Hopp til innhold

Tar løna frå varaordføraren – løyver 400.000 til seg sjølv

Den nye samarbeidskoalisjonen i Kinn kommune strupa løna til varaordførar og gav pengane til eigne utvalsleiarar. Ekspert åtvarar mot A- og B-lag i lokalpolitikken.

Jacob Nødseth

LEIAR: Jacob Nødseth (V) er ein av arkitektane bak avtalen.

Foto: Privat

Reaksjonane har vore kraftige etter at varaordførar i Kinn kommune, Sidsel Kongsvik (Sp) fekk redusert løna si med 580.000 kroner til 50.000 kroner midt i perioden.

No er det klart korleis pengane blir fordelt. Fire utvalde politikarar frå Ap, Høgre og Venstre delar på 900.000 kroner.

For i tillegg til 530.000 kroner frå løna til Kongsvik, flyttar den nye samarbeidskoalisjonen ytterlegare 370.000 kroner frå budsjettet for å løne sine eigne politikarar.

Slik fordeler dei pengane

Gruppeleiar for Venstre, Jacob Nødseth, seier lønsnivået har blitt til etter lange drøftingar mellom partia.

Sjølv vil han få 400.000 kroner for å vere leiar i hovudutval for plan, miljø og næring.

Til no har løna vore vel 50.000 kroner.

– Det er klart det blir ei profesjonalisering av det politiske arbeidet. Det som blir viktig er å underbygge det gode arbeidet som ordføraren gjer, seier Nødseth.

Ordførar Ola Teigen seier at det handlar om å sikre kommunen ei tydeleg politisk retning.

– Løna handlar om å nå dei politiske ambisjonane, og kommunen sine ambisjonar, seier han.

Fryktar lagdeling av lokalpolitikken

– Ei gruppe som er kjøpt fri og jobbar mykje saman får veldig mykje å seie, medan dei som står på utsida av dette mistar påverknad, seier Jan Erik Klausen, fyrsteamanuensis ved institutt for statsvitskap ved Universitetet i Oslo.

Han åtvarar mot eit «eit a-lag og eit b-lag av folkevalde, der politikken kan opplevast som lite meiningsfull for dei på utsida».

Kinn kommune er ei samanslåing mellom tidlegare Flora og Vågsøy kommunar, og har 17.200 innbyggarar.

– Dei fleste kommunar har tradisjonelt berre løna ordføraren, og kanskje ikkje det eingong. Det er interessant om omfanget aukar, men det veit vi førebels lite om, seier Klausen.

Kinn Kommune

DELT KOMMUNE: Kinn kommune er kjent for å vere delt i to med Bremanger i midten.

– Lokalpolitikk blir ein karriereveg

– Ein kan risikere at lokalpolitikk blir ein karriereveg, og at det blir skapt ei langvarig jobbtilknyting, seier Sigrid Stokstad, som er forskar ved Oslo Met.

Ho presiserer at løn til dei folkevalde også kan styrke det folkevalde vervet.

– Det er jo slik at varaordføraren er valt i fire år. Rolla til vedkomande er mykje opp til kommunen sjølv. Men skal ein varaordførar kunne gå inn i det ordføraren driv med på kort varsel, høyrest det rart ut med eit så lite omfattande frikjøp som 5 prosent.

Asbjørn Røiseland, professor i statsvitskap ved Oslo Met, seier Kinn kommune langt på veg innfører ein slags «skinnparlamentarisme».

– Dei fleste kommunar styrast etter formannskapsmodellen, her går lokalpolitikarane over til eit system der fleirtalet tar alt. Det er meininga i formannskapsmodellen at alle lokalpolitikarar skal bidra, slik sett bryt det med filosofien om korleis eit kommunestyre skal fungere, seier han.

– Kan gje uheldige utslag

Dag Henrik Sandbakken, fagdirektør i KS, noterer seg stadig fleire kommunar «med islett av parlamentarisme», og seier dette kan gje «uheldige utslag om samarbeidet sprekker».

Ola Teigen og Sidsel Kongsvik

SAMARBEID: Ola Teigen og Sidsel Kongsvik under eit kommunestyremøte.

Foto: Svanhild Breidalen / FJT

Tendensen til parlamentarisering gjeld særleg i nye samanslåtte kommunar – med «gjennomføringsevne» som argument, forklarer han.

– Nye Molde kommune er eit godt døme. Også der opererer dei no med ein fleirtalskoalisjon, som ikkje er nødvendig innanfor den tradisjonelle formannskapslova.

Parlamentarisme versus formannskapsmodellen var tema under forhandlingane i Trøndelag i 2019.

Varaordførar Sidsel Kongsvik (Sp) er sjukmeldt og vil vente med å kommentere saka.