Hopp til innhold

Sykkel-VM skuldar eventbyrået 13 millionar – no hyrar dei inn Steinfeld som advokat

VM-arrangøren sin største kreditor har hyrt inn Dag Steinfeld for å unngå konkurs etter gigantunderskotet. – Situasjonen har vore eit mareritt, seier dagleg leiar.

Advokat Dag Steinfeld har bistått Christine Meyer

KREV FLEIRE MILLIONAR: Advokat Dag Steinfeld sender måndag eit krav til VM-arrangøren, som totalt skylder sine private kreditorar nesten 40 millionar kroner.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

– Bergen 2017 har grovt misleghalde sine betalingsforpliktingar. Dette har ført til ein rein kjedereaksjon, ein dominoeffekt blant kreditorane, seier advokat Dag Steinfeld.

Den bergensbaserte advokaten er hyra inn for den største av dei nesten 80 private kreditorane til Bergen 2017 AS. Eventbyrået Possibility var VM-arrangøren sin offisielle «hospitality manager», og hadde mellom anna ansvaret for publikumsområda og UCI-konferansane.

Steinfeld gjorde seg i november merka som advokat for dåverande SSB-direktør Christine Meyer. No har han fått jobben med å inngå avtalar med underleverandørane Possibility nytta seg av under VM.

– Me sender ein ordinær faktura på godt over fire millionar kroner, og eit erstatningsbeløp på ni millionar på grunn av kostnader Possibility er påført i samarbeidsavtalen med sykkel-VM, seier Steinfeld.

Prøver å gå sine eigne kreditorar i møte

Allereie i juli skal sykkel-VM har rekna med eit underskot på 15 millionar kroner. I slutten av november vart det klart at arrangøren går med heile 55 millionar i underskot.

VM-arrangøren sit med 78,1 millionar i ubetalte krav og rekningar:

  • Samla krav frå private kreditorar utgjer om lag 36,6 millionar
  • Samla offentlege krav utgjer om lag 28 millionar
  • Det internasjonale sykkelforbundet (UCI) sitt krav skriv seg til 13,5 millionar
Sykkel-VM i Bergen, folkefest på Landås

FOLKEFEST: Sykkel-VM i Bergen vart ein folkefest, men det økonomiske etterspelet kan få store konsekvensar.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Måndag sender Steinfeld eit økonomisk tilbod til selskapet sine kreditorar, på vegner av Possibility.

– Der vil det kome eit forslag til ei løysing, som vil medføre økonomiske konsekvensar på relativ kort sikt, med eventuelle utbetalingar. Men det føreset at desse tilboda vert aksepterte.

Kan gå konkurs

På grunn av det uteståande millionbeløpet frå VM-arrangøren, står no Possibility i fare for å gå konkurs.

– Selskapet er i dag openbert insolvent og er ikkje i stand til å betale sine rekningar. Viss éin av deira kreditorar går på, kan dei verta slått konkurs. Det vil i så fall ingen partar tena på, seier Steinfeld.

Harold Sletten

VANSKELEG: Harold Sletten, dagleg leiar i Possibility, seier det er ein vanskeleg situasjon for selskapet.

Foto: Possibility AS

Etter det NRK kjenner til trugar den same skjebnen fleire av bedriftene som ventar på betaling frå Possibility.

– Denne økonomisk svært vanskelege situasjonen smittar vidare til Possibility sine kreditorar, og kanskje vidare deretter, seier Steinfeld.

Dagleg leiar i Possibility, Harold Sletten, tek ikkje lett på situasjonen.

– Det har vore eit mareritt. Det er utruleg tungt å sjå så mange flotte medarbeidarar og leverandørar i ein slik situasjon som denne frysen av utbetalingar har ført til. Eg tek det på aller høgaste alvor, både profesjonelt og ikkje minst personleg, seier Sletten.

Eg trudde verkeleg at sykkel-VM skulle vere ein «boost» for Bergen, bransjen og framtida. I staden ligg fleire aktørar og blør og gjerne dør.

Harold Sletten, dagleg leiar Possibility

– Kommenterer ikkje beløp

I eit brev til dei private kreditorane frå Bergen 2017 AS, datert 4. desember, understrekar styreleiar Mona Hellesnes at Bergen 2017 avviser ein del av krava mot selskapet.

Hellesnes vil ikkje svara på om erstatningskravet frå Possibility er eitt av krava Bergen 2017 avviser.

– Det er naturleg at me tar ein gjennomgang av samarbeidsavtalen me gjorde med Possibility før VM. Men det er ein dialog eg tar med selskapet direkte, ikkje gjennom media.