Marmoren er synleg som kvite årer i fjellveggen i Mosterhamn på Bømlo i Sunnhordland.
Regionen var kalksentrum på Vestlandet i fleire hundre år frå mellomalderen.
Men midt på 1900-talet sa det stopp.
Kalkindustrien var død.
Men no skrik mellomalderkyrkjer i stein etter denne råvara.
Løysinga kan ligga midt i eit marmorbrot i Mosterhamn.
Nyleg blei ein tru kopi av ein omn frå mellomalder testa her. Den første av sitt slag på Vestlandet i nyare tid.
Ein liknande omn blei sett opp på Helgøya i Ringsaker i fjor, men elles er kalk laga på denne måten ei mangelvare.
– Me treng slik kalk til å restaurera kyrkjene med. Utvalet i dag er for dårleg til å få gode resultat, seier geoarkeolog Per Storemyr.
Han jobbar i konsulentselskapet Fabrica, og har vore med på å bygga kalkomnen på Moster. Målet er at kalken skal brukast til restaurering av kyrkjer på heile Vestlandet.
Vedlikehaldsetterslep på rundt 1,5 milliardar
Dei 158 mellomalderkyrkjene i stein i Noreg blei bygde med tradisjonskalk for fleire hundre år sidan. I nyare tid har oppussing med blant anna ulike sementblandingar gitt skadar på fleire.
– Feil bruk av materiale er ei av hovudårsakene til fuktproblem i kyrkjene i dag, seier spesialrådgivar Hanne Moltubakk Kampton i KA, Arbeidsgivarorganisasjon for kyrkjelege verksemder.
Dei siste fem åra har den generelle tilstanden til kyrkjene blitt dårlegare, viser ein tilstandsrapport KA kom med i fjor. Heile 45 prosent av kyrkjene melder om mindre bra eller dårleg tilstand på ytterveggane.
– Multiconsult har anslått vedlikehaldsetterslepet på mellomalderkyrkjene i stein til 1,4 - 1,6 milliardar kroner basert på kyrkjekontrollen og tilstandsanalysar. Summen omfattar ikkje behov knytte til interiør og inventar, eller brannsikring.
Moster-kalken allereie i bruk
Eit steinkast frå kalkomnen i Mosterhamn, ligg Moster gamle kyrkje. Ei av dei eldste kyrkjene i landet, bygd for rundt 900 år sidan av kalk.
Og trass i at ho ligg midt i marmoråra i vest, er også den blitt pussa opp av andre materiale enn tradisjonskalk. For rundt 15 år sidan fekk den eine veggen ny fasade.
– Dette er eit fransk produkt. Det er jo litt spesielt. Her sit me midt i marmor-land. og så tek ein inn eit fransk produkt til å bruka på kyrkja, seier Per Stormyr.
Om to år er det riksjubileum på Moster, for å markera at det er 1000 år sidan kristenretten blei innført i Noreg. Innan dess skal kyrkja restaurerast, blant anna med lokalprodusert kalk.
Men kalken frå Moster er allereie teken i bruk andre stader.
Lover milliardar til kyrkjene
– Det er kjempeviktig at me klarer å ta vare på desse kyrkjene, som betyr så mykje for mange, meiner trus- og livssynsminister Kjersti Toppe (Sp).
Denne veka var ho på Moster.
Stortinget og regjeringa har slått fast at alle mellomalderkyrkjene skal vera i god stand til tusenårsmarkeringa for slaget på Stiklestad i 2030.
Det skal brukast fleire milliardar kroner til vedlikehald av kyrkjer i åra som kjem, og Riksantikvaren er i gang med eit bevaringsprogram.
– Det er ei stor utfordring på mange måtar. Vedlikehaldsetterslepet er stort. Det er også ei utfordring å få fagfolk og kompetanse til å gjera dette restaureringsarbeidet. Det er ein unik kompetanse som trengst, påpeikar Toppe.
– Målet er at me kan produsera god kalk til mellomalderkyrkjer på heile Vestlandet, seier dagleg leiar Nina Meldahl Olsen i Moster amfi og kyrkjehistoriske senter.