Hopp til innhold

Her ryggar toget på Bergensbanen etter avsporinga på Myrdal

Heile Bergensbanen er stengd og toga returnerer til der dei starta. Vy får ikkje tak i bussar, men nattoga i Oslo og Bergen kan brukast til overnatting.

SISTE: Nattoga på Bergensbanen er innstilt. Men toga kan verte nytta som overnattingsstad i Bergen og på Oslo S.

Myrdal-Mjølfjell er stengt for togtrafikk etter at eit godstog spora av på Myrdal stasjon.

Vy varslar at det blir forseinkingar i togtrafikken.

Pressevakt Gunnar Børseth i Bane Nor seier ingen personar er skada i hendinga.

Dei blei varsla om hendinga rundt klokka 18.00.

Både dei aust-og vestgåande toga måtte snu.

Nattoga er innstilt

To tog kvar veg er råka. No blir også nattoga innstilt, opplyser kommunikasjonssjef Åge-Christoffer Lundeby i Vy til NRK.

– Nattoga blir sett opp på stasjonane i Bergen og Oslo S og kan brukast til overnatting for de som ønsker det, seier han.

Det gjeld for dei som hadde billett med nattoget.

Myrdal stasjon etter avporing

Hundrevis av turistar ventar på avklaring frå Vy på Myrdal stasjon fredag kveld.

Foto: NRK-tipser / NRK

Passasjertoget frå Oslo måtte snu etter at godstoget spora av.

Erik Snellingen er på hytta på Upsete. Han så plutseleg eit tog som rygga ned rundt klokka 18.30 fredag kveld.

– Da skjønte vi at det hadde skjedd noko, seier han.

Usikkert når toga går som normalt

Kor lang tid det vil ta før trafikken kan gå som normalt, er uvisst.

Klokka 19.45 seier Børset at det er ei aksling på bakarste vogn som har spora av i ein sporveksel.

Ofte skjer slike avsporingar i samanheng med sporveksel.

– Vi må først heise på plass toget og undersøke om det er skader på infrastrukturen. Vi har folk på veg dit no som er på plass om nokre timar, så det vil ta tid å rette opp.

Kva fart toget hadde er ukjent, men sidan det skjedde i nærleiken av Myrdal stasjon, var den truleg ikkje høg, seier pressekontakten.

Bergensbanen er heilt sperra for togtrafikk etter at eit godstog spora av.

Vy: Set ikkje opp bussar

Passasjerane som skulle reise med Bergensbanen i kveld, får ikkje alternativ reisemåte med buss, seier Lundeby i Vy.

– Årsaka er at vi ikkje vil greie å skaffe nok bussar, seier han.

Frå før er det nemleg buss for tog i Oslo og i Drammen. I tillegg er det stor etterspurnad frå cruisebransjen etter bussar, forklarar Lundeby.

– Veit de kor lang tid det kan ta før banen opnar att?

– Nei, det veit vi ikkje.

Reisande må søke refusjon på vanleg måte, fortel kommunikasjonssjefen.

Hei!

Tusen takk for at du leste saken! Tenker du på noe? Har du noe på hjertet som jeg burde skrive om? 

Jeg blir veldig glad for en e-post.