Rettssaka mot reiar Georg Eide i Sunnhordland tingrett nærmar seg slutten. Tysdag heldt konstituert statsadvokat i Økokrim, Maria Bache Dahl, sin prosedyre i retten.
Der bad ho om ni månader i fengsel for den tiltalte reiaren frå Høylandsbygd i Kvinnherad.
Påtalamakta ber også retten om å inndra tre millionar kroner frå selskapet hans, Eide Marine Eiendom AS. I tillegg meiner ho Eide skal betala saksomkostnader.
– Eide hadde kunnskap om at skipet skulle skrapast i Søraust-Asia, nærmare bestemt India eller Pakistan. Han kan difor dømmast for medverknad, sa aktor Dahl i sin prosedyre.
Georg Eide er tiltalt for brot på forureiningslova og avfallsforskrifta. Bakgrunnen er havariet av lasteskipet «Tide Carrier».
Skipet fekk motorstogg og var nær ved å grunnstøyte ved Jærstrendene 22. februar 2017.
- Bakgrunn:
AKTOR: Konstituert statsadvokat Maria Bache Dahl i Økokrim.
Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRKSkjerpa strafferamma
Då «Tide Carrier» la ut frå Høylandsbygd i februar 2017, hadde Eide seld det til Julia Shipping, eit dotterselskap til Singapore-registrerte Wirana.
Dei har betalt ei bot på 7 millionar kroner for å ulovleg å ha forsøkt å få skipet til skraping på ei strand i Pakistan.
Såkalla «stranding» eller «beaching» er utbreidd i Pakistan, India og Bangladesh. Konsekvensane er store for miljøet og helsa til dei som demonterer skipa.
Påtalemakta meiner Eide var mellommann i arbeidet med å få skipet klart til å reisa frå Høylandsbygd til ulovleg opphogging i Pakistan.
Sjølv nektar Eide straffskuld og avviser alle punkt han er tiltalt for.
Strafferamma er fengsel i inntil to år. Styresmaktene meiner det må slåast hardt ned på «grensekryssande avfallstransport», argumenterte påtalemakta i prosedyren.
– Det var akkurat slike saker som dette lovgivar hadde i tankane då strafferamma vart skjerpa. Per i dag finst det ikkje ei direkte samanliknbar sak, sa politiadvokat Magnus Engh Juel under prosedyren.
MOTORSTOPP: «Tide Carrier» fekk motorhavari ved Jærstrendene i Rogaland, 22. februar 2017.
Foto: KYSTVERKET«We will do our outmost»
Økokrim har lagt fram e-postkorrespondansar, forsikringsbevis, interne notat og kontraktar i retten.
I starten av si prosedyre sa konstituert statsadvokat Maria Bache Dahl at det er Wirana som er «hovudgjerningspersonen» i saka.
Ho meiner det gjennom fleire dokument er bevist at skraping av skipet var planen til selskapet heile tida, om ikkje Eide kjøpte det tilbake.
– Dei er ein av verdas største skraphandlarar. Fleire vitne har fortald at det er allmenn kjent at Wirana er store på skraping i Søraust-Asia, sa Dahl.
Aktor meiner det ikkje står til truande at reiaren ikkje visste kva planar Wirana hadde for skipet.
Ho påpeikar også at Eide har endra forklaring. I politiavhøyr har han sagt at han ikkje visste at skraping var ein av hovudgeskjeftane til Wirana. I retten har han sagt at han visste.
I prosedyren peika aktor på ein e-post frå november 2016, som ho meiner er sentral og sette i gong prosessen med å sende skipet til skraping.
I e-posten skriv Georg Eide til Wirana at han ikkje kjem til å bruke opsjonen om å kjøpa tilbake skipet. I e-posten heldt han fram med å peike på at skrapprisane hadde auka i det siste.
– «We will do our outmost for helping you prepare the vessel for the voyage», siterte aktor Dahl frå e-posten.
- Les også:
Fekk hjerneslag
Påtalemakta må bevisa at Eide var mellommann med viten og vilje.
I si forklaring i Sunnhordland tingrett, forklarte reiaren at han fekk hjerneslag nyttårsaftan 2016 og at han var sjukmeldt fram til mars 2017.
– Eg kunne ikkje eta, snakka eller gå. Eg måtte ha hjelp til alt, sa Eide til retten.
Aktor meiner likevel at reiaren tok avgjerder og fortalde tilsette i Eide-gruppa kva dei skulle gjere før skipet la frå kai i Høylandsbygd.
Vidare prosedyrar onsdag
Det er venta at reiaren sin forsvarar, Arild Dyngeland, held sin prosedyre på rettens siste dag onsdag.
– Det er heilt vesentleg om det han har gjort i det heile tatt kan forbindast med straff, berre fordi ein annan part har hatt ein hensikt, sa Dyngeland på rettens første dag.
Til info: Journalisten følgde prosedyrane i rettssaka via ein direktestream frå Sunnhordland tingrett. Til tider var det dårleg og uklar lyd på overføringa.
KART: Skipet reiste frå Høylandsbygd i Kvinnherad før det fekk problem ved Jærstrendene.