Hopp til innhold

Denne kunsten i Bergen skal tilbake til Kina - museet får 10 millionar i sponsorkroner

Sju unike kinesiske steinsøyler frå det raserte Sommarpalasset i Beijing skal fraktast tilbake til Kina. Det er ein del av avtalen når Kode, Kunstmuseet i Bergen, no har signert ein historisk samarbeids- og sponsoravtale – blant anna med ein av Kinas rikaste menn.

Ein historisk avtale mellom KODE - Kunstmuseene i Bergen, Peking University og ein kinesisk milliardær gjer at kinesisk kunst lagra i Bergen no kjem tilbake til Kina.

SJÅ TV-REPORTASJE: Her blir den historiske avtalen signert.

Kunstavtale

AVTALEN: Norske og kinesiske stempel og signaturar er det formelle provet på avtalen mellom Bergens-museet og Kina.

Foto: Turid Rogne / NRK

«Gjenstandane er kjøpte, men var opphavleg tekne frå Kina. Eg synest ikkje nokon nasjon, uansett storleik, har krav på ting som ikkje er deira.»

Huang Nubo, kinesisk sponsor

– Dette er ein viktig augneblink for museet, men endå viktigare for det kinesiske folket, seier Huang Nubo i Zhongkun Investment Group som er med og finansierer avtalen.

For aller første gong skal museet i Bergen gi gjenstandar tilbake dit dei kom ifrå. I det som er Norges største samling av kinesisk kunst og gjenstandar, finst nemleg 21 søyler. Dei stammar frå det gamle keisarlege sommarpalasset i Beijing. No skal sju av dei tilbake til museet ved palassområdet som i si tid var større enn Den forbodne by.

Plyndra av britar og franskmenn

– Eg blir nesten på gråten berre av å snakke om det. Dette er eit sår for oss. Eg veit ikkje om de forstår det, sa ein prega Nubo til NRK då avtalen vart signert i Bergen.

Under den andre opiumskrigen i 1860 vart Sommarpalasset rasert og plyndra av britar og franskmenn. Tilbake står berre ruinane. Dei er i dag blitt eit populært turistmål både for kinesarar og utlendingar.

Til Bergen kom dei kinesiske søylene gjennom Johan Munthe, som var general i den kinesiske hæren. Tidleg på 1900-talet donerte han meir enn 2500 kinesiske kunstgjenstandar til Bergen. Det er dette som i dag utgjer Kinasamlinga, der dei fleste søylene står vekkgøymde på lager.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Sommarpalasset i Beijing

HER SKAL DEI STÅ: Slik ser ruinane av det ein gong så storslåtte palasset ut. Dei sju steinsøylene skal fraktast tilbake hit.

Foto: KODE, Kunstmuseene i Bergen

Tre-delt avtale

I ein tredelt samarbeidsavtale sponsar ein av Kinas mest velståande forretningsmenn Kinasamlinga til Kode med 10 millionar kroner og museet inngår fagleg samarbeid med prestisjetunge Peking University.

Johan Munthe

HENTA KUNSTEN TIL NORGE: Offiseren Johan Munthe samla og donerte 2500 kinesiske gjenstandar til Bergen.

Foto: Kode

I gjengjeld får kinesarane tilbake minner om ein heilt spesiell kulturarv. Den kinesiske sponsoren føler likevel ikkje at dei no kjøper kunsten tilbake.

– Det handlar ikkje om å kjøpe. Dette er framleis kulturutveksling. Støtta vår til Kode er langsiktig.

Dei sju søylene skal no til utstilling ut i palassmuseet i Beijing gjennom såkalla permanent deponering, men i praksis betyr til Kina for all framtid.

Sjølv om dei kinesiske steinsøylene vart erverva på lovleg vis, meiner sponsoren at søylene høyrer til i heimlandet.

– Gjenstandane er kjøpte, men var opphavleg tekne frå Kina. Eg synest ikkje nokon nasjon, uansett storleik, har krav på ting som ikkje er deira, seier Nubo til NRK.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Sommarpalasset i Beijing

STØRRE ENN DEN FORBODNE BY: Slik skal Sommarpalasset i Beijing ha sett ut i stordomstida før 1860.

Foto: Illustrasjon: CCTV

Trur samarbeidet vil gjere museet kjent

Direktør ved Kode, Erlend Høyersten seier han har forståing at kunsten betyr mykje for kinesarane. Han er glad for at dei no kan føre tilbake nokre av søylene til Kina.

«Vi får eit langvarig samarbeid med eit kinesisk universitet av høg kvalitet.»

Per Christian Foss, styreleiar, Kode

– Det har blitt eit sterkt symbol for det kinsesike folket, og eit ope sår. Vi ønskjer å bruke denne avtalen til å skape akademiske relasjonar og bygge ei bru mot Peking University, seier direktøren som trur samarbeidet vil styrke museet.

Styreleiar i Kode, Per Christian Foss seier initiativet til samarbeidet med kinesarane kom frå Bergen.

– Museet såg ei interesse av å knytte fagleg kontakt med universitetet i Beijing. Det har resultert i denne avtalen. Eg trur det vil bety at samlinga vil få betre fagleg støtte, vi får ei betre utstilling og vi får til eit langvarig samarbeid med eit kinesisk universitet av høg kvalitet.

Signeringa av avtalen, som fann stad i lokala til Vestlandske industrimuseum, er unik, meiner styreleiaren.

– Det er i alle fall historisk for dette museet. Dette er ei unik kinasamling for samling. Det er viktig å få den fram, meiner Foss.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Signering av kunstavtale

SIGNERTE AVTALEN: F.v. Styrleiar Per Christian Foss, Huang Nubo frå Kina og museumsdirektør Erlend Høyersten.

Foto: Turid Rogne / NRK

Kjølig forhold etter fredsprisen

Stormakta Kina sitt forhold til Norge har vore svært kjølig etter at den kinesiske dissidenten Liu Xiaobo vart tildelt Nobels fredspris i 2010. Det har ikkje minst norske næringslivsinteresser fått merke. Kor vidt eit formalisert samarbeid mellom Kunstmuseet i Bergen og universitetet som er rangert som nr. 1 i Kina vil få noko å seie, vil ikkje Foss meine for mykje om.

– Det er ikkje min jobb å mjuke opp relasjonen til Kina. Men eg har bidrege til at vi har kontakt med norske styresmakter heile vegen, for å klarere at dette skjer på rett måte. Kva dette betyr på lang sikt, får andre vurdere, seier den tidlegare Høgre-toppen.

– Men vil dette kunne betre forholdet til Kina?

Historisk kunstavtale i Bergen

BETYR MYKJE: Sponsor Huang Nubo trur nordmenn har vanskeleg for å forstå kor mykje desse steinsøylene betyr for kinesarane. Her saman med museumsdirektør Erlend Høyersten.

Foto: Turid Rogne / NRK

– Det veit eg ikkje, men for museet og Bergen er det positivt. Det er det viktigaste.

– Trur du avtalen vil kunne løfte samlinga sin internasjonale status?

– Samarbeidet med Kina vil vekke andre si interesse. Det er andre land som også har store kinasamlingar som vil ha interesse av det vi gjer, og det samarbeidet vi får til.

To innbrot på tre år

Kinasamlinga til Kunstmuseene i Bergen har vore råka av to innbrot på tre år. I det siste innbrotet, natt til 5. januar i år forsvann 25 verdfulle gjenstandar.

– Vi har hatt to innbrot, og vi skal ikkje ha eit tredje, forsikrar styreleiar Foss.

Men mens museet jobbar for å betre tryggleiken, skal ikkje millionstøtta frå Kina brukast opp på sikringstiltak, forsikrar den museumsdirektør Erlend Høyersten som frå nyttår flyttar til ny jobb i Danmark.

– Vi ønskjer å bruke sponsormidlane til det faglege innhaldet. Det å kunne ta eit tydeleg steg opp og bli ein aktør både nasjonalt og ute i den store verda på ein heilt anna måten enn vi så langt har hatt høve, seier Høyersten.