein Menes

– DETTE BLIR IKKJE ENKELT: Hovudutvalsleiar Arnstein Menes reknar med stekre reaksjonar. Her saman med fylkesdirektør Velaug Veum.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Fure ferjekai kan bli lagd ned

Fylkesdirektør for samferdsle, Velaug Veum, har skissert opp framtidige nedskjeringar i tre nivå.

Det snillaste nivået - nivå 1 - handlar om nedlegging av bussruter med få reisande, nedlegging av Fure ferjekai i Fjaler, færre ferjeavgangar, ekstra auke i billettprisar og mindre skogrydding langs fylkesvegane.

Med det kan dei spare vel 13 millionar. Når det er snakk om å legge ned ferja til Fure så handlar det også om trafikknedgang etter at Dalsfjordbrua kom, seier Menes.

– Det er venta at trafikken vil gå ned, men om den går så mykje ned at det er greitt å legge ned ferjekaia, det er eit anna spørsmål. Vi ha meir tal på det før vi kan ta den vurderinga.

Fure er i dag ein del av ferjesambanda Askvoll-Gjervik-Fure og Askvoll-Fure-Værlandet.

Fure ferjekai i Fjaler

KAN BLI NEDLAGD: Ferjekaia på Fure i Fjaler.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Godsrute i fare

Neste nivå handlar om endå meir kutt i bussruter, endå dyrare billettar, reduksjon av godsruta Bergen-Gulen-Solund-Askvoll, omlegging av ekspressbåtruter og redusert vintervedlikehald på vegane.

Med det kan det sparast endå 12 millionar. Arnstein Menes vedgår at dei må finne mange små innsparingspostar for å kome opp i denne summen.

– Utfordringa vår er at mesteparten av midlane våre er knytte opp mot rutekjøp og den drifta vi meiner vi må ha. Så her er det mindre summar som går på mindre tiltak, men tiltak som likevel er viktige for dei det gjeld, mellom anna godsbåtruta langs kysten. Dette er ikkje tiltak vi enkelt kan ta vekk.

– Kan like godt selje heile Vestlandet!

Ottar Nygård

– HEILT UTRULEG: Ordførar Ottar Nygård i Selje.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Monnar ikkje det kjem nivå tre. Der blir det endå fleire kutt i bussruter og ferjeruter, endå dyrare billettar, og ei akseptering av at forfallet på fylkesvegane aukar.

Men det mest drastiske er nedlegging av Sognebåten og den såkalla spegelvendtruta Bergen-Selje-Bergen, og stenging av fjellovergangane Årdal-Tyin og Aurland-Hol om vinteren.

Ordførar Ottar Nygård i Selje meiner fylkespolitikarane er på ville vegar dersom dei skulle finne på å legge ned den eine av dei to ekspressbåtrutene mellom Bergen og Selje.

– Då er vi på ei linje som vil føre veldig gale hen. Denne ruta er svært avgjerande, ikkje berre for Selje, men for alle stoppestadene langs kysten. Skal dei no kutte denne livsnerven? Det er heilt utruleg. Tek dei frå oss dette kan dei like godt selje heile Vestlandet.

Nygård meiner det som no kjem fram aktualiserer noko han og andre på kysten alt har teke opp.

– Vi meiner at desse fylkeskryssande rutene bør vere eit statleg ansvar, nettopp for å unngå at fylkeskommunale kutt skal gi så dramatiske konsekvensar.

(Artikkelen held fram under biletet).

Ekspressbåten Tideadmiral

KAN BLI KUTTA: Ved å sløyfe to ekspressbåtruter kan fylkeskommunen spare 8,5 millionar kroner. Dette er Norled-båten Tideadmiral.

Foto: Samferdselsfoto

– Heilt uakseptabelt!

Og ordførarkollega Noralv Distad i Aurland har like lite til overs for tanken på å vinterstenge fylkesveg 50 mellom Aurland og Hol.

– Det er eit heilt uakseptabelt framlegg. Vegen Aurland-Hol er svært viktig for næringslivet både i Aurland og i Hol, og det er ein viktig sambindingsveg. I tillegg er det ein viktig veg for Eco Energi, vegen gir tilgangen til deira anlegg. Dette er ein viktig veg å halde open.

Noralv Distad

– UAKSEPTABELT: Ordførar Noralv Distad i Aurland.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Distad er og fylkestingsrepresentant, og han håpar det ikkje blir aktuelt å gå til så drastiske steg som å stenge fjellovergangar.

– Det vil vere eit stort tilbakesteg dersom denne vegen blir vinterstengd. Som sagt så er det heilt uakseptabelt.

42 millionar til saman

Det er ikkje rekna på kor mykje det er å spare på vinterstenging av dei to fjellovergangane og på redusert vegvedlikehald.

Men utan desse to tiltaka gir nivå 3 ei innsparing på 17 millionar kroner, til saman betyr desse tre kuttnivåa at det blir brukt vel 42 millionar mindre på samferdsle årleg dersom dette blir vedteke.

Og det er verd å merke seg at dette framlegget frå fylkesdirektør Velaug Veum vart utarbeidd før fylkeskommunen fekk sjokkmeldinga om at Sogn og Fjordane om fem år må greie seg med 234 millionar kroner mindre i inntekter enn i dag.

Arnstein Menes seier dette gjer at dei kanskje må gå til det mest drastiske nedskjeringsalternativet, anten dei vil eller ikkje.

– Det er klart at dersom fylkeskommunen får 234 millionar kroner så må samferdslesektoren ta ein ganske stor del av det. Då nyttar det ikkje med tiltak berre innanfor nivå 1 og nivå 2.

Han seier at denne situasjonen enno er relativt ny for politikarane.

– Eg er veldig spent på dei diskusjonane vi skal ha komande veke, og korleis administrasjonen tenker seg kutt utover det framlegget vi no har fått.

Her er dei tre innsparingsnivåa slik fylkesdirektøren for samferdsle har lista dei opp for politikarane:

Nivå 1: Moderate kutt

  • Fylkesvegvedlikehald: Ikkje redusere forfallet på vegnettet: 3,0 mill
  • Buss - Bygderuter: Legge ned/om bygderuter med få reisande: 0,4 mill
  • Buss - Tilførselsruter: Legge ned/om ruter med få reisande: 0,3 mill
  • Buss - Regional og fylkeskryssande ruter: Færre direkte ruter, mindre produksjon utanfor fylket: 0,8 mill
  • Ferje: Legge ned Fure ferjekai 1,0 mill
  • Buss - Pendlarruter: Reduksjon i ruter 0,4 mill
  • Takstauke buss og båt: Ekstraordinær auke i billettprisane på 1 pst. 1,0 mill
  • Ferje: Reduksjon i opningstid og frekvens 1,3 mill
  • Fylkesveg - Drift - Vegservice: Reduksjon i grøntvedlikehald (skogrydding)og vegservice (rasteplassar m.m.) 5,0 mill

Sum 13,2 mill kr.


Nivå 2: Harde kutt

  • Buss - Bygderuter: Ytterlegare reduksjon i ruter med minst reisande 0,4 mill
  • Buss - Tilførselsruter: Ytterlegare reduksjon i ruter med minst reisande. 0,3 mill
  • Buss - Regional og fylkeskryssande ruter: Færre direkteruter, færre avgangar, mindre produksjon utanfor fylket 0,8 mill
  • Buss - Pendlarruter: Ytterlegare reduksjon i ruter 0,4 mill
    Takstauke buss og båt: Ytterlegare ekstraordinær auke i billettpris på 1 pst. 1,0 mill
  • Godsbåt: Godsbåtruta Bergen, Gulen, Solund og Askvoll vert redusert med 40% - 1,3 mill
  • Ferje: Reduksjon i opningstid og frekvens 1,3 mill
  • Båtruter: Legge om, endre materiell på ekspressane til/frå Bergen 1,5 mill
  • Fylkesveg - Vinterdrift: Redusere på vinterstandard (brøyting og salting, strøing) 5,0 mill


Sum 12,0 mill kr.


Nivå 3: Kutt av alle tenester utover kjernenivået

  • Buss - Regional og fylkeskryssande ruter: Reduksjon i ruter 0,8 mill
  • Buss - Pendlarruter: Reduksjon i ruter 0,4 mill
  • Ferje: Reduksjon i opningstid og frekvens 1,3 mill
  • FTU-trafikktrygging: Trafikktrygging i kommune 5,0 mill
  • Båtruter: Legge ned Sognebåten/Spegelvendten 8,5 mill
  • Takstauke buss og båt: Ytterlegare ekstraordinær auke i billettpris på 1 pst. 1,0 mill
  • Fylkesveg - Vinterdrift: Stenge fjellovergangar (Aurland-Hol / Årdal-Tyin) - usikker innsparing
  • Fylkesveg - Vedlikehald: Aksepterer at forfallet på vegnettet aukar - udefinert innsparing.


Sum 17,0 mill kr (utan innsparinga ved å vinterstenge to fjellovergangar og redusere på vegvedlikehald).