Hopp til innhold

Ropstad snur – 900 år gammal kyrkje får ja

Barne- og familiedepartementet snur og vil no behandle alle gamle steinkyrkjer likt, uavhengig av eigarskap. – Klokt av Ropstad å snu, seier stortingspolitikarar.

Fortidsminneforeningen søkte om tilskot til å restaurere Moster gamle kyrkje til tusenårsjubileet. Så snudde departementet og sa at det berre gjeld for Den norske kyrkja.

FRÅ NEI TIL JA: Fortidsminneforeningen fekk nei då dei søkte om tilskot til å restaurere Moster gamle kyrkje (biletet) til tusenårsjubileet for innføringa av kristenretten. Tidlegare i veka kom kontrabeskjeden.

Foto: Abstrakt Media

Måndag skrev NRK at Moster gamle kyrkje ikkje får støtte via tilskotsordninga for «bevaring av kulturhistorisk viktige kyrkjebygg», som Stortinget vedtok i 2020.

Bakgrunnen var ein instruks til Riksantikvaren datert 3. juni der Barne- og familiedepartementet presiserte at «sektorprinsippet» gjorde at berre kyrkjer tilhøyrande Den norske kyrkja skulle vere med i ordninga.

Konsekvensen var at museumskyrkjer som Moster gamle kyrkje, Utstein Kloster og Gamle Veøy kyrkje fall utanfor ordninga.

Ekskluderinga skapte sterke reaksjonar, og same dag tok trus- og livssynsminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) kontakt med NRK og forsikra at Moster gamle kyrkje ville få pengar.

– I revidert nasjonalbudsjett har vi fått gjennomslag for ytterlegare 7 millionar kroner. Delar av desse midlane skal gå til istandsetting av Moster gamle kyrkje i tråd med det dei søkte om, sa Ropstad.

Gamle Veøy kirke

IKKJE AVSLAG LIKEVEL: Gamle Veøy kyrkje skal få handsama søknaden sin på ny, melder Barne- og familiedepartementet.

Foto: Johnny Bratseth / Romsdalsmuseet

– Alle betyr alle. Ikkje «nesten alle»

No melder departementet at også Utstein Kloster og Gamle Veøy kyrkje skal få handsama søknadane sine på ny. Dei to var blant åtte kyrkjer som fekk avslag på søknadane sine tidlegare i sommar.

– For å sikre likebehandling når vi nå opnar for å gi tilskot til Moster gamle kyrkje, har vi valt å opne for at Riksantikvaren kan behandle søknadene for alle dei åtte kyrkjene på vanleg måte, skriv Sunniva Christophersen Haugen ved Barne- og familiedepartementet til NRK.

I avisa Vårt Land har statsråden beklaga prosessen, eller iallfall kommuniseringa av han:

– Det var uheldig at vi ikkje kunne sagt med ein gong at også dei andre kyrkjene kunne få støtte.

– Det einaste riktige

– Klokt av Ropstad å snu. Det viser at det nyttar å reagere, seier Helge André Njåstad (Frp).

Tidlegare i veka utfordra han statsråden i eit skriftleg spørsmål.

– Dette er det einaste riktige, seier stortingsrepresentant Åslaug Sem-Jacobsen (Sp), som var med å vedta ordninga.

– Når vi seier at vi vil sette i stand mellomalderkyrkjene våre innan 2030, så betyr det sjølvsagt alle. Ikkje «nesten alle».

– Regjeringa har openbert rota med søknadsbehandlinga, seier Eigil Knutsen (Ap) i Finanskomiteen.

Kjell Ingolf Ropstad utenfor Lillesand kirke

VALT Å OPNE: – For å sikre likebehandling har vi valt å opne for at Riksantikvaren kan behandle søknadene for alle dei åtte kyrkjene på vanleg måte, skriv Barne- og familiedepartementet til NRK.

Foto: Espen Bierud / NRK

– Viser behov for å avklare status og ansvar

Biskop i Bjørgvin, Halvor Nordhaug, kalla juni-instruksen frå departementet for «formalistisk, ugrunna og vilkårleg».

No gler han seg over den siste omdreiinga i saka:

– Desse kyrkjene er verdifulle kulturminne, og det mest naturlege er å følge prinsippet om likebehandling av alle gamle steinkyrkjer uavhengig av eigarskap og bruk i dag. Det har departementet no gjort, og det er positivt.

Øystein Dahle er direktør i KA, som er arbeidsgivarorganisasjonen for kyrkjelege verksemder.

– Denne saka viser at det er behov for å avklare tydelegare status og ansvar for desse kyrkjene. Dei er ikkje berre viktige kulturminne, men har vore handsama som kyrkjer i Den norske kyrkje. Den nye trussamfunnsloven aktualiserer ein skikkeleg gjennomgang på dette feltet, seier han.

Kristin Bakken er administrerande direktør ved Norsk institutt for kulturminneforsking.

– Dette er godt nytt for den kyrkjelege kulturarven. No er det viktig at departementet kartlegg kva for andre kyrkjer utover dei åtte som har sendt søknad, som dette potensielt vil gjelde for.

Utstein kloster

IKKJE AVSLAG LIKEVEL: Utstein Kloster skal få handsama søknaden sin på ny, melder Barne- og familiedepartementet.

Foto: Sigbjørnsen / Stavanger museum

Må skilje mellom kulturminnevern og tilskot til trussamfunn

I Rogaland seier avdelingsdirektør for bygg og samlingsforvaltning hos Stavanger museum, Britta Goldberg, at dei no håper dei kan restaurere tårnet på Utstein Kloster.

Ho tek atterhald om at ho ikkje har høyrt direkte frå departementet.

– Generelt er det uheldig at det blir laga tilskotsordningar som har kulturminnevern som formål og samtidig favoriserer kristne aktørar. Vi meiner at det er viktig at dei skil mellom kulturminnevern og tilskot til trussamfunn.

Hans-Olav Solli peikar på det same. Han er museumsdirektør ved Romsdalsmuseet, som forvaltar Gamle Veøy kyrkje på vegner av Molde kommune.

– Det er fint at dei ser på saka på nytt. På overordna nivå er det viktig at staten har det opphavlege formålet med ordninga for auge, slik at steinkyrkjene frå mellomalderen vert handsama som dei svært viktige kulturminna dei er.

Halvor Nordhaug vart biskop i Bjørgvin i 2009. Han leier det største bispedømet i landet og er også biskop for dei norske kyrkjene i utlandet.

GLAD: – Det mest naturlege er å følge prinsippet om likebehandling av alle gamle steinkyrkjer uavhengig av eigarskap, seier biskop i Bjørgvin, Halvor Nordhaug.

Foto: Den norske kirke