Hopp til innhold

Denne roboten kan ta over bærplukkinga

Mangel på arbeidskraft gjer at norske bærbønder må tenke nytt. No kan ein bærplukkarobot vere løysinga på utfordringa.

Robotplukkar

Å plukke bær er eit fintfølande arbeid. Den første roboten kjem til Norge sommaren 2023.

Foto: Fieldwork Robotics Ltd

Det er eit fintfølande arbeid å plukke bær for hand.

For bæra må plukkast heile for å kunne seljast i korg i butikken.

Og kvar sommar ser er ein plukkarar plukke i norske jordbæråkrar og frå bringebærrankar.

Men for bærbøndene er det vanskeleg å få tak i folk.

– Og det blir ikkje lettare å få tak i arbeidskraft frå Europa i åra framover, seier Ola Hopperstad frå Sognabær.

Ikkje berre er det mangel på arbeidskraft, men det er òg mangel på folk med riktig kunnskap og kompetanse om næringa.

Slik forklarar Gunn Jorunn Sørum i Gartnerhallen om kor samansette utfordringane er for næringa.

Gartnerhallen er Noregs største leverandør av frukt, bær og grønsaker.

Martin Stølen

Martin Stølen frå Høgskulen på Vestlandet viser korleis robotbærplukkaren skal plukke bæra.

Foto: Kasper Valestrand/NRK

Ein smart bærplukkar

Robotekspert Martin Stølen meiner han har ei løysing for bærbøndene. Han er førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet.

– Med ein slik robot veit bonden kor mykje arbeidskraft han eller ho har frå år til år, fortel Stølen.

Robotbærplukkaren skal fungere som robotgrasklipparen folk har i hagen sin.

Robotplukkar i aksjon

Robotklipparen har fire armar som kvar kan finne fram til og plukke dei modne bæra.

Foto: Fieldwork Robotics Ltd

Han skal køyre forbi radene av bærbuskar, stoppe opp når han ser modne bær, og så forsiktig plukke dei.

Slik unngår ein at bæra blir knuste.

Og då kan ein selje bæra i korg i butikken.

Under ser du korleis robotplukkaren jobbar.

Produsenten er ikkje heilt seld på ideen

Ola Hopperstad frå Sognabær er spent på kva plukkeroboten kan få til.

– Med bringebærproduksjonen vi har, er ikkje manuell plukking noko vi kan drive med på lang sikt, fortel Hopperstad.

Men bringebærprodusenten er ikkje heilt seld på ideen om ein plukkerobot

For ti år sidan kjøpte han inn ein mekanisert innhaustar. Men då knuste innhaustaren bæra.

Og då kunne bæra berre brukast til industriell produksjon.

– Eg har for lite kunnskap om denne nye roboten. Så det vil berre vise seg om dette er framtida, seier bringebærprodusenten frå Vik i Sogn.

Må vente tre til fire år

Og det kan ta litt tid før robotplukkaren blir ein sentral del av næringa.

Planen er at den første roboten kjem på plass her i landet neste sommar.

Men då må det testing til for i tilpasse han bratte bakkar og kaldt og vått klima

– Dette er ein del av forskinga vi skal drive med dei tre til fire neste åra for å finne svara på, avsluttar robotekspert Martin Stølen frå Høgskulen på Vestlandet.