Hopp til innhold

Sym og padlar over fem mil på åtte dagar

FLORØ (NRK): I den varmaste veka så langt denne sommaren er to kameratar i ferd med å legge bak seg 55 kilometer i Førdefjorden.

Åge Avedal og Øystein

OPTMISTAR: Åge Avedal (fremst) og Øystein Erland har møtt både bølgjer og sterk straumsjø, men så langt har karane takla utfordringane.

Foto: Åge Avedal

I åtte dagar skal Øystein Erland og Åge Avedal høvesvis symje og padle Førdefjorden på langs. Turen starta i Florø sist onsdag.

Har sumt over 28 kilometer

Då NRK snakkar med Erland laurdag føremiddag er karane på veg til Vevring for å starte den fjerde etappen på turen, frå Vevring til Hellenes i Naustdal. Dei tre første dagane har Erland sumt 28,2 kilometer og i totalt 11,5 timar.

– Største utfordringa har hittil vore bølgjer og straumsjø. Forma er blitt betre for kvar dag. Eg er sliten når eg går i land om kvelden, men neste dag går det fint å starte igjen. Eg har ei snill kone som er flink å massere meg, seier Erland

Planen er å avslutte turen i 11-tida onsdag ved å gå i land på rådhusplassen i Førde. Og han er ikkje i tvil om at turen skal lukkast.

– Eg er optimist. Dei neste dagsetappane er mykje kortare og alle er på under sju kilometer, seier symjaren.

Ole Arthur Hegrenes i kajakken og Øystein Erland i sjøen.

BESØK: Ole Arthur Hegrenes slo følgje med Øystein Erland fredag. Erland seier at om andre ønskjer å slå følgje på turen er dei hjarteleg velkomne. Planen er å kome i mål ved rådhuset i Førde i 11-tida onsdag.

Foto: Åge Avedal

– Har tenkt på dette ei stund

Om kvifor han har valt å bruke tid på å symje Førdefjorden sa han dette til NRK før turen starta.

– Eg har hatt tanken mange gongar, og synest det er ei god utfordring, seier Erland.

Totalt er turen dei to er ute på litt over fem mil lang.

– Det høyrest langt ut, men vi delar det opp i åtte etappar. Dei første etappane blir dei lengste, og så ser vi korleis kroppen kjennest etter det. Det er heilt greitt at dei siste etappane ikkje er så lange, berre litt over seks kilometer.

– Ikkje for nybyrjarar

I tillegg til symjebriller og neoprendrakt er Erland utstyrt med ei flytebøye på turen. Den skal brukast både til sikring og oppbevaring.

– I toppen har eg telefonen min og ekstra symjebriller. Viss eg hadde vore på tur åleine kunne eg hatt mat og drikke der også.

Erland fortel at det er første gang han skal ut på ein så lang tur over så mange dagar. Han har likevel sumt over 10.000 meter fleire gongar.

– Å symje langt er ikkje noko nytt for meg. Utfordringa blir at det er over mange dagar. I tillegg er det saltvatn, og det kan vere vêr og vind, brennmaneter og båtar. Dette er ikkje for nybyrjarar.

Firdaposten har også skrive om den lange symjeturen.

Øystein Erland.

MATPAUSE: Med lange dagsetappar på kring ei mil i starten gjer det seg med flytande næring. Men det er ikkje berre mat som er viktig. Øystein Erland fortel at han må vere nøye med solkremen i andletet. Så langt har han unngått å verte solbrent.

Foto: Åge Avedal

– Fantastisk stemning

Ifølgje Erland er kameraten i kajakken meir utsett for vêret enn han er sjølv.

– Om det regnar gjer meg ingenting, eg blir våt uansett, men det er sjølvsagt fint at det er nydeleg vêr no. Det skapar ei fantastisk stemning. Det blir ein magisk tur innover fjorden.

Symjaren er heller ikkje uroa for at noko skal gå gale på turen.

– Eg gler meg veldig, og føler meg trygg på at dette skal gå bra.

Fekk raskt svar

Då Erland for nokre månader sidan sende melding til Avedal for å høyre om han ville vere med på tur tok det ikkje meir enn 30 sekund før han fekk positivt svar tilbake. Kameratane har aldri vore i tvil om at turen skulle gjennomførast.

– Han skal få gjere den tunge jobben med å symje, og så skal eg padle og sole meg ved sida av, seier Avedal.

Turen har lenge vore planlagd til akkurat denne veka. Avedal er glad for at dei har treft på den finaste veka til no denne sommaren.

– Vi er superheldige med vêret, det kunne ikkje klaffa betre.