Hopp til innhold

Staten vil skyte villgeitene i Sogn

Staten har vedteke å ta livet av villgeitene i Sogn. Nedslaktinga av geitene er grunngitt med deira eigen velferd.

Geit

DYREVELFERD: Villgeitene i Sogn har vore på sjølvstyr i 80 år. No vil staten drepe dei – av omsyn til dyrevelferda.

Foto: Odd Arild Løseth

I den lette bjørkeskogen mellom Høyanger og Balestrand, klemt mellom fjella og Sognefjorden, har ein flokk geiter gått på sjølvstyr i snart hundre år.

Ifylgje Sogn Avis er skapingshistoria litt uklar. Somme vil ha det til at geitene «kasta av seg lenkene» på 30-talet; andre meiner dei vart verande i fjellet då stølsdrifta vart avvikla etter krigen.

Uansett har villgeitene vorte eit kjent og kjært syn for reisande langs fylkesveg 55.

Men i fjor kom inspektørar frå Mattilsynet og Statsforvaltaren på synfaring.

Dei konkluderte med at geitene må avlivast.

«Mattilsynet ser ingen andre løysingar», skriv dei i rapporten sin.

Forklaringa er at det ikkje er nok geiter til å halde oppe tilstrekkeleg avlsmateriale, og at innavl er forklaringa på at talet på villgeitene kan vere på retur.

Grunneigar Birger Olav Sørebø har gitt geitene tørrhøy og felt tre for å gi dyra tilgang på mat om vinteren, elles har dyra klart seg på eiga hand. – Det er klart at det er vemodig at det går mot slutten, seier han til Sogn Avis.

– Desse dyra skal vere tamme

På det meste skal det ha dreidd seg om rundt 140 villgeiter, med utgangspunkt i den opphavleg «utbrytarrepublikken» på 10 geiter.

Då Mattilsynet var på synfaring, talte dei 49 dyr.

– Ifølgje våre opplysningar har dei aldri vorte tilført nytt avlsmateriale, seier Gro Eliassen, som er avdelingsleiar i Mattilsynet.

Inspektørane gjer sjølv eit poeng av at dyra såg friske ut og hadde god pels, og at dei ikkje fann teikn til sjukdomar (dei tok ti avføringsprøvar).

Mattilsynet held likevel fast ved at evolusjonen jobbar sakte, og at det er uheldig at dyra ikkje er i hus i samband med kjeinga om vinteren.

– Desse dyra er eigentleg husdyr og skal vere tamme. Sjølv om dei tilsynelatande kan oppføre seg som hjort, så er dei ikkje tilpassa å leve slik dei gjer no, seier Eliassen.

Villgeiter på Kvist

I den lette bjørkeskogen mellom Høyanger og Balestrand, klemt mellom fjella og Sognefjorden, har ein flokk geiter gått på sjølvstyr i snart hundre år.

Foto: Odd Arild Løseth

Dette gjer meg trist og forbanna

Blant folk i Sogn har avgjerda om å avlive geitene skapt sinne og sorg.

I sosiale medium gjer fleire eit poeng av paradokset om at nedslaktinga av geitene er grunngjeve med deira eigen velferd.

Ka i helvete?!? Dette gjer meg trist og forbanna, skriv hotelleigar, musikar og Balestrand-kjendis Theodor Kvikne på Facebook.

Kommunelege og samfunnsmedisinar Hans Johan Breidablik tek hardare i:

Når ein kjem med slike «endelege løysingar» frå fagbyråkratar si side, bør kanskje våre politikarar krevje ein breiare debatt omkring tiltaket? spør han.

– Lat no desse dyra få vere i fred. Kva er det som feilar folk? spør John Kåre Larsen (Frp), som tidlegare var varaordførar i Solund.

Beate Gren og Anne Johanne Bjordal

Beate Gren og Anne Johanne Bjordal i Dyrebeskyttelsen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Dyrebeskyttelsen klager på vedtaket

Onsdag varsla Dyrebeskyttelsen at dei vil sende ein formell klage på vedtaket til Mattilsynet.

– Det er heilt hårreisande. Eg er så skaka at eg veit liksom ikkje kva eg skal seie, seier Beate Gren i Dyrebeskyttelsen.

– Det er heilt unødvendig å avlive desse dyra. Dei lever eit godt liv, seier kollega Anne Johanne Bjordal.

Dyrebeskyttelsen argumenterer med at geiteflokken på Kvist består av «sunne, friske og robuste dyr», som gjennom fleire generasjonar viser alle teikn på å tilpasse seg miljøet.

Les også Bilder fra innsiden avslører: Her er griseindustriens løftebrudd

Griseindustrien

I tillegg til å klage på vedtaket, vurderer Dyrebeskyttelsen å melde Mattilsynet til politiet.

– Dei har mange saker på bordet, som er både større og viktigare enn dette, seier Gren.

Villgeiter på Kvist

– Det er heilt hårreisande. Eg er så skaka at eg veit liksom ikkje kva eg skal seie, seier Beate Gren i Dyrebeskyttelsen.

Foto: Odd Arild Løseth