- Svikten i besøket ved Bergen Kino skuldast blant anna at færre besøkte storfilmane, seier programsjef ved Bergen Kino, Steinar Sørensen.
Første år utan Ringenes Herre
I tillegg var 2004 det første året på tre år som ikkje hadde premiere på Ringenes Herre. Programsjefen meiner dette er ein klar grunn til nedgangen i kinobesøket ved Bergen kino ifjor.
Utviding ingen suksess
Heller ikkje utvidinga av Bergen Kino med nybygget Magnus Barfot vart nokon suksess. Dei 1000 nye setene vart vanskelegare å fylle opp enn ein hadde trudd.
Nedgang over hele landet
Likevel er det ikkje berre Bergen Kino som hadde færre besøkjande i 2004. Også på landsbasis vart det registrert ein nedgang på 8 prosent.