Hopp til innhold

Tiltalt reiar etter «Tide Carrier»-havariet: – Hadde aldri plan om å senda skipet til skraping

SUNNHORDLAND TINGRETT (NRK): Georg Eide fekk hjerneslag i perioden brotsverka han står tiltalt for, skjedde. Han hevdar han ikkje kom seg på beina igjen før etter at «Tide Carrier» havarerte i 2017. Aktor meiner han instruerte underordna i perioden han var sjuk.

Lasteskipet «Tide Carrier» i trøbbel på Jæren

FARE FOR OLJESØL: Etterforskinga avdekte at lasteskipet «Tide Carrier» var på veg til ulovleg opphogging i Pakistan då det fekk motorstans utanfor kysten av Klepp 22. februar 2017.

Foto: Anders Fehn / NRK

– Eg har ingenting å skjula. Det er berre til å bli ferdig med dette, seier Georg Eide til NRK, på spørsmål om korleis det er å forklara seg i retten.

Reiaren frå Høylandsbygd i Kvinnherad er tiltalt for brot på forureiningslova og avfallsforskifta. Bakgrunnen er havariet av lasteskipet «Tide Carrier» 22. februar 2017.

Ifølgje tiltalen var han mellommann i arbeidet med å få skipet klart til å reisa frå Høylandsbygd til ulovleg opphogging i Pakistan.

Eide nektar straffskuld, og avviser alle punkt han er tiltalt for.

Ramma av hjerneslag

Georg Eide i Eide Marine Services

HJERNESLAG: Nyttårsaftan 2016 fekk tiltalte Georg Eide hjerneslag. – Eg var ikkje i stand til å gjera det som står i tiltalen, forklarte han i retten.

Foto: Odin Jæger / Bergens Tidende

Tidsrommet i tiltalen er slutten av desember 2016 til avreisedagen 20. februar 2017.

Eide hevdar i forklaringa si at han var sett ut av spel i denne perioden. Han fekk hjerneslag nyttårsaftan 2016, og seier han ikkje kunne eta, snakka eller gå.

– Eg måtte ha hjelp til alt, forklarte han.

I starten av januar starta han rehabilitering. Han seier han var sjukmeldt til mars, men vedgår at han deltok på eit møte med det nye eigarselskapet, Wirana shipping, 7. februar.

– Brukte over 200 millionar kroner på skipet

Han gjentok fleire gonger at han aldri har villa eller hatt planar om å senda skipet til skraping etter at han kjøpte det i 2007. Han vedgår samstundes at det var ulike meiningar om dette i selskapet.

Han viste til at han totalt investerte over 200 millionar kroner på skipet dei ti åra det låg i opplag i Høylandsbygd. Skipet kom aldri i drift. Aktor meiner dette styrkar påstanden om at Eide visste at skipet skulle skrapast då han selte det i 2015.

I retten fredag forklarte han korleis han hadde tenkt å bygga om skipet til andre føremål. Skipet var ubrukeleg slik det var, men Eide var i kontakt med fleire selskap for å få finna nye bruksområde til det etter ombygging.

– Det er difor heilt ulogisk at eg hadde tenkt å skrapa det, sa Eide i retten.

Han listar opp fleire forklaringar på kvifor det aldri blei noko av prosjekta. Finanskrisa utløyste store økonomiske problem for Eide-gruppa. Tide Carrier måtte til slutt seljast i 2015.

Amper stemning i retten

Kjøpar var selskapet Wirana shipping, som i fjor vedtok og betalte ei bot på sju millionar kroner etter havariet av Tide Carrier .

Aktoratet brukte tid på å konfrontera tiltalte med kva han visste om dette selskapet. Det blei vist til at selskapet er blant dei leiiande i verda på å kjøpa skip og selja dei vidare til skraping.

Konstituert statsadvokat i Økokrim, Maria Bache Dahl.

AKTOR: Konstituert statsadvokat Maria Bache Dahl meiner å kunna bevisa at tiltalte visste at «Tide Carrier» skullle skrapast.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Eide sa han ikkje var kjent med dette.

– Det eg fekk vita, var at skipet skulle til Dubai, og så til oppdrag i Afrika, forklarte han.

Han blei fleire gonger irritert då aktor konfronterte han med epostar der skraping blir nemnd, og han meiner det er umuleg for han å gå inn i detaljar rundt dette.

– Eg har 300.000 epostar i innboksen, og av dei er 200.000 uopna, sa Eide.

Forklaringa til tiltalte held fram tysdag. Han risikerer inntil to år i fengsel viss han blir dømt.