Hopp til innhold

Nesten blinde Tina fekk eit tøft møte med studentlivet

Nesten éin av fem blinde og sterkt svaksynte studentar får ikkje tilrettelegginga dei har bruk for. Sterkt svaksynte Tina føler ho blir avhengig av medstudentane.

Eg seier ifrå. Men når ingenting skjer, sluttar du å seie ifrå, seier Tina Sleire Sandvik.

Ho studerer sosialt arbeid på Høgskulen på Vestlandet (HVL), campus Sogndal.

Tina er sterkt svaksynt. For å sjå klart, bruker ho mobilkamera som lupe nokre centimeter frå auga.

Det er ikkje mykje tilrettelegging Sandvik treng i studiekvardagen. Ei god omvising første skuledag, litt betre skilting på campus, og å få tilsendt læringsmateriale før undervising står på toppen av ønskelista.

Men dette har ho opplevd har vore vanskeleg å få til.

Det gjer studiekvardagen meir krevjande, når den eigentleg ikkje treng å vere det, seier Sogndal-studenten, som også er aktiv i Noregs Blindeforbunds Ungdom.

Tina Sleire Sandvik

Sterkt svaksynte Tina Sleire Sandvik har opplevd at det har vore vanskeleg å få den tilrettelegginga ho treng.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Blindeforbundet Ungdom: – Blir vanskelegare å fullføre

Studentar med funksjonsnedsetting har rett til eigna individuell tilrettelegging av lærestaden, undervising, læremiddel og eksamen. Såkalla universell utforming.

Ei undersøking gjort av Norges Blindeforbund i 2023 viste at 71 prosent av dei spurte hadde behov for ekstra assistanse eller tilrettelegging under utdanninga på grunn av synsnedsetting.

Tina Sleire Sandvik

Godt ut i sitt andre studieår føler Tina Sleire Sandvik at ho framleis i for stor grad må be medstudentane om hjelp.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

18 prosent fekk i liten grad eller ikkje i det heile tatt tilrettelegginga dei hadde bruk for.

– Dårleg tilrettelegging gjer at våre føresetnader for å fullføre utdanning blir lågare, seier Silje Solvang, styreleiar i Norges Blindeforbunds ungdom.

Ho slutta sjølv på masterstudiet sitt grunna manglande tilrettelegging.

Les også Skolen «glemte» at Thomas også trengte noter

En mann i blå skjorte smiler bredt mens han går ut på en scene med lyskastere i bakgrunnen. I den ene hånda holder han en lang stokk, en blindestokk, og i den andre holder han i en kvinne kledd i sort dressjakke og -bukse. Hun har kort, lyst hår og smiler mens hun ser ned i gulvet foran dem.

Avhengig av hjelp frå andre

Tina Sleire Sandvik opplevde utfordringar med tilrettelegging allereie før studiestart.

Sommaren 2022 bad ho HVL om å få ei omvising på campus første skuledag.

HVL tilbydde ein mentor via NAV, men Sandvik meinte at mentoren ville ha komme på plass for seint.

– Ein mentor tar tid å få på plass, og på den tida har eg lært meg vegen uansett. Kva er poenget då?

Framleis er det vanskeleg å finne enkelte rom.

Sjølv om høgskulen held til i nye, moderne bygg, har også skiltinga ved HVL bydd på problem for den svaksynte studenten.

Tina Sleire Sandvik

Sandvik slit med å finne fram på desse grupperomma.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Fleire romnummer er skrive med så lita skrift, at sjølv ved hjelp av mobilen som forstørringsglas er det vanskeleg å finne og lese romnummeret. For Sandvik er døra berre ei brun flate.

Løysinga blir å telje dørene på vegen. Kjem ho ut av teljinga, må medstudentar vise vegen.

– Det synest eg ingenting om. Eg blir avhengig av andre til noko eg klarar heilt fint sjølv fordi samfunnet ikkje legg til rette.

Ho legg til at samfunnet går glipp av viktige ressurspersonar når bygg og undervisning ikkje blir tilrettelagt for personar med ekstra behov.

Små ting blir store hinder

Sandvik har også ønskt å få undervisningsmateriell frå førelesarane tilsendt på førehand. Læringsmateriale, som power pointar, video og gruppeoppgåver kan ho lese om ho får høve til å zoome kraftig inn.

Heller ikkje her har Sandvik alltid opplevd HVL som imøtekommande.

– Det kunne ha vore så enkelt som at læringsmateriale låg digitalt, slik at eg ikkje trengte å spørje andre om kva som sto der. Då kunne eg ha sett på det digitalt
mens vi heldt på, og ikkje måtte vere avhengig av alle andre heile tida.

Manglande omvising på universitetet og høgskulane, og å få power pointar og anna læringsmateriale i forkant av undervisninga, er utfordringar som går igjen, stadfester Solvang i Norgs Blindeforbunds Ungdom.

Silje Solvang

Silje Solvang er leiar i Noregs Blindeforbund Ungdom.

Foto: Privat

Det er så små ting som tar så kort tid å fikse. Det er synd at det er slike småting som gjer at vi ikkje får fullført utdanninga vår.

HVL: Har hatt tett kontakt med studenten

Prorektor for høgare utdanning ved Høgskulen på Vestland, Anne-Grethe Naustdal, synest det er leitt at Sandvik har hatt desse opplevingane.

Naustdal strekar likevel under at høgskulen opplever at dei har hatt tett kontakt med studenten om tilrettelegging, både i studiestarten og gjennom studieløpet.

Det har likevel tydelegvis ikkje vore godt nok, så det må vi berre beklage og lære av.

Anne-Grethe Naustdal , pro-rektor HVL

Prorektor Anne-Grethe Naustdal beklagar at Sandvik har hatt dårlege opplevingar ved Høgskulen på Vestlandet.

Foto: Tony Ågotnes / NRK

Prorektoren seier dei jobbar med å gi læringsmateriale universell utforming, slik at det skal vere tilgjengeleg for alle.

I Sandvik sitt tilfellet har høgskulen forsøkt å gi læringsmaterialet i god tid før undervising.

Den informasjonen har vi tatt vidare med den enkelte emneansvarleg. Likevel har det nok her òg vore enkelte gonger at studenten ikkje har fått læringsmaterialet i forkant.

Ifølge Naustdal ser HVL også at dei har utfordringar med universell utforming av bygga, men jobbar med å betre dette.

Det er første gongen vi har ein student med akkurat behovet til Tina på dette programmet. Då er det dessverre slik at utfordringar kan bli oppdaga av denne studenten. Det kan bli ein uheldig situasjon for ho, men vi forsøker å gjere så godt vi kan.

Ho legg til at arbeidet med tilrettelegging, universell utforming og eit inkluderande læringsmiljø har høg prioritet ved høgskulen, og at dei i desse dagar jobbar med ei ny handlingsplan for dette.

Høgskulen på Vestlandet, campus Sogndal

Høgskulen på Vestlandet held til i nye, moderne bygg på campus Fosshaugane i Sogndal. Likevel har svaksynte Tine Sleire Sandvik hatt store vanskar med å lese skilta i bygga, fordi dei har dårlege fargekontrastar.

Foto: Sondre Dalaker

Færre tar høgare utdanning

Kjeti Andreas Knarlag er leiar for universell utforming og læringsmiljø i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Han seier at alle offentlege høgare utdanningsinstitusjonar er kjende med plikta til å legge til rette for studentar med ei funksjonsnedsetting.

– Direktoratet oppfattar at institusjonane har gode system for tilrettelegging av eksamen, men at tilrettelegging av studiestaden elles i mindre grad er systematisert.

I ei undersøking frå 2018 blant unge med ulike typar nedsett funksjonsevne svara 80 prosent at dei opplevde pedagogiske barrierar på studiestaden.

Anna Bjørshol avd.dir i Bufdir

Anna Bjørshol er avdelingsdirektør i Bufdir.

Foto: Ida Yasin Andersen/NRK

– Konsekvensane er at færre menneske med funksjonsnedsetting tar høgare utdanning, seier avdelingsdirektør i Bufdir, Anna Bjørshol.

Blant personar med nedsett funksjonsevne har 30 prosent minst eit år høgare utdanning, mot 46 prosent i befolkninga totalt, viser tal frå 2019.

Les også Nei, eksamen gjekk ikkje til helvete

Jørgen Sakshaug