Du finn ikkje ordet trump i bokmålsordboka, men det er har fleire tydingar i nynorskordboka (ekstern lenke).
Det tar Linda Eide for seg i kveldens episode av «Eides språksjov». Der les ho like gjerne opp tydinga av ordet frå ei nynorskordbok frå 1985:
«Ein trump er ein stor, tung og stiv skapning. Det kan òg vere ein egen og tverr kar. Ordet trump er også eit adverb som betyr truging, tvang, press, makt eller hard metode.»
Døma i ordboka er «å ta nokon med trump eller få gjennomført noko berre med trump.»
– Vi kan gløyme det med spynorsk ordliste. Dette er spånorsk ordliste, seier Linda Eide.
Har hissa på seg mange
Mange vil kanskje meine at den nynorske betydninga av ordet trump passar bra til den nyvalde amerikanske presidenten. Donald Trump har allereie hissa på seg mange i sin korte presidentkarriere.
STENGER GRENSENE: Trump har underteikna eit dokument som slår fast at det blir ein mur mot Mexico.
Foto: Pablo Martinez Monsivais / APHan har blant anna skulda journalistar for å lyge om kor mange som møtte opp, då han blei innsett som president i Washington.
Han har dessutan starta arbeidet med å byggje ein mur mellom USA og Mexico og å fjerne helsereforma Obamacare. Begge sakene er omstridde både i heimlandet og i resten av verda.
- Les:
Dagen etter at han blei president, marsjerte kvinner over heile verda for likestilling og mangfald, som ein reaksjon på korleis Trump tidlegare har omtala kvinner.
Vi gjer merksam på at journalisten som har skrive denne saka, var gjest i programmet «Eides språksjov» førre veke.