Hopp til innhold

Krav om liggjande gravstøtter skaper trøbbel

Riksantikvaren krev liggjande og «naturlege» gravstøtter ved to av kyrkjene i Sogn. Etterlatne klagar over at støttene blir borte under snøen.

Riksantikvaren krever liggjande og «naturlege» gravstøtter ved to kyrkjer i Sogn. Etterlatne klagar over at støttene blir borte under snøen.

VALFRIDOM: – Eg skulle ynskje dei pårørande fekk litt større valfridom når det gjeld val av gravminne, seier kyrkjeverja i Sogndal, Jorunn Merete Haukås-Eide.

Foto: Sondre Dalaker

Langs turistvegen mot Lærdal ligg Borgund stavkyrkje med svalgangar, drakehovud og sju takflater over kvarandre.

Kyrkja er kan hende den best bevarte av dei norske stavkyrkjene, og det legg føringar.

Mellom anna for korleis gravstøttene skal sjå ut.

Også ved Kaupanger stavkyrkje, ein times biltur unna, er reglene for gravstøtter strenge.

Kravet frå Riksantikvaren er at dei må vere liggjande («maksimum 25 centimeter»), upolerte og «mest mogleg naturtru».

«Fastmonterte lykter» og pyntegjenstandar er også fy-fy.

Borgund stavkyrkje

AUTOMATISK FREDA: I mellomalderen vart det reist nærmare 2000 kyrkjer i Noreg. 200 av dei finst enno. Alle er automatisk freda i tråd med kulturminneloven.

Foto: Oddmund Haugen

Skal gje eit meir dempa inntrykk

Kravet er ikkje historisk motivert; det har aldri vore tradisjon for liggjande gravstøtter i Noreg. Dei eldste støttene rundt dei to kyrkjene er difor ståande.

I staden er kravet estetisk motivert. Låge gravminne gjev eit meir «dempa inntrykk» og forstyrrar mindre enn «stresskoffertane», som moderne gravstøtter har blitt samanlikna med.

På Kaupanger kom kravet då Sogndal kyrkjelege fellesråd ville utvide kyrkjegarden. Det fekk dei etter nokre rundar ja til – på strenge vilkår.

– Målet er å skape ein kyrkjegard som er i tråd med eit naturleg småskala kulturlandskap, seier Harald Ibenholt i Kulturminneavdelinga hos Riksantikvaren.

Han legg til:

– Vi trur at dette kan bli ein kyrkjegard med ein eigenart som folk vil sette pris på.

– Vinter og snø gjer utfordringar

Men kravet vekker også motstand.

Gravferdsforskrifta nøyer seg med å seie at gravsteinen skal vere «sømmeleg» – så kven er staten til å diktere om han skal vere polert eller ikkje?

Og kva når snøen kjem? Korleis skal dei pårørande kunne tenne lys ved gravene om støttene er borte i snøen?

– Vinter og snø kan gje utfordringar når gravminna er låge, seier Åse Skrøvset, fagsjef for gravplass hos Statsforvalteren i Vestfold og Telemark.

1. januar tok Statsforvalteren i Vestfold og Telemark over ansvaret for gravplassane i heile landet.

Skrøvset legg til:

– Vi har forståing for at etterlatne kan ønske seg ståande gravminne. Her veg likevel kulturminneverdiane så tungt at det ikkje er opna opp for det.

Ho kjenner ikkje til andre tilfelle enn Kaupanger og Borgund stavkyrkje kor krava er like strenge.

KAUPANGER: Strengare krav frå styresmaktene og det kulturelle imperativet om å uttrykkje sin individualitet – sjølv i døden – gjer det krevjande for pårørande å navigere, seier kyrkjeverje Jorunn Merete Haukås-Eide.

KAUPANGER: Strengare krav frå styresmaktene og det kulturelle imperativet om å uttrykkje sin individualitet – sjølv i døden – gjer det krevjande for pårørande å navigere, seier kyrkjeverje Jorunn Merete Haukås-Eide.

Foto: Oddmund Haugen

Kunne ynskje dei pårørande fekk større valfridom

– Eg forstår Riksantikvaren og deira ynskje om at det ikkje skal bli ein stor dominerande gravplass ved ei lita stavkyrkje, seier kyrkjeverja i Sogndal, Jorunn Merete Haukås-Eide.

Men legg til:

– Eg skulle likevel ynskje dei pårørande fekk litt større valfridom. Det er trass alt ein gravplass, og folk har store personlege kjensler for graver til sine næraste.

Til grunn for motsetnadene ligg eit prinsipielt spørsmål om kva ein kyrkjegard djupast sett skal vere.

Skal han vere heilskapleg og gjennomført – eller brokete og variert som folk flest?

I nyare tid har elektriske gravlykter skapt protestar mot «tivolistemning» på kyrkjegarden.

I 2015 vekte det merksemd då pårørande på Stord vart nekta å pryde ein gravstein med logoen til motorsykkelklubben som den avdøde var medlem i.

– Det tenker vi ikkje er sømmeleg, sa leiar i Bjørgvin bispedømmeråd, Inger Helene Thingvold Nordeide til NRK.

Knud Baade: Borgund stavkirke i Lærdal (1833)

BORGUND: I 2015 vekte det merksemd då pårørande til eit avdødt MC-medlem på Stord vart nekta å pryde gravsteinen med logoen til ein motorsykkelklubb. Måleri frå 1833.

Illustrasjon: Knud Baade

Krevjande for pårørande å navigere

Kombinasjonen av strengare krav frå styresmaktene og eit sterkare imperativ om å uttrykkje sin individualitet – sjølv i døden – gjer det krevjande for pårørande å navigere.

Det seier Alf Bergin, redaktør i fagbladet Gravplassen:

– Vi er ei tid der veldig mykje blir individualisert slik at folk får heilt nye idear. Vi ser også at folk reiser og blir påverka i utlandet, seier han.

Kyrkjeverje Jorunn Merete Haukås-Eide seier gravplassar «fyrst og fremst er til for dei pårørande». Og så var det dette med snøen:

– Støttene kan vere vanskelege å finne når det er snø, og skrifta på steinane blir fortare dårleg på grunn av regnvatn og anna som tærer på skrifta.

LES OGSÅ: Munken finn ikkje kameraten si grav

«Landskap ved Kaupanger med stavkirke» fremstilt av I.C. Dahl i 1847. Dahl brukte Vang stavkirke som modell i dette bildet.

KAUPANGER: – Vi har forståing for at etterlatne kan ønske seg ståande gravminne. Her veg likevel kulturminneverdiane så tungt at det ikkje er opna opp for det, seier Åse Skrøvset, fagsjef for gravplass hos Statsforvalteren i Vestfold og Telemark. Måleri frå 1847.

Illustrasjon: I.C. Dahl