Hopp til innhold

Georg Eide dømd til seks månader i fengsel

Reiaren frå Kvinnherad er dømd til fengsel for brot på forureiningslova og avfallsforskrifta. Retten meiner han medverka til forsøket på å smugla lasteskipet «Tide Carrier» ut av landet.

Lasteskipet «Tide Carrier» i trøbbel på Jæren

FEKK MOTORSTANS: Lasteskipet «Tide Carrier» fekk motorstans utanfor Jærstrendene 22. februar 2017. Skipet var truleg på veg til Pakistan for ulovleg opphogging.

Foto: Anders Fehn / NRK

Retten meiner det er bevist at skipet var på veg til Pakistan for ulovleg opphogging, og at Eide i det minste visste at det var mest sannsynleg at det skulle dit.

«Tide Carrier» kom likevel ikkje langt. 22. februar 2017 fekk det motorstans utanfor Jærstrendene. Det førte til ein omfattande redningsaksjon og etterforsking.

Eide nekta straffskuld på alle punkt då rettssaka gjekk i Sunnhordland tingrett i midten av oktober.

Han hadde seld «Tide Carrier» til selskapet Wirana Shipping to år før. Det låg likevel i opplag ved verftet hans fram til avreisedagen.

Han er no dømd for å ha bidrege med å setja det i stand og klargjera det for den ulovlege reisa.

Wirana vedtok og betalte ei bot på sju millionar kroner i fjor.

Må betala to millionar kroner

Selskapet Eide Marine Eiendom AS er også dømt til inndraging av to millionar kroner. Økokrim bad opprinneleg om tilbakebetaling av tre millionar kroner. Dei meiner det var summen selskapet og eigar Georg Eide hadde tent på å skrapa skipet ulovleg.

I tillegg må Eide betala saksomkostnader på 10.000 kroner.

Strafferamma for tiltalen var fengsel i inntil to år.

Sannsynleg at dommen blir anka

Påtaleansvarleg og konstituert statsadvokat Maria Bache Dahl er nøgd med dommen, men seier dei ikkje har teke stilling til om det er aktuelt å anka straffeutmålinga.

Konstituert statsadvokat i Økokrim, Maria Bache Dahl.

NØGD MED DOMMEN: Konstituert statsadvokat Maria Bache Dahl meiner dommen gir gode signal.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

– Skraping av utrangerte skip eit stort internasjonalt miljøproblem. Som ein stor sjøfartsnasjon er det viktig at norske styresmakter bidreg til å kjempa mot dette, seier Dahl.

I dommen er det lagt vekt på å gi tydelege signal om behovet for å verna miljøet. Retten meiner ein må slå ned på miljøkriminalitet knytt til å senda avfall ulovleg ut av landet.

Forsvararen til Georg Eide, Arild Dyngeland, seier han er heilt ueinig i både grunngjeving og dom. Han bad om full frifinning for klienten sin.

– Det er sannsynleg at dommen blir anka, men den avgjerda er ikkje teken enno. No skal eg lesa dommen grundig først, seier han.