Politiet sperrar av område i Bergen sentrum
Politiet har sperra av eit mindre område i Løbergesalleen i Bergen sentrum.
Årsaka er eit tre som velta under uvêret «Amy», og som no ligg over vegen og kviler på ein kabelstrekk.
Politiet ber folk om å respektere sperringane og ikkje gå under treet.
Bergen kommune er varsla slik at dei kan rydde opp i det velta treet, samt sette opp skilting om at vegen er stengt.