Hopp til innhold

Tolv tidlegare overlegar går ut mot helseleiinga. Fylkeslegen ventar at Bergen ryddar opp

Fylkeslegen truar med tilsyn dersom ikkje kommunen får bemanningskrisa i helseetaten under kontroll. – Det er beklageleg at denne situasjonen har oppstått midt i ein pandemi, seier Helga Arianson.

Helga Arianson, fylkeslege i Hordaland

BEKLAGAR SITUASJONEN: Fylkeslege i Vestland, Helga Arianson, ber kommunen ta tak.

Foto: Ole Andreas Bø

Torsdag vart det kjent at ytterlegare to tilsette ved kontoret til kommuneoverlegen i Bergen har sagt opp jobbane sine, og at alle tilsette på kontoret dermed har slutta.

Fredag tek tolv overlegar eit oppgjer med helseleiinga i felles uttale i BT.

Fire av dei har jobba ved kommuneoverlegeavdelinga, mens åtte har jobba som overlegar andre stadar i helseetaten.

Legane avviser at dei skal ha forlate jobbane på grunn av eit stort arbeidspress, slik dei oppfattar at leiinga har uttala til media.

– Vi har høyrd ulike grunngjevingar om kvifor overlegar har slutta. Den som går att er at det har blitt for mykje å gjere. Ingen av oss har slutta av den grunn, seier Ola Jøsendal til NRK om kvifor dei har gått saman om uttalen.

Han vil ikkje utdjupe kvifor han sjølv slutta som assisterande kommuneoverlege i 2019.

Overfor BT peikar tidlegare legevaktsjef Marit Voltersvik på «svært dårleg styring».

Kritisk låg bemanning

Det heile toppa seg i slutten av november då avtroppande smittevernoverlege Karina Koller Løland sa opp stillinga si på grunn av misnøye med at ho ikkje fekk vere ein del av den sentrale kriseleiinga i pandemisituasjonen.

Torsdag følgde to assisterande kommuneoverlegar etter. Ein av dei stadfesta i ein SMS til NRK at oppseiinga hang direkte saman med grunngjevinga til Koller Løland.

Konsekvensen er no at bemanninga ved kontoret er på eit kritisk lågt nivå fram til fleire kunngjorde stillingar skal fyllast.

Dei siste to åra har i alt tolv personar slutta ved avdelinga, viser ei oversikt NRK har fått.

Vil vurdere tilsyn

Fylkeslege i Vestland, Helga Arianson, seier fylkesmannen følgjer nøye med på kva som skjer ved kontoret til kommuneoverlegen.

– Det er beklageleg at denne situasjonen har oppstått midt i ein pandemi. Vi forventar at kommunen klarer å få på plass det dei må ha av helsefagleg, medisinsk kompetanse i den situasjonen dei er i no, seier Arianson.

Arianson seier det kan bli aktuelt for fylkesmannen å opne tilsyn dersom situasjonen får konsekvensar for korleis kommunen løyser oppdraget sitt.

– Per no kjem vi ikkje til å gjere noko og ventar på situasjonen.

Beate Husa

KJENTE TIL PROBLEMA: Helsebyråd Beate Husa (KrF) ventar på rapport om omorganisering av helseetaten.

Foto: Valentina Baisotti / NRK

Byråden kjente til problema

Helsebyråd i Bergen, Beate Husa (KrF), sa torsdag at pandemien har ført til stor belastning for dei tilsette og at organiseringa av etat for helsetenester ikkje er optimal.

Ho ventar no på ein rapport med tilrådingar om korleis etaten bør vere organisert. Rapporten skal komme i løpet av månaden.

Fredag ettermiddag seier Husa til NRK at ho har kjent til problem i helseetaten sidan ho vart byråd i fjor.

– Ut frå det dei seier sjølve, handlar det om organisering, journalsystem og leiing, seier Husa.

Byråden oppgir at ho vart kjent med dette under høyringa våren 2019 om journalsystemet til legevakta og det såkalla minisjukehuset til kommunen.

Fylkeslegen stempla i eit tilsyn journalsystemet som uforsvarleg. I tillegg slo fylkeslegen fast at styringa av minisjukehuset hadde svikta, ifølgje BT.

Då var avdelingsoverlege Grethe Fosse blant fleire som sa opp stillingane sine. Ho er ei av dei som står bak uttalen fredag.

– Det var en møtesyke uten like, men ingenting skjedde, seier ho til BT.

Kjell Wolff i Bergen kommune

SVARAR IKKJE: Kjell A. Wolff er kommunaldirektør i byrådsavdeling for eldre, helse og omsorg.

Foto: Privat

Husa seier dei har rydda opp i mykje, som å byte journalsystem og endra i leiinga til minisjukehuset.

Ho er oppteken av at tilsette skal bli høyrt framover, men understrekar at det ikkje betyr at kommunen «løyser ting slik ei sterk tilsettegruppe meiner».

– Det er viktig å hugse på at leiinga i ein etat vil måtte ta avgjersler som ikkje alle er samde i. Det kan vere utfordrande å stelle seg til, om ein har sterke meiningar, seier byråden.

FNB vil fremme mistillit

Fredag kveld skriv BT at FNB-leiar i Bergen, Trym Aafløy, vil fremme mistillit mot helsebyråden.

Aafløy meiner at ho ikkje har jobba godt nok med å løyse problema i byrådsavdelinga.

SV vil avvente ei høyring, og Høgre vil ta stilling til mistillitsspørsmålet etter eit møte med byrådet tysdag.

Byrådet må også svare for seg i kontrollutvalet onsdag om moglege brot på smittevernlova, skriv avisa.

Kommunaldirektør for avdeling helse og omsorg, Kjell Wolff, har ikkje svara på spørsmål frå NRK fredag. Det har heller ikkje etatsdirektør Brita Øygard.

Brita Øygard

SVARAR IKKJE: Etatsdirektør Brita Øygard fungerer for tida som kommuneoverlege og gjer oppgåvene til smittevernoverlegen som er sjukemeld og har sagt opp.

Foto: Bjørn Olav Nordahl / NRK