Mange vegar framleis stengde - har ikkje full oversikt
Sjølv om den verste stormen har roa seg, så viser ekstremvêret «Amy» framleis godt att i Vestland.
Framleis er ein del vegar stengde søndag morgon.
– Eg har ikkje oversikt over kor mange, men dette får vi meir oversikt over utover dagen, seier Arne Viken i Vegtrafikksentralen til NRK like etter 07.30.
Her kan du sjå Statens vegvesen si oppdaterte oversikt.
I går var det på det verste over 100 stengde vegar.
Entreprenørar har jobba på spreng med å rydde vekk tre, steinar og andre gjenstandar som har kome i vegane.
Arbeidet går føre seg for fullt utover dagen i dag.
– Forhåpentlegvis opnar dei fleste vegane i løpet av dagen, seier Viken.
Men arbeidet kan ta tid sidan det fleire stader også er straumkablar som har falt ned i vegbana.
For alle som har tenkt seg ut på vegane må bu seg på at reisa kan ta lengre tid enn planlagt, særleg gjeld dette sidevegar.
Viken oppmodar folk til å følgje med på trafikkmeldingar utover.
Av fjellovergangane er det berre Sognefjellet som er stengt. Klokka 09.00 i dag blir det gjort ei vurdering om den kan opne att.