Hopp til innhold

Dei dødsdømde «villgeitene» frå Sogn blir sak i Stortinget

Det kokar av engasjement for «villgeitene» i Sogn. Samtidig aukar protestane mot Mattilsynet som meiner flokken må skytast. No blir striden tema i Stortinget.

Villgeiter på Kvist

VILL ELLER TAM? Eit godt eller vanskeleg liv? Meiningane er mange og sterke om kor vidt geiteflokken i Sogn bør avlivast eller ikkje.

Foto: Odd Arild Løseth

Olve Grotle frå Høgre varslar at han vil be landbruksminister Sandra Borch (Sp) svare i Stortinget om kva ho meiner bør skje med geiteflokken som Mattilsynet meiner må avlivast.

– Eg har dei siste dagane blitt kontakta av ei rekke personar som har reagert på at Mattilsynet vil skyte geiteflokken i Høyanger. Mange er opprørte, og då er dette noko eg kan gjere, seier han.

Helge Andre Njåstad (Frp) seier han allereie har sendt skrifleg spørsmål til landbruksministeren.

– No har statsråden sjanse å sette skapet på plass og berge geitene, skriv han til Borch.

Geiteflokken har gått utan tilsyn i 70–80 år og vore eit kjent innslag i området. Nedslaktinga av geitene er grunngjeve med innavl og dårleg dyrevelferd.

Nyheita om at staten har vedteke å livet av villgeitene i Sogn har vekt eit enormt folkeleg engasjement.

Ei nyoppretta støttegruppe for geitene på Facebook, har fått over 3900 medlemmer på under eit døgn.

– Då eg las om saka blei eg opprørt, sint, sjokkert og lei meg og lurte på kva eg kunne gjere for geitene, seier Helge Fossheim Andersen, mannen bak støttegruppa.

Han er overvelda over engasjementet.

– Responsen viser at det er mange dyrevener i Noreg og i nærområdet. Det er mange som bryr seg både om dyrevelferd og om geitene.

Villgeiter på Kvist

Unge Høgre er blant dei som no kjempar for framtida til geiteflokken på Kvist i Høyanger.

Foto: Odd Arild Løseth

Meiner Mattilsynet prioriterer feil

Etter at avgjerda til Mattilsynet vart kjend har også politikarar engasjert seg.

Sogn Avis skriv til dømes at styret i lokallaget til Unge Høgre har halde krisemøte om saka.

– Spørsmålet er om det verkeleg er nødvendig å avlive flokken, eller om det finst andre måtar å hjelpe på dei velferdsmessige utfordringane Mattilsynet har peika på, seier Grotle.

Han får følge av Alfred Bjørlo i Venstre.

– Dette er misforstått dyrevern. Desse geitene må få leve. Dette ordnar naturen opp i. Avgjerda til Mattilsynet er uforståeleg, meiner han.

Ifølge Bjørlo har Mattilsynet «viktigare ting å gjere» enn å avlive denne flokken.

– Mattilsynet manglar ressursar til å følge opp grove, alvorlege brot på dyrevernlova blant både husdyr og kjæledyr. Då er det veldig vanskeleg å sjå at dette er rett måte å prioritere knappe ressursar.

Tamme i tusen år til

Avdelingsleiar Gro Eliassen i Mattilsynet seier til NRK at ho tykkjer det bra at folk engasjerer seg og er opptekne av dyrevelferd.

Ho viser til at mattilsynet jobbar med ulike typar saker, og at dyrevelferd er hovudoppgåva til Mattilsynet og også bakgrunnen for vedtaket dei har gjort.

– Det er viktig at folk kjenner til heile bildet og ser heilskapen før dei gjer seg opp ei meining.

Ho utdjupar med at Mattilsynet er opptekne av dyrevelferda for alle kjea i flokken. Vidare viser ho til at det at flokken har minka kraftig er eit teikn på manglande dyrevelferd.

– For 15 år sidan var flokken på kring 100 dyr. I dag er han rundt 50. I løpet av desse 15 åra skulle det vore fødd kring 10 kje i året. Det betyr at det er kring 150 – 200 dyr ein ikkje veit kva som har skjedd med.

Villgeiter på Kvist

Lagnaden til små og store «ville tamgeiter» i Sogn vekker engasjement.

Foto: Odd Arild Løseth

Eliassen seier ein ikkje veit om dyra er tatt av rovdyr eller har døydd av sjukdom eller matmangel.

– Dette handlar også om dyrevelferd for dyra som ikkje har klart seg.

Eliassen samanliknar flokken med hjort for å visa at geitene framleis er «tamme» dyr. Ein tydeleg skilnad er når dei får avkom.

På same måte som tamme geiter og sauer, får geiteflokken kje om vinteren. Hjorten får derimot kalv seinare på året.

Dermed blir kjea fødde i ei årstid med snø og kulde, medan kalvane både har meir varme og betre tilgang på mat.

– Det viser at geitene ikkje har tilpassa seg livet i det fri, seier Eliassen, og viser til at det vil ta fleire hundre, kanskje tusen år før tamme dyr er «ville» igjen.

– Fritt og flott å leve ute

Argumentet overtyder ikkje ordførar Arnstein Menes i Sogndal.

– Dette er eit relativt snøfattig område, så eg har opplevd at dei har klart seg godt, meiner han.

Menes vil ikkje spekulere i kva som har skjedd med dyra som Mattilsynet seier må ha blitt fødde, men som no ikkje er med i flokken.

– Eg ser ikkje kva som er problemet med desse geitene. Dei har vore del av lokalsamfunnet i alle år. Dei kan godt få leve vidare. Det må jo vere fritt og flott å få leve ute på den måten dei gjer. Og det ser ut som dei har det bra.

Andersen i støttegruppa meiner det er gode moglegheiter til å bruka geitene som turistmagnetar.

– Her bør kommunen koma på bana for å tilfredsstilla Mattilsynet sine krav, seier han, og viser mellom anna til at nokre av krava frå Mattilsynet kan løysast enkelt, til dømes ved å gi geitene moglegheit for tak over hovudet.

– Det skal ikkje mykje til for å bygge eit skur der dei kan gå inn når vêret er som verst.

Sogndal-ordførar Menes er ikkje avvisande til at kommunen kan ta ansvar.

– Området dei går i har no blitt ein del av Høyanger kommune, så vi to kommunar får ha ein dialog med Mattilsynet om kva som er mogleg å få til, seier han.

Les også Staten vil skyte villgeitene i Sogn

Geit

Geit

– Eg er sikker på at dei geitene der er dei lukkelegaste geitene som finst i Noreg, seier Helge Fossheim Andersen, mannen bak støttegruppa på Facebook.

Foto: ODD ARILD LØSETH