TIL SALS: Austre Adventfjord på Svalbard.
– Fjordane i det nordlege Noreg er alle så vakre, seier den kinesiske forretningsmannen Huang Nubo til NRK laurdag.
I eit intervju 15. mai fortalde han om sine planar om å kjøpe eigedommen Austre Adventfjord på Svalbard for å lage ein ferielandsby for kinesarar.
No hevdar milliardæren at han trudde intervjuet handla om det tusen mål store området han er i forhandlingar om i Lyngen i Troms. I så fall har kinesaren bomma grovt - avstanden frå Lyngen til Austre Adventfjord er på rundt tusen kilometer.
Fekk spørsmåla skriftleg
Før NRK sitt intervju med den styrtrike kinesaren i Beijing, fekk Nubo alle spørsmåla skriftleg overlevert.
Spørsmålet om han var aktuell som kjøpar av Austre Adventfjord på Svalbard var konkretisert. I tillegg hadde NRKs reporter med seg bilete av eigedommen og Svalbard, og spurte også muntleg direkte om eigedommen under intervjuet.
STYRTRIK: Huang Nubo skal vera god for nesten ein milliard dollar.
Foto: Alexander F. Yuan / ApDet er den bergenske familien Horn som er grunneigarar av området på Svalbard. NRK har gjentatte gonger forsøkt å kontakte Henning Horn og familiens advokat, utan å lykkast.
I går gjekk advokaten deira Sveinung O. Flaaten ut og avviste at kinesaren har vore i dialog om kjøp av eigedom på Svalbard.
– Det har aldri vore noko form for kontakt med Huang Nubo, verken frå familien Horn som eig eigedommen, eller frå nokon som representerer familien, sa Flaaten.
– Eg kjenner ikkje Horn-familien
Tidlegare denne veka sa næringsminister Monica Mæland at den norske staten jobbar for å kjøpa eigedommen.
Og no hevdar altså milliardæren at han har misforstått, trass munnlege og skriftlege presiseringar av NRK sine spørsmål knytt til eigedommen på Svalbard.
– Eg kjenner ikkje Horn-familien, og vi har ikkje hatt nokon kontakt, seier Huang Nubo til NRK laurdag.
Den første meldinga om at den kinesiske forretningsmannen var interessert i land i Norge og Svalbard, kom i eit intervju med nyhendebyrået AFP.
Der seier at Nubo at planen er å investera kring 111 millionar dollar i Norge dei neste fem til ti åra. Nubo har mellom anna sponsa kunstmuseet KODE i Bergen med ti millionar kroner.
- LES OGSÅ: | |
Ekspertar åtvarar
VIL INN I NORDEN: Dette biletet er frå 2011, då den kinesiske investoren Huang Nubo presenterte planane sine for å kjøpe land og bygge på Island.
Foto: Alexander F. Yuan / ApIfølge amerikanske The Forbes er Huang Nubo god for 990 millionar dollar, noko som svarar til nærare 5,9 milliardar kroner.
Fleire Kina-ekspertar åtvarar mot Huang og hans planar i Norge.
– Kina si interesse i Polhavet er heilt openberr. Dei har eit stort behov for transport av varer denne vegen i framtida, seier Juan Pablo Cardenal, som har undersøkt kinesiske investeringar i 40 ulike land.