Hopp til innhold

Rekordmange kjøper overskotsmat: – Prisane her i Noreg er jo heilt ville

Medan matvareprisane aukar, blir mat som skulle blitt kasta meir populært. Studenten Minh Ta tenkjer meir på økonomien enn miljøet når han kjøper overskotsmat til frukost.

Minh Ta får mat av Natalia B. Almås

POPULÆRT: Minh Ta tar i mot rykande fersk hotellfrukost frå kokk Natalia B. Almås på Hotell Noreg i Bergen.

Foto: Therese Pisani / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Prisane her i Noreg er jo heilt ville. Dette gir meg sjansen til å prøve ulik mat til ein billigare penge.

Den vietnamesiske studenten Minh Ta står med ein glovarm boks frukostmat i hendene.

Han har akkurat vore på Hotell Noreg i Bergen og henta restar frå hotellfrukosten.

Gjennom appen «Too Good to Go» har han betalt 49 kroner for mat gjestane ikkje ville ha.

– At det er bra for klima er berre ein bonus, seier han.

Minh Ta

Minh Ta er masterstudent og skal bu i Noreg dei neste to åra. Han er glad i å prøve ny, norsk mat, men syns ofte det kan bli dyrt.

Foto: Therese Pisani / NRK

– Klar samanheng mellom prisane

I sommar hadde Noreg eit rekordhøgt prishopp på mat.

Tal frå dei store matvarekjedene viser at nordmenn allereie har lagt om handlevanane, ved å vera meir opptatt av pris og å planlegga handleturen meir.

Også kjøpen av overskotsmat, eller mat som elles ville bli kasta, har auka.

Appen «Too Good to Go», som sel overskotsmat for bedrifter over heile landet, har aldri seld meir enn dei gjere no.

Berre i august selde dei rundt 250.000 posar med mat, ifølgje dagleg leiar Johan Ingmarsson. Det er ei 40 % auke sia same tid i fjor.

– Det er sjølvsagt umogleg å seie heilt sikkert, men for oss ser det ut som ein klar samanheng mellom dei stigande prisane, spesielt på mat, seier han.

Les også Cherrytomater avslører oss etter prissjokket

Tomater i butikk

Tok av etter skuleferien

Også appen «Throw no more» har merka ein auke i brukarar den siste tida.

Appen gjev kundar oversikt over nedprisa varer i over 570 matvarebutikkar i Noreg.

Berre dei siste vekene har tusenvis av brukarar lasta ned appen, fortel Sigrun Isene.

– Etter skuleferien auka bruken kraftig. Me veit at mange er opptatt av klima og miljø, men no ser det ut som fleire også er opptatte av det økonomiske, seier ho.

Matvareprisene ble hentet inn fra forskjellige butikker. Dette bildet er fra innkjøpet på Rema.

Kundar er meir opne for å kjøpe varer med kort holdbarhet no enn før, skal ein tru appen «Throw no more» og Coop Norge.

Foto: Pål Tegnander / NRK

– Utenkjeleg for nokre år sidan

Knut Lunæs i Coop Norge fortel at fleire kundar kjøper varer som er nedsatt i pris på grunn av kort haldbarhet no enn før.

– For berre nokre år sidan var det nesten utenkjeleg å selge matvarer til nedsatt pris. No er både kundar og butikkane glade i ordninga.

Ifølge han er det ofte dei dyre matvarene som er dei mest populære i hylla med nedsatte varer.

– Det går mykje i kjøttvarer og pålegg. Det er mat som har større klimaavtrykk, noko som gjere det ekstra fint at det ikkje hamnar i søppelet, seier han.

Les også Foreldre slutter å spise for at ungene skal få mat

matutdeling Caritas Trondheim

– Må meir enn ein app til

Tal frå 2020 viser at det årleg blir kasta 450.000 tonn etande mat i Noreg. Rundt halvparten av dette er det vanlege forbrukarar som står bak.

Og sjølv om stigande matvareprisar fører til meir planlagde handleturar, jublar ikkje Fremtiden i våre hender av den grunn.

– Det er ikkje eit mål i seg sjølv med dyre matvarer. Likevel kan ein ta nytte av den uheldige situasjonen me står i ved å få overblikk over kor mykje mat som faktisk blir kasta, seier Embla Husby Jørgensen i organisasjonen.

Dei har jobba for ein ny matkastelov i fleire år, med håp om å redusera mengda mat som hamnar rett på søppeldynga.

– Talet på mat som blir kasta i Noreg er svimlande. Det må meir enn ein app til for å få talet ned, seier ho.