Hopp til innhold

Utsett to gonger – no startar historisk rettssak etter «Tide Carrier»-havariet

SUNNHORDLAND TINGRETT (NRK): Økokrim meiner Georg Eide medverka til forsøket på å frakta lasteskipet til Pakistan for ulovleg opphogging. Han nektar straffskuld.

Lasteskipet «Tide Carrier» var på veg frå Høylandsbygd i Kvinnherad då det fekk motorstans og var nær å grunnstøyte like utanfor Jærstrendene i Klepp 22. februar 2017.

I fleire timar hadde skipet problem i dei høge bølgjene. Det var rundt 20 personar om bord. Fleire måtte hentast ut med helikopter.

På tankane i skipet var det 1.500 kubikkmeter oljehaldige væsker. Det blei også funne blant anna asbest og elektrisk avfall.

Historisk

«Tide Carrier»-havariet får no sitt etterspel i rettssalen. Torsdag byrja saka mot den tidlegare eigaren av skipet, Georg Eide, i Sunnhordland tingrett.

Dette er historias første rettssak mot ein norsk skipsreiar i samband med forsøk på ulovleg opphogging av skip.

Eide er tiltalt for brot på forureiningslova og avfallsforskrifta.

– Dette er ei alvorleg sak. Risikoen for miljøskadar var veldig stor, og det er grunnen til at det er ulovleg å handtera gamle skip på denne måten, seier konstituert statsadvokat i Økokrim, Maria Bache Dahl.

Då ho leste opp tiltalen i retten torsdag, svarte Georg Eide at han ikkje erkjenner straffskuld.

Foto: 330-skvadronen

DRAMATISKE BILETE: Redningsmannskapa jobba under tøffe forhold då personell skulle evakuerast frå det havarerte skipet. Foto: 330-skvadronen

Tolv personar skal vitne

Etterforskinga avdekte at skipet truleg skulle til ei strand i Pakistan for ulovleg opphogging. Såkalla «stranding» eller «beaching» er utbreidd i Pakistan, India og Bangladesh.

Konsekvensane er store for miljøet og helsa til dei som demonterer skipa. Strafferamma er fengsel i inntil to år.

Aktor har varsla tolv vitne i saka, og seier det kjem til å bli lagt fram ei rekkje dokument.

– Me meiner å kunna bevisa at tiltalte er skuldig, seier Dahl.

Konstituert statsadvokat i Økokrim, Maria Bache Dahl.

AKTOR: Konstituert statsadvokat i Økokrim, Maria Bache Dahl, i Sunnhordland tingrett torsdag.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Meiner Eide var mellommann

Eide selde «Tide Carrier» i 2015, altså to år før havariet. Då hadde skipet lege over ti år i opplag i Høylandsbygd i Kvinnherad.

Sjølv om Eide ikkje eigde skipet, meiner Økokrim at han var med på å gjera det klart for avreise til Pakistan. Ifølgje tiltalen var Eide mellommann overfor lokale leverandørar til skipet, og han bidrog med taubåt til sjøprøven to dagar før havariet.

Retten skal også ta stilling til eit krav på 3 millionar kroner mot selskapet Eide Marine Eiendom AS, som er eigd av Georg Eide.

Økokrim meiner selskapet tente minst denne summen på å selja båten til hogging i Pakistan, i staden for lovleg opphogging.

Tide Carrier ved Jærstrenden

MOTORSTOGG: Lasteskipet Tide Carrier i kjempetrøbbel ved Jærstrendene.

Foto: KYSTVERKET

Utsett to gonger

Det er sett av to dagar til forklaringa til Georg Eide.

Forsvarar Arild Dyngeland ville ikkje uttala seg om tiltale eller skuldspørsmål før rettssaka er i gang.

Rettssaka skulle eigentleg ha starta i april, men blei utsett på grunn av koronapandemien. Etter planen skulle den starta 12. oktober i Sunnhordland tingrett.

Forsvarar Arild Dyngeland under Tide Carrier-forliset

FORSVARAR: Arild Dyngeland i Sunnhordland tingrett torsdag.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Dyngeland prøvde å utsetja saka igjen fordi klienten hans er i risikogruppa for å bli alvorleg sjuk av koronaviruset.

– Dette handlar om helsa til klienten min, og han opplever det som krevjande og vanskeleg, seier Arild Dyngeland.

Borgarting lagmannsrett handsama spørsmålet, men torsdag førre veke forkasta dei anken frå tiltalte.

Då svara Dyngeland med å anka avgjerda til Høgsterett, og saka vart difor utsett med tre dagar. Tysdag denne veka avviste også Høgsterett anken.

Georg Eide i Eide Marine Services

TILTALT: Reiar Georg Eide i Eide Marine Services.

Foto: Odin Jæger / Bergens Tidende

Er hogga opp

Rettsforhandlingane vert halde i eit konferanselokale på Stord Hotell, og tingretten meiner det tilfredsstiller smittevernkrava.

«Tide Carrier» skifta namn til «Harrier» kort til etter grunnstøytinga.

I fleire månader låg lasteskipet til kai i Tysvær i Rogaland. Etter det blei det liggande i Farsund i over eitt år. I 2018 blei det frakta til eit verft i Tyrkia for lovleg opphogging. Først i år starta opphogginga.

For eitt år sidan vedtok og betalte eigarselskapet Wirana Shipping ei bot på 7 millionar kroner for den ulovlege ferda frå Høylandsbygd i Kvinnherad.

NRK rettar: I den første versjonen av artikkelen skreiv vi at skipet grunnstøytte. Oppdatert til at det var grunnstøyting. Vi har også endra frå forlis til havari.

SEILAS: Slik var seilasen som enda med redningsaksjon utanfor Jærstrendene.