Hopp til innhold

Samstundes som ho vart smittevernoverlege, vart ho tatt ut av kriseleiinga

Då Bergen fekk sitt første koronatilfelle, var planen at smittevernoverlegen skulle sitta i kriseleiinga. Det fekk ho aldri. – Eg trudde faktisk eg skulle vera med der, men fann fort ut at det var feil.

Pressekonferanse med Bergen kommune om koronasituasjonen

UTANFOR: Då Karina Koller Løland i mars starta i jobben som smittevernoverlege i Bergen, vart stillinga fjerna frå koronakriseleiinga.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

– Eg tenker det kunne vore naturleg å innlemma meg i kriseleiinga då eg byrja. Som smittevernoverlege i ein pandemisituasjon har ein jo eit fagleg ansvar.

Det seier smittevernoverlege Karina Koller Løland i Bergen kommune, ein smule oppgitt.

Laurdag vart det kjent at ho har sagt opp stillinga etter berre åtte månadar.

– I alle samanhengar når det gjeld smitte og pandemi er det smittevernoverlegen som er kommuneoverlegen. Det ansvaret er ikkje så lett å ta fullt og heilt når ein ikkje får ta imot og gi informasjon, eller ta del i diskusjonane som skjer på nivået over, seier ho.

Ho byrja i jobben halvannan veke etter at Bergen kommune oppretta koronakriseleiing. At ho ikkje skulle vera med i kriseleiinga, var ei overrasking.

– I starten trudde eg faktisk at eg sat der, men eg fann ganske fort ut at det viste seg å vera feil.

Først var ho «inne»

Fredag 28. februar 2020 fekk Bergen sitt første påviste tilfelle av koronasmitte. Same dag vedtok kommunens kriseleiing å oppretta gruppa «Prosjekt korona». Der var smittevernoverlegen oppført som ein av dei faste medlemane.

I sakspapira om dette møtet står det:

«Faste deltakere i prosjektledelsen skal vere kommunaldirektører, informasjonsdirektør, beredskapssjef og smittevernoverlege.»

«Prosjekt korona» fekk delegert krisefullmakta frå den kommunale kriseleiinga (KKL).

Det vart understreka at «Prosjektgruppen vart oppretta fordi denne vart vurdert som meir effektiv enn KKL for å kunne handtere de utfordringane smittesituasjonen vil kunne påføre kommunen».

Men på dette tidspunktet hadde ikkje Bergen kommune nokon smittevernoverlege. Tilsettingsprosessen var i gang, uavhengig av koronapandemien, men først måndag 9. mars hadde Karina Koller Løland sin første dag som byens smittevernoverlege.

I mellomtida hadde det skjedd ting.

Koronatesting på Festplassen i Bergen

TESTING: For å få fleire til å testa seg, vart det i november opna teststasjon på Festplassen midt i Bergen sentrum.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

... deretter «ute»

Då gruppa møttest for første gong måndag 2. mars, blei den kalla «KKL – Korona».

10. mars vedtok byrådet å «beholde delegeringen av krisefullmakten gitt av kommunens kriseledelse (KKL) 28. februar 2020 til Prosjekt Korona».

Nok ein gong var smittevernoverlegen på medlemslista:

«Faste medlemmer i gruppen er alle kommunaldirektører og fagfunksjonene smittevernoverlege, informasjonsdirektør, HR-direktør, forhandlingssjef og beredskapssjef.»

Men i praksis var det medisinsk fagsjef Trond Egil Hansen som deltok i gruppa.

Frå måndag 16. mars blei den formelle samansetninga i den kommunale koronakriseleiinga endra.

No var ikkje smittevernoverlegen lenger med på lista.

Medisinsk fagsjef Trond Egil Hansen og kommunaldirektør for eldre, helse og frivillighet Kjell Wolff, vart derimot sittande i kriseleiinga.

Koller Løland seier ho etter eit par veker i jobben forstod at ho ikkje var i kriseleiinga.

Men ho har ikkje vore klar over at stillinga hennar i starten faktisk stod på lista over kriseleiinga.

– Eg visste ikkje at eg var nevnt som medlem av KKL ein gong, seier Løland til NRK.

Medisinsk fagsjef Trond Egil Hansen

IKKJE ØNSKA: Medisinsk fagsjef Trond Egil Hansen seier at ein ikkje ønska Koller Løland i kriseleiinga, fordi det ville gått ut over mange andre viktige oppgåver smittevernoverlegen har.

Foto: Marit Hommedal / NTB

– Rekte opp handa

Medisinsk fagsjef Trond Egil Hansen seier at ein ikkje ønska Koller Løland i kriseleiinga.

– Nei, det ville gått ut over mange andre viktige oppgåver smittevernoverlegen har ifølge smittevernlova. Det å sitja fysisk i kriseleiinga tar dei fleste av vekas arbeidstimar.

Han understrekar at Koller Løland jamleg har fått komma med sine innspel.

– Fleire dagar i veka har ho gitt sine vurderingar, råd og tilrådingar til leiinga.

Ho sjølv skildrar dette annleis.

– Det var på ein måte fem minutt på slutten av møtet. Då sat eg og rekte opp handa og fekk seia eit par ord. Det var på det nivået, ikkje noko meir enn det.

Medisinsk fagsjef i Bergen kommune, Trond Egil Hansen

I STADEN: Medisinsk fagsjef Trond Egil Hansen blei verande i kriseleiinga sjølv om Bergen kommune fekk tilsett smittevernoverlege.

Foto: Julianne Flølo / NRK

«Tiltrer etter behov»

Gruppa «KKL – Korona» fungerte som Bergen kommune si koronakriseleiing ut april. Byrådet meinte då det var forsvarleg å «demobilisera» kriseledeiinga.

Frå 1. mai blei pandemien i Bergen administrativt handtert av ei mellombels prosjektgruppe underlagt byrådsleiar Roger Valhammer. Også her var medisinsk fagsjef Hansen med.

Smittevernoverlege Koller Løland var rekna opp blant dei «andre ressursar som tiltrer etter behov».

Men i september, då smitta har blussa opp att særleg på grunn av studentfestar, var det den generelle kommunale kriseleiinga som tok over og handterte situasjonen.

I starten av november vart «KKL – Korona» igjen mobilisert, og den mykje omtala regelen om maksimalt fem personar i private samanhengar vart innført. Framleis var smittevernoverlegen ikkje med i kriseleiinga.

Karina Koller Løland

IKKJE MED: Smittevernoverlege Karina Koller Løland var rekna opp blant dei «andre ressursar som tiltrer etter behov», også då smitta blussa opp i starten av september.

Foto: Marit Hommedal / NTB

BT: – Ho var mot 5-personarsregel

Koller Løland vil ikkje svara på om ho er fagleg samd eller usamd i dei koronatiltaka som Bergen kommune har og har hatt.

– Eg er opptatt av at eg får lov til å gi dei faglege råda uhilda til dei som skal ta avgjerdene, slik at dei har det beste grunnlaget. Eg vil ikkje ha ei formeining om tiltaka utover det.

Men måndag skriv BT at Koller Løland sa opp 6. november, same dag som byrådet vedtok strenge smittevernreglar, inkludert fempersonarsregelen.

Byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) har fleire gonger uttalt at byrådet innførte denne regelen på bakgrunn av lokale smittevernråd. Men BT har fått innsyn i e-postar der Koller Løland argumenterte for at det er nok med ei grense på ti personar, eventuelt fem personar i tillegg til den faste hushaldninga.

Hansen meiner at smittereglane ikkje ville vore annleis i dag dersom smittevernoverlegen hadde vore med i kriseleiinga.

– Nei, det trur eg ikkje. Dei smittevernfaglege vurderingane er blant dei viktigaste premissane, men ikkje dei einaste. Så det blir ein balansegang mellom godt smittevern og å ta i vare andre viktige omsyn.

Nina Holmefjord

KRITISK: Trebarnsmor Nina Marie Holmefjord meinte forbodet mot fleire enn fem i private heimar ramma skeivt.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

– Slitsamt

Koller Løland avviser overfor BT at ho sa opp jobben som ein direkte konsekvens av at byrådet innførte fempersonersregelen mot hennar faglege tilråding.

Men ho er tydeleg på at ho ikkje har vore involvert slik ho burde.

– Eg trur ikkje det er mogleg å vera smittevernoverlege i ein pandemi i ein kommune, og ikkje sitta på nivå 1. Det har vore veldig slitsamt å ikkje sitta der eg skal sitta. Då brukar ein mykje krefter og energi på å tileigna seg og å gi den informasjonen ein treng.

Hansen meiner at kommunevernoverlegens plassering i organisasjonen ikkje er «optimal», og at dei no vil sjå nærmare på organiseringa.

– Det er for lang avstand til byrådsavdelingen, og mykje av de oppgåvene kommuneoverlegane utfører, høyrer heime på et anna nivå enn de er plassert, seier han.

NRK opplyser: Journalisten ikkje er i slekt med eller kjenner smittevernoverlegen.
NRK rettar: I den første versjonen av denne saka skreiv vi at smittevernoverlegen vart tatt ut same dag som ho byrja. Det er no endra til "samstundes". Koller Løland byrja i jobben 9.mars. 16. mars vart KKL endra.