John Olav Lefdal frå Nordfjordeid sladrar ikkje om gjestane sine. Det er nettopp difor dei kjem til han når dei vil oppleve den norske naturen frå ein luksusbåt.
– Vi er diskre og gjer som vi får beskjed om. Det er difor dei vel å ta turen med oss, meiner han.
Lefdal tek med seg verdskjende stjerner på båttur på fjordane. Nokre gongar går artistane sjølv ut og publiserer bilde frå båtturane.
– Då brukar vi det for alt det er verdt. Men luksus for dei er å ha privatliv og få fred og ro til å oppleve den fantastiske naturen her, fortel båteigaren.
Tidlegare har mellom anna songstjerner som Justin Bieber og Adele posta innlegg om båtturane på sosiale medier.
Samarbeider med Petter Stordalen
Båten hans ligg til kai i Nordfjordeid. Det er ein 40 meter lang yacht. Då den blei bygt i 1961 var det den raskaste yachten i verda. Lefdal har alltid vore oppteke av båtar og dette er ein Riva Italia. Han meiner båten er ein av dei flottaste i verda.
– Det er ingen båtar som er dyrare enn Riva-båtane. Dei er også kåra til verdas beste og berre 22 forhandlarar i heile verda har lov til å selje dei. Eg er ein av dei.
Når dei store kjendisane sjekkar inn på Petter Stordalen sitt hotell «the Thief» på Tjuvholmen i Oslo, blir dei tipsa om tilbodet til Lefdal. Avstanden mellom Oslo og Nordfjordeid er ikkje lang for dei som har råd til å leige seg helikopter.
Store beløp
Det kostar 10 000 kronar i timen for å leige båten som tek 100 passasjerar. På ein fem timars tur brukar gjerne gjestane over 100 000 kronar i baren og 40 000 på mat, fortel han.
Men store pengesummar er ikkje alt. Det har til tider vore svært hektisk, innrømmer Lefdal.
– Det har ikkje kome gratis og nokon gonger har det gått på helsa laus.
I sommar tek han seg ein velfortent ferie. Han har leigd inn eit agentur som skal køyre båtane for han, og sjølv skal han ha to månadar sommarferie.
– Då skal eg reise land og strand rundt. Eg kjem også til å bruke mange timar på sjøen.
No står Malakoff artistane for tur
Kven som blir dei neste gjestane hans, vil han ikkje seie. Men no er det klart for Malakoff på Nordfjordeid med artistar som Karpe Diem, Biffy Claro og Åge Aleksandersen. Det kan vere ein av dei.