Hopp til innhold

Brann i Hålandsdalen er sløkt

Brannvesenet har sløkt ein brann i terrenget i Øvre Hålandsdalen i Bjørnafjorden. Det brann i eit område på tre mål like ved ein trafokiosk.

Brannen blei meldt klokka 05.42. Etter litt over ein halv time var flammane under kontroll, og brannen blei meldt sløkt klokka 06.45.

– Det er tørt og mykje vind. Det er ein dårleg kombinasjon, seier Trond Landaas, fungerande vaktkommandør på 110-sentralen.

Vaktmannskap frå Fusa kraftlag meldte om brannen, og deltok også i den første delen av sløkkinga.

– Det blei ein intens innsats for å stogga flammane i terrenget då vinden baud på utfordringar. Så snart det var etablert vatn på staden, fekk vaktlaget frå Eikelandsosen brannstasjon kontroll på situasjonen, seier fagleiar Torgeir Berge i Bjørnafjorden brann og redning.

Det er gult farevarsel om gras- og lyngbrannfare for store delar av Vestlandet, noko som er uvanleg til å vera på denne tida av året.

Det har vore fleire brannar i terrenget dei siste dagane, blant anna på Manger i Alver kommune.

Brann i terrenget i Hålandsdalen
Foto: Bjørnafjorden brann og redning