Hopp til innhold

Slik får du gode samtaler med personar som har demens

Mange kan synest det er vanskeleg å vite korleis ein skal snakke og oppføre seg. Her er nokre enkle tips og råd.

Lise fra Demenskoret

EINSAM: Før Lise Enstad blei med i NRK-serien «Demenskoret» følte ho seg ofte aleine. Å vere med i koret har gitt ho mange gode stunder der ho føler seg mindre einsam.

Foto: JULIA MARIE NAGLESTAD / NRK

Å vere sosial og å ha gode stunder med andre er ekstra viktig for personar med demens.

Det meiner Mina Gerhardsen. Ho er generalsekretær i pasientorganisasjonen Nasjonalforeininga for folkehelsa.

– Gleda sit igjen i kroppen sjølv om ein ikkje hugsar akkurat kva som skjedde. Det har vore ein god dag, og det tar ein med seg.

Mange som får demens blir meir einsame etter å ha fått sjukdommen.

Det har Lise Enstad (78) kjent på.

Kormedlemmer i Demenskoret Lise og Marianne under en øvelse.

SOSIALT: Lise og Marianne har blitt gode venner gjennom «Demenskoret».

Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK

Etter at ho fekk alzheimer og flytta til tilpassa bustad, kjente ho meir og meir på følelsen av å vere aleine.

Mangelen på aktivitetstilbod der ho bur, samt at ho opplevde at venner slutta å komme på besøk, gjorde henne meir einsam.

I haust blei Lise med i «Demenskoret». Det er ho glad for.

– Å vere med i koret har gitt så mykje glede desse månadene, seier dottera Gry Enstad Øygarden.

– Ja, det har det, bekreftar Lise Enstad.

Lise (t.v.) er korist i Demenskoret, mens datteren Gry er med på øvelsene.

MOR OG DOTTER: Gry er ofte med Lise på korøving med «Demenskoret».

Foto: Joakim Kaasen Thoresen / Nordisk Banijay/NRK

Vanskeleg å snakke saman

Ein av grunnane til at mange blir einsame, er at personen sjølv mister initiativ på grunn av sjukdommen, ifølge Gerhardsen.

I tillegg kan den sjuke ofte oppleve at personar rundt trekker seg bort.

Mina Gerhardsen, generalsekretær i Nasjonalforeningen for folkehelsen

VANSKELEG SITUASJON: Mina Gerhardsen trur at mange rundt sluttar å ta kontakt fordi situasjonen og sjukdommen er vanskeleg.

Foto: André Bendixen / NRK

– Mange er redde for det å snakke saman. «Kva skal eg snakke om?», seier Gerhardsen.

Her er hennar tips:

Ikkje still for mange spørsmål

«Kva har du gjort i dag?»

«Hugsar du då vi var der?»

Slike spørsmål kan fort bli vanskelege om personen ikkje hugsar svaret eller veit kva ein skal svare.

– Eit av dei viktigaste råda er å ikkje stille spørsmål. Det kan fort skape ein nederlagssituasjon, seier Gerhardsen.

I staden for kan du prøve å la praten gå utan så mange spørsmål.

Det er mye moro under korøvelsene. Lise, Ellen og Knut Lage er tre av medlemmene som gleder seg over sang og samhold i Demenskoret.

LATTER: Gode stunder er ekstra viktig for personar med demens.

Foto: Else Thorbjørnsen / Nordisk Banijay/NRK

Fortel og bekreft

Snakk om vanlege ting. Gjer det enkelt med korte setningar og eitt tema om gongen.

I staden for å stille spørsmål, prøv å fortelje og bekrefte.

«Du er så glad i å svømme».

«Du er så glad i musikk, kanskje vi skal sette på litt musikk saman».

Kroppskontakt og eit smil

Av og til når orda ikkje når fram, er det godt å kommunisere på andre måtar.

Ein klem. Ei hand på skuldra. Eit godt smil.

Nærkontakt kan bety mykje.

Programleder Ingrid og korist i Demenskoret Halldis er klare for konsert på Chat Noir.

KONTAKT: Eit godt smil og blikkontakt smittar ofte.

Foto: Julia Marie Naglestad / Nordisk Banijay/NRK

Gjer noko saman

Det å ha nokre gode opplevingar saman kan vere fint når den vanlege samtalen ikkje er så lett.

Finn fram fotoalbumet. Ta med ei bok. Sjå i kunstbøker saman. Skru på favorittsongen.

«Vi tar den songen du pleidde å synge for meg da eg var liten».

– Mange hugsar songar lenger enn dei hugsar ord, seier Gerhardsen.

Demenskoret på øvelse sammen med dirigent og korleder Kim Wigaard.

KORSONG GIR GLEDE: Forskarar målte humøret til kormedlemmene i «Demenskoret» før og etter øving. Resultata var tydelege: Korøvingane gir betre humør.

Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK

Sei kven du er

Dersom personen ikkje kjenner deg igjen, fortel kven du er.

Om personen framleis ikkje kjenner deg igjen, er det viktig å hugse på at det er ein del av sjukdommen.

– Ofte er det mykje merksemd på det å bli hugsa. Mange trur at det er ein indikator på relasjonen, men det er det ikkje, seier Gerhardsen.

Når ein har demens blir ulike delar av hjernen angripne. Plutseleg er eit minne om deg angripe, forklarar ho.

– Då må ein prøve å vere eit hyggeleg medmenneske, og gjerne fortelje om det gode forholdet de hadde.

Oddumd har eit stort smil rundt munnen før konserten med Demenskoret.

GOD DAG: Sjølv om personar med demens ikkje nødvendigvis hugsar akkurat kva som har skjedd, så tar dei med seg kjensla av at det har vore ein god dag.

Foto: Nordisk Banijay / NRK

Avlastar dei pårørande

Det er viktig å hugse på at eit besøk kan bety mykje for livskvaliteten til den sjuke.

I tillegg meiner Gerhardsen at det kan ha minst like stor betydning for dei næraste pårørande.

– Det er godt å vite at i dag skjer det noko hyggeleg, og at personen blir tatt vare på av gode menneske.

– Då kan dei pårørande ta pause med godt samvit, og det har også stor verdi, seier Gerhardsen.

«Demenskoret» kan du sjå i NRK TV.