Onsdag blei 385 personar testa for koronasmitte på Bergen legevakt. Den siste veka har det vore hektisk aktivitet for å ta unna alle som kjem for å teste seg.
Likevel er legevaktsjefen uroa for dei som ikkje dukkar opp for å ta ein test.
– Vi er bekymra for at det er grupper i samfunnet som kan vere smitta, og som vi ikkje klarer å fange opp, seier fungerande legevaktsjef Anette Corydon.
Testar knapt utlendingar
Ho fortel at det stort sett berre er folk med norsk personnummer som kjem til legevakta.
– Det er kanskje fordi det er for komplisert å forstå kva ein skal gjere når ein kjem til Noreg, seier Corydon.
Som eit tiltak blir det nå sett opp eit lågterskeltilbod for reisande som kjem med fly til Flesland.
– Her kan vi teste alle som kjem direkte med fly til Bergen frå heile utlandet. Vi merker ein stor vilje og lyst til å la seg teste, seier Corydon.
Gode erfaringar i sør
Mange nordmenn har valfarta til det blide sørland denne sommaren. Smittevernoverlege Dagfinn Haar seier dei har erfart at mange av dei tilreisande kjem for å teste seg.
– Det gjer dei. Vi har lagt ut små visittkort på hotella og der turistane ferdast med kontaktinformasjon til koronasenteret, fortel Haar.
I Kristiansand er det førebels ingen planar om å sette opp teststasjon verken på flyplassen eller i hamna.
– Vi tenker vel å fortsette som vi gjer no, men vi skal ikkje slappe av. Vi har sju ferjer som kjem i land kvar dag, og ting kan skje, seier Haarr.
Vil nå gjestearbeidarane
Overlege Trude Arnesen i Folkehelseinstituttet deler bekymringa til legevaktsjefen i Bergen.
– Vi har ingen full oversikt over kven som ikkje testar seg, men vi veit at det til dømes gjeld dei som er i Noreg på kortare opphald, seier Arnesen.
Gjestearbeidarar og arbeidsgjevarane deira er blant gruppene dei har jobba særskilt med å nå ut til.
– Dette er for å gi beskjed om at dei må legge til rette for kor ein kan bli testa og at smitteverntiltaka må sikrast der dei bur, seier Arnesen.
FHI er positive til den nye teststasjonen på Flesland.
– Det er eit kjempebra tiltak. Drop-in og at det blir lettare tilgjengeleg er vi veldig for, seier Arnesen.