Hopp til innhold

– Vi har ikkje høyrt noko frå Huang Nubo

Den styrtrike kinesiske forretningsmannen seier han vil kjøpa land på Svalbard og er i forhandlingar med eigarane. – Kort og godt feil, seier advokaten til grunneigaren.

Huang Nubo

VIL BYGGJE FERIELANDSBY PÅ SVALBARD: Den styrtrike kinesiske forretningsmannen Huang Nubo seier han er i forhandlingar om land på Svalbard. - Feil, seier advokaten til grunneigaren.

Foto: LIU JIN / Afp

Austre Adventfjord på Svalbard

TIL SALS: Austre Adventfjord på Svalbard.

– Det har aldri vore noko form for kontakt med Huang Nubo, verken frå familien Horn som eig eigedomen, eller frå nokon som representerer familien, seier advokat Sveinung O. Flaaten til VG fredag.

Han representerer bergensfamilien Horn som er grunneigarar av Austre Adventfjord på Svalbard. Den store private eigedommen på vart lagt ut for sal på den internasjonale marknaden for fire månadar sidan.

I eit større intervju med NRK i Beijing 15. mai, fortalde Nubo at han forhandla direkte med representantar for familien om å kjøpe eigedommen på Svalbard.

Vil bygga ferielandsby

16. mai var det kjent at forretningsmannen kjøper ein eigedom på tusen mål i Lyngen i Troms. Målet er å utvikle eksklusiv turisme for velståande kinesarar, og Nubo varsla tidlegare denne månaden at han har ambisjonar om å kjøpe fleire store landsområde i Norge.

Etter at hans planar om å kjøpe land på Island gjekk i stå, seier Nubo at han har flytta blikket sitt over på Svalbard.

– Eg vil bygga ein ferielandsby for kinesarar, sa Nubo til NRK i førre veke.

Kinesaren hevdar han ikkje deltek i nokon bodrunde, og at han forhandlar direkte med representantar for eigarane.

– Han er jo "over alt"

NRK har tidlegare forsøkt å få kontakt med familien Horn og advokaten deira, utan å lukkast.

Fredag seier advokat Sveinung O. Flaaten til VG at det ikkje stemmer at Nubo er i forhandlingar med bergensfamilien om kjøp av Austre Adventfjord.

– Kort og godt, dette er ikkje riktig. Kva motiv han har med desse utsegna, det veit eg ikkje. Men han ser jo ut til å vere "over alt, seier Flaaten til NRK.

– Har de fått førespurnader frå andre kinesarar i samband med salet av Austre Adventfjord?

– Eg kjem ikkje til å kommentere ytterlegare den salsprosessen som no er i gang i det internasjonale marknaden, seier advokaten og legg til at alle traktatstater er likeverdige i salsprosessen.

Torsdag var det kjent at også regjeringa kastar seg inn i kampen om Austre Adventfjord på Svalbard.