Hopp til innhold

Terreng på Vestlandet stod i full fyr – skogbrannfare fleire stader

Snø og regn skaper utfordringar i Sør-Noreg. I Nordland og på Vestlandet aukar skogbrannfaren. – Det er ikkje så vanleg så seint på året, seier meteorolog.

Brann i Hålandsdalen

SKOGBRANN: Dei siste dagane har brannvesen rykka ut til fleire skogbrannar på Vestlandet. Onsdag brann det på ny.

Foto: BJØRNAFJORDEN BRANN OG REDNING

Vestlandet har vore herja av fleire skogbrannar dei siste tida.

Onsdag morgon gjekk alarmen i Hålandsdalen i Bjørnafjorden. Eit område rundt ein trafokiosk stod i full fyr.

– Det er tørt og mykje vind. Det er ein dårleg kombinasjon, seier Trond Landaas, fungerande vaktkommandør på 110-sentralen.

Etter ein halvtime hadde brannmannskap fått kontroll.

Tysdag sende Meteorologisk institutt ut gult farevarsel for skogbrann på Vestlandet. Her er faren venta å minke fredag.

No er også delar av Nordland omfatta av det gule farevarselet.

Delar av Nordland, samt Vestlandet, er inkludert i gult farevarsel om brannfare.

Delar av Nordland, samt Vestlandet, er inkludert i gult farevarsel om brannfare.

Både Telemark og Sørlandet har fått godt med snø siste dagane. No stig temperaturen, og opp mot 60 millimeter kvit og våt nedbør på eitt døgn, kan gi lokalt vanskelege køyreforhold. Det er også fare for flaum.

For ytre strok av Vestland, Møre og Romsdal, Trøndelag og i Nordland derimot, skaper tørt terreng problem.

Det skjer vel ei veke etter at flaum gjorde skadar for truleg over 100 millionar i Vestland.

Skogbrann fleire stader

– Det har vore lite nedbør i det siste og stort sett ikkje noko etter 12. november. Så det har vore ei tørr periode, seier statsmeteorolog Dina Stabel.

Det kan skal også vere tørt ei stund framover.

I tillegg har det blåst ein del slik at det har tørka godt opp. Då vil den gamle vegetasjonen frå i sommar vere tørr.

– Om det først tek fyr kan det spreie seg lett sidan det bles ein del, seier statsmeteorologen.

Tysdag var det full fyr i gamalt gras nær fleire bustader på Radøy i Nordhordland.

– Det var nok dramatisk for dei som budde her. Heldigvis gjekk brannen rett veg, sa innsatsleiar Kurt Inge Hordvik i politiet.

Les også Gress- og lyngbrann var bare 6-7 meter fra bolighus

Brann Manger

Søndag oppdaga ein turgåar eit ulmande bål i skogen på Kaupanger i Sogn. 300 liter vatn gjekk med før bålet var skikkeleg sløkt.

Sogn brann og redning måtte slukke skogbrann på Kaupanger søndag 20. november.

Sogn brann og redning måtte sløkke skogbrann på Kaupanger søndag 20. november.

Foto: Tom Wergeland

– No blei det oppdaga av ein forbipasserande slik at vi fekk tatt det tidleg. Vi har i mange tilfelle litt lang reisetid og det kan vere vanskeleg å ta seg ut på plassar der folk ønsker å tenne bål, seier Torill Anita Segtnan, leiar førebyggande avdeling i Sogn brann og redning.

Fare også på vinteren

Segtnan åtvarar – og minner om skogbrannfaren som også kan vere i tørre periodar på vinteren.

Torill Anita Segtnan

Torill Anita Segtnan minner om at det kan vere straffbart å brenne bål om ein ikkje har kontroll på det.

Foto: Marte Iren Trøen / NRK

– Det er nok mange som tenker at bålforbodet er frå 15. april til 15. september og at det skal vere greitt å tenne bål over alt når det er oppheva, seier Torill Anita Segtnan, leiar førebyggande avdeling i Sogn brann og redning.

I den same forskrifta som bålforbodet står det at ein skal vere aktsam heile året.

– Vi har sett brann i Lærdal i februar og liknande i Trøndelag i det same tidsrommet, så vinteren kan vere minst like tørr som sommaren, seier Segtnan og understrekar at det kan vere veldig tørt i skogbotn sjølv om det er utanfor sesongen med bålforbod.

– Glør kan ligge lenge nede i mosen og kose seg og kjem det eit vindpust så kan det ta fyr.

Usikre prognosar

– Faren vil ikkje minke før det kjem nedbør av betydning, seier statsmeteorologen.

Prognosane for dagane framover er usikre.

– Det kan komme litt nedbør på fredag, men spørsmålet er om det er nok. Slik det ser ut no kan det komme meir nedbør søndag, som kan gjere at faren vil minke.

Torsdag varslar Meteorologisk institutt at skogbrannfaren er venta å minke fredag.

Dei neste dagane blir det aukande vind særleg i fjellområda, men også i indre strok i fjord og dalstrøk. Der kan det vere område som er snøfrie som blir litt tørrare enn det vanlegvis er i denne perioden.

– Kan vere straffbart

Segtnan seier det er forbode, og kan vere straffbart, å brenne bål utan å ha kontroll på det.

– Om vi må ut med eit lag for å sløkke kostar dette oss ein del kroner. Det kan bli ei rekning ein må ta sjølv om ein har vore uforsiktig med bålet sitt.

– Kva må ein tenkje på om ein skal brenne bål eller fyre opp ein grill i skog og mark?

– Ein skal sikre at ein er på ein stad kor underlaget ikkje kan antenne og at ein har nok vatn til å sløkkje bålet før du går der ifrå, seier Segtnan