Hopp til innhold

Tok med seg «villgeit» frå Sogn til Bergen

Det har vore stort engasjementet for «villgeitene» i Sogn. I minst eit tilfelle har ein geitekilling blitt frakta frå Sogn til ein hage i Bergen.

Villgeiter på Kvist

GEIT: Minst éin av geitene på Kvist har blitt frakta til Bergen. Mattilsynet bestemte tidlegare i år at flokken skulle avlivast.

Foto: Odd Arild Løseth

I mars i år bestemte Mattilsynet at den mykje omtalte geiteflokken på Kvist i Sogn må avlivast.

Geiteflokken har gått utan tilsyn i 70–80 år og vore eit kjent innslag i området. Nedslaktinga av geitene er grunngjeve med innavl og dårleg dyrevelferd.

Avgjerda har likevel ført til eit kraftig engasjement for å berge geitene.

Dyrebeskyttelsen i Sogn og Fjordane stadfestar no at i minst eit tilfelle har ein geitekilling blitt teke ut av sitt naturlege miljø i Sogn, og så frakta til Bergen.

Det var ei kvinne som sjølv kontakta Dyrebeskyttelsen i mai i år, der ho var usikker på korleis ho skulle handtere geitekillingen – som på det tidspunktet var litt over to månader.

Bakgrunnen for at familien tok med kjeet var at det var «nyfødd, nedkjølt og skada» – og at resten av flokken var langt unna.

Geit

Geitene har vore på Kvist i 70–80 år.

Foto: Odd Arild Løseth

Dermed frakta familien geitekillingen i overkant 200 kilometer frå Kvist i Balestrand til ein hage i Bergen, der kvinna har passa på den utover våren.

I henvendelsen til Dyrebeskyttelsen gir ho uttrykk for at ho er usikker på korleis ho skal ta vare på geitekillingen vidare.

«Hun er nå litt over to månader, og jeg vet at det haster med å «skaffe henne en flokk» – hun er geit, ikke menneske... og trenger å komme seg vekk fra vår vesle hage.»

Ho skriv også at ho har vore i kontakt med Mattilsynet, der det har blitt vurdert om geitekillingen får leve eller ikkje.

Kvinna skriv at ho no har fått klarsignal om at kjeet får leve, men at det ikkje skal ha kontakt med anna småfe resten av livet, sidan ho kjem frå ein flokk som ikkje er testa for sjukdommar.

Villgeiter på Kvist

Villgeiter på Kvist.

Foto: Odd Arild Løseth

– I dette tilfellet var dyret skada

Avdelingsleiar Gro Eliassen i Mattilsynet stadfester at dei har fått informasjon om éit kje som blei flytta frå Sogn til Bergen.

Det er i utgangspunktet strenge reglar for å flytte geiter for å ikkje spreie fleire frykta, smittsame geitesjukdommar, men ifølge Eliassen skal dette kjeet ha vore skada.

Då har privatpersonar plikt til å hjelpe.

– I dette tilfellet var dyret skada, og dei gjorde rett i å ta hand om dyret.

Dyret vart også teke med til ein dyrlege.

For å unngå spreiing av smittsame sjukdommar har Mattilsynet sett nokre vilkår for korleis kjeet – som har ukjent helsestatus – skal haldast.

Kjeet skal gå saman med nokre kje på ei lita øy. Vi veit ikkje kva for sjukdommar kjeet kan ha med seg og det er viktig at det ikkje får kome i kontakt med friske geiteflokkar, seier Eliassen.

På øya er det nemleg andre kje med ukjent helsestatus.

Gro Eliassen, Mattilsynet

Gro Eliassen er avdelingsleiar i Mattilsynet.

Foto: Ole Kristian Svalheim / NRK

Også Birger Olav Sørebø som eig geitene, har blitt informert om byturen til ei i flokken.

– Generelt skal det ikkje førekome at geiter eller kje vert fjerna frå flokken. I dette tilfellet er det usikkert om kjeet hadde overlevd om dei ikkje hadde oppdaga det og teke det med til veterinær, skriv han i ei tekstmelding.

Åtvarar mot frakting

Anne Johanne Bjordal ved Dyrebeskyttelsen i Sogn og Fjordane bur i området der villgeitene held til.

Ho stadfestar at ho hadde meldingskontakt med kvinna over ein viss periode.

Bjordal har forståing for engasjementet, men reagerer på at dyr har blitt frakta ut av sitt naturlege miljø og seier det i vinter var ein betydeleg pågang av folk som byrja å leite etter geitene og skulle hjelpe dei.

– Dette er dyr som er ville. Dei er ikkje vande med menneske, seier ho.

Anne Johanne Bjordal

Anne Johanne Bjordal ved Dyrebeskyttelsen i Sogn og Fjordane.

Foto: Privat

Sjølv om ein geitekilling står aleine, har han mest truleg ein flokk rundt seg.

– Mor er i nærleiken, men vi ser det ikkje. Sjølv om vi ser ein killing som ligg aleine, så betyr det ikkje at han er forlaten.

Mattilsynet fekk tidlegare i år klage på vedtaket om avliving av geitene i Sogn frå ulike dyrevernorganisasjonar. Desse klagene er framleis under handsaming.