– Det viktigaste for oss er dyrevelferda til geitene, seier Gro Eliassen, avdelingsleiar i Mattilsynet.
Ho fortel at dei no ser på saka på nytt, og at geitene likevel kan få leve dersom nokon kan ta skikkeleg vare på dei.
– Dette er spesielt viktig i samband med fødslar eller dersom dyra er sjuke eller skadde, seier Eliassen.
Men det er ei stor utfordring ved det heile: Geitene er ikkje tame, noko som gjer det svært vanskeleg å kome nær dei.
– Eigaren må kunne samle dei og gje dei den hjelpa dei treng. Slik at ikkje kjea blir tekne av kongeørn eller frys i hel i februar, seier ho.
DYREVELFERD: Avdelingsleiar i Mattilsynet, Gro Eliassen, seier dyrevelferda til geitene vil avgjere om dei får leve vidare.
Foto: Ole Kristian Svalheim / NRKGeiteflokken som beitar i dei bratte bakkane mellom Høyanger og Balestrand har vore eit kjært syn for mange gjennom 80 år.
Dei anar fint lite om alt rabalderet dei har skapt den siste veka. Sidan Mattilsynet gjekk ut med at dei ville avlive flokken, har det hagla inn med reaksjonar frå politikarar, dyrevernsgrupper og folk frå heile landet.
Det var Ytre Sogn som først omtalte saka.
Glad eigar
Eigaren av geitene, Birger Olav Sørebø, er glad for at Mattilsynet vil vurdere saka på nytt.
– Dette er positivt. Fleire har teke kontakt og sagt at dei vil hjelpe til med å føre tilsyn med geitene. Dei vil fôre dei i terrenget og enkelte vil ta dei inn i fjøsane sine, seier han.
Sørebø fortel at han har ført tilsyn med geitene og gjeve dei tilleggsfôr kvar veke på vinteren. Men dette har ikkje vore godt nok for Mattilsynet.
FORNØGD: Eigaren av geitene, Birger Olav Sørebø, er glad for at Mattilsynet vil vurdere på nytt om geitene likevel kan få leve vidare.
Foto: Sondre Dalaker / NRKPå det meste var flokken oppe i 100 dyr. No er den om lag halvert.
Under ein inspeksjon i fjor meinte Mattilsynet at dyra såg friske ut, men dei frykta at manglande tilsyn og innavl gjer til at dyra kan lide.
Eigaren av dyra fekk beskjed om at dyra må vere skotne innan 15. mai 2024.
Ein av dei som har engasjert seg sterkt i saka er Helge Fossheim Andersen, som oppretta ei støttegruppe for geitene på Facebook.
Så langt er 12.100 medlemmer med.
Har samla inn 4700 underskrifter
Men no kan det altså vere håp for dei firbeinte skapningane på Kvist i Sogn.
– Dette var ei veldig god nyheit. Eg har trua på at dyra får leve. Eg kan ikkje tenkje meg at sunne, friske dyr som har greidd seg sjølv i 80 år skal avlivast, seier Fossheim Andersen.
– Men veit du og alle dei andre som engasjerer seg for geitene nok om saka til å vite kva som er best for dei?
– Mattilsynet seier at dyra ser friske ut, og du vil jo sjå synlege teikn på dyra om dei er sjuke, seier Fossheim Andersen.
Ein underskriftskampanje for geiteflokken har så langt sanka inn 4700 underskrifter.
I staden for å avlive dyra, bør dei heller overvakast i tida framover, meiner Snorre Stuen, professor ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet.
– Då kan ein avdekkje tap, sjukdom og andre ting, seier han. Stuen viser til at forvilla tamgeiter tidlegare har overlevd fleire plassar i landet.
FINE: Villgeitene i Sogn er veldig fine og det har skapt eit enormt engasjement at Mattilsynet har signalisert av dei vil slakte ned flokken.
Foto: Odd Arild LøsethLandbruksministeren må svare
Stortingsrepresentant Olve Grotle (H) engasjerer seg i saka og sist fredag bad han om svar frå landbruksminister Sandra Borch (Sp) om ho støttar at villgeitene blir avliva. Så langt har det ikkje kome noko svar frå ministeren.
Villgeitene i Sogn har vore ute i hardt vêr også før. I 2005 meinte Mattilsynet at flokken burde slaktast ned frå 100 til 30 dyr.
Den gong snudde dei. Eit viktig argument kom frå Genressursutvalet, som har ansvar for å ta vare på og forvalte utryddingstruga husdyrslag.
Genressursutvalet peikte på at geitene hadde utvikla unike eigenskapar som ein nasjonal ressurs.
Nina Svartedal, som er fagleiar i Norsk genressurssenter, meiner saka er kinkig.
På den eine sida blir geitene rekna som husdyr og skal ha ein eigar. Samstundes peiker Svartedal på at flokken er «kjempeinteressant»
– Vi har ingen andre stammer av mjølkegeiter som har same historikk. Vi skulle gjerne sett at flokken blir bevart, seier ho.
VILLE DYR: Villgeitene som beitar i dei bratte bakkane mellom Høyanger og Balestrand har vore eit kjært syn for mange gjennom 80 år.
Foto: Odd Arild Løseth