Interessa for å gifte seg på Trolltunga aukar kraftig
Fredag 20. juni 2025 arrangerer Ullensvang kommune bryllaup for fjerde gong på den ikoniske fjellformasjonen.
I 2023 gifta 13 par seg på Trolltunga, medan talet steig til 20 i 2024. I år ventar kommunen eit liknande tal, og allereie har rundt 20 par vist interesse.
Bryllaupet tiltrekk par frå heile verda, og fleire har allereie spurt om 2026. Par må registrere seg hos kommunen og levere ein gyldig prøvingsattest.
– Når par leverer prøvingsattesten, er vi i gang med saka. Frå attesten blir utferda, er den berre gyldig i fire månader, seier Inger Eitrheim Johansen i Ullensvang kommune.
Ordførar Roald Aga Haug står for vigslane. Tilbodet er gratis for innbyggjarar i Ullensvang og utanlandske par, medan andre betaler ein symbolsk sum.
– Den merksemda og mediedekninga vi har fått, er verdt meir enn det par kunne ha betalt. Nokre gonger er det fint å tilby noko heilt gratis, seier ordførar Roald Aga Haug.