Hopp til innhold

Emil (24) hamna midt i snøraset: – Plutseleg var det ein kvit vegg framfor meg

Emil Gihleengen og lastebilen vart slukt av snøskredet på riksveg 5. – Godt det ikkje var ein personbil, seier han.

Emil Gihleengen køyrde rett inn i eit snøskred på riksveg 5 onsdag kveld.

LETTA: Det blei ein dramatisk kveld for Emil Gihleengen som køyrde rett inn i eit snøskred på riksveg 5.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Eg såg ingenting framfor meg, seier Emil Gihleengen.

Lastebilsjåføren fekk ein svært dramatisk kveld då han onsdag hamna inni det 150 meter breie snøraset som gjekk på riksveg 5 ved Frudalstunnelen i Sogndalsdalen.

Gihleengen skildrar det som brått å vere inni ein kvit vegg. Først var han usikker på kor han var i vegbana. Då han greidde å stoppe, var han alt eit par meter inni raset.

– Eg var rask med å rygge, seier han.

Yrkessjåføren var den einaste som hamna inni raset.

– Der og då rekk du ikkje å tenkje så mykje. Det var først då naudetatane kom og eg skjønte omfanget, at det heile gjekk meir opp for meg, seier han.

Sogndalsdalen er framleis stengd, og det er uvisst kor tid vegen kan opne att.

Betydeleg skredfare i fleire regionar

Dette skjer årleg fleire stader. Vi har eit veldig utsett terreng med bratte fjellsider der mange vegar går, seier vaktleiar i snøskredvarslinga, Gustaf Pless.

4. februar varsla Varsom om «betydeleg skredfare i fleire regionar», og sidan har det kome meir snø.

Skredvarslinga Varsom er levert av NVE, i samarbeid med Statens vegvesen og Meteorologisk institutt.

Folk må følge med på varselet og kanskje ikkje køyre dei verste strekningane dei dagane der det er fare for ras, seier Pless.

Det er enorme skavlar i fjellet

Denne veka utvida dei snøskredvarslinga. Tidlegare har dei berre sendt ut varslar for Helgeland ved stor (faregrad 4) eller svært stor (faregrad 5) snøskredfare.

Det er godt å få på plass dagleg snøskredvarsling for Helgeland. Dette vil gi eit betre grunnlag for både beredskap og ferdsel i regionen, seier Rune Verpe Engeset, seksjonsleiar i NVE.

Også sør i landet vert det åtvara om stor snøskredfare. På få dagar har det komme opp mot halvanna meter snø på Hovden i Setesdal.

No er ordføraren uroa før ei ny helg med mange skituristar i bygda.

Eg trur knapt vi har hatt maken til pudderføre som no. Det kan vere freistande. Men det er enorme skavlar i fjellet etter mykje snø og kraftig vind. Du skal vere veldig forsiktig slik forholda er no, seier Bykle-ordførar Jon Rolf Næss.

Ras over riksvei 5
Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Kunne blitt ganske stygt

Attende i Sogn trur Emil Gihleengen at det kunne gått langt verre om ein personbil hadde blitt teken av raset:

– Raset var eit par meter høgt, og ein bil hadde blitt gravlagt her. Sidan det var så dårleg vêr kunne helikopter fått problem med å kome fram. Det kunne blitt ganske stygt.

Så fort Sogndalsdalen kan opne att, er sjåføren klar for å halde fram jobbturen som eigentleg skulle ende i Stryn.

– Eg må få levert frakta til Stryn før eg kan reise heim att. Lasset må fram uansett.

Emil Gihleengen køyrde rett inn i eit snøskred på riksveg 5 onsdag kveld.

KUNNE GÅTT GALE: Emil Gihleengen trur det fort kunne gått svært ille dersom ein personbil hadde kome inn i raset. Han kom til alt hell uskadd frå hendinga.

Foto: Sondra Dalaker / NRK