Mellom 2010 og 2020 vart det i snitt lagt ned 50 skular i året, eller éin i veka.
Dei nedlagde skulane hadde i snitt 43 elevar det siste året dei var i drift. Det viser tal frå Utdanningsdirektoratet.
I eit større perspektiv er det teikn til at færre skular vert lagt ned, seier Irene Hilleren, som er avdelingsdirektør i Utdanningsdirektoratet.
– Talet har bremsa litt opp dei siste åra, seier ho.
Milliardpakke mot skuledød
I tilleggsbudsjettet sette Støre-regjeringa av ein «milliardpakke mot skuledød».
Ein pott på 1,2 milliardar kroner som skal stimulere til ein «desentralisert skulestruktur» og «redde» mindre grendeskular og nærskular frå nedlegging.
– Det skal løne seg for kommunane å ta vare på dei eksisterande skulane for ungane. Vi har sterk tru på at eit ekstratilskot vil bidra til dette, sa finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) då han presenterte tilskotet.
I sommar møtte han pressa i skulegarden på den nedleggingstrua Breidablikk skule, som han sjølv gjekk på som ung gut.
I ein tiårsperiode framover vil tilskotet utgjere 5 millionar kroner for kvar enkelt skule.
Thomas Nordahl er professor i pedagogikk ved Høgskulen i Innlandet. Han seier til NRK at det å halde liv i små skular «kan virke mot si hensikt om fokuset er på barn og unge sine rettar til opplæring».
– Kommunane skulle heller vore oppmuntra til å lage ein skulestruktur som er i samsvar med folketalsutviklinga, og ikkje fått økonomiske middel for å halde oppe ein skulestruktur som var bygd ut for eit heilt anna elevgrunnlag, seier han.






LES OGSÅ: «Når skular blir lagt ned, betyr det ikkje at bygda dør. Då er den allereie død.»
– Dei små skolane er ikkje like attraktive
Rita Helgesen er leiar i Lektorlaget. I likskap med Nordahl viser ho til spenninga mellom levande lokalsamfunn og pedagogiske omsyn.
– Små skular kan i mindre grad tilby elevane kvalifiserte faglærarar samanlikna med kva elevar på store skular får mogelegheit til. Forskjellane vil auke dersom vi tviheld på at alle små skular framleis skal bestå, seier ho.
Skuleforskar Rune Kvalsund seier motstanden mot små skular byggjar på «alderisme» og «tenking i gamle spor».
– Små skular gjer at elevane knyter relasjonar til både eldre og yngre. Dei som framhevar sosial fattigdom for småskulane heng fast i førestillinga om at skulen skal vere strengt klassedelt etter alder.
Det er dette prinsippet med aldersreine klassar som Kvalsund kallar «alderisme».
Han får støtte frå Karl Jan Solstad, seniorforskar ved Nordlandsforskning.
– Gjennom samarbeid på tvers av alder og kjøn får elevane i aldersblanda klassar både nokon å strekke seg etter og ta medansvar for, seier han.
MOT SKULEDØD: I tilleggsbudsjettet sette Støre-regjeringa av «ein milliardpakke mot skuledød». – Det skal lønne seg for kommunane å vareta dei eksisterande skolane, seier Trygve Slagsvold Vedum (Sp)
Foto: Javad Parsa / NTBLa ned nærskular då han var ordførar
Før 1986 hadde staten det økonomiske driftsansvaret for grunnskulen. Kommunane fekk då øyremerkte midlar som dekte utgiftene til alle skulane.
I dag får kommunane rammetilskot frå staten og må prioritere sjølve.
Landslaget for nærmiljøskulen (LUFS) er kritisk til denne inntektsmodellen og meiner staten med det har fråskrive seg ansvaret for grunnskulen.
Kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram (Sp) var sjølv med på å leggje ned nærskular då han var ordførar i Steinkjer.
Han seier til NRK at ikkje alle nedleggingar skjer mot lokalbefolkninga si vilje, men legg til:
– Vi veit at nærskulen er ein viktig del av lokalsamfunnet. Tilskotet på 500.000 kroner per grunnskule gir kommunane insentiv til å fortsette å satse på ein desentralisert skulestruktur.