Hopp til innhold

Millionær døydde – staten fordeler arven på 15 millionar

Han var sprek og blid til han brått fekk hjerneslag og mista språket. Då var det for seint å skrive testament – og millionarven hans stod utan eigar.

Styrk Vangen Lirhus på Voss
Foto: Privat

Styrk Vangen Lirhus dreiv handel og kafe i eige næringsbygg på Voss, arva etter foreldra som dreiv før han.

Vangen cafè på Voss

Vangen Café har alltid vore ein populær samlingsplass på Voss.

Foto: Privat

Gode, gamle Vangen Café var som ein institusjon for fleire generasjonar vossingar. Styrk sjølv var godt likt av alle, og i fin form.

Kven tenker vel på døden då?

Sjokket

Ein dag segnar Styrk om på gata utanfor næringsbygget sitt på Voss. Han blir hasta til sjukehus og får påvist hjerneslag.

Språket er borte, og han klarar ikkje lenger å kommunisere med folk rundt seg.

Vennar kjem på besøk, men ingen familie. Broren, mora og faren har døydd før han, og barn har han ikkje.

Styrk Vangen Lirhus (nr. 3 frå venstre) med familien

Styrk (nr. 3 frå venstre) vaks opp som den yngste i familien.

Foto: Privat

Kven skal overta fleire generasjonars livsverk?

Rekkefølga

Det er lovfesta kven som har rett på arv når du døyr. Forenkla kan vi sei at utan barn, sambuar eller ektefelle, er dette arverekkefølga:

Foreldre – søsken – nieser og nevøar – besteforeldre – tanter og onklar – søskenbarn.

Ukjent arving lagar slektstreet til Styrk Vangen Lirhus

NRK-serien «Ukjent arving» har leita etter lovfesta arvingar på både mors- og farssida til Styrk.

Foto: Privat

Sjølv om det blir søkt både innanlands og utanlands etter slektningar av Styrk Vangen Lirhus, finn dei ingen som har arverett etter lova.

Så – kven ønsker Styrk skal arve formuen?

Testament

Som med folk flest, har ikkje Styrk hatt hastverk med å skrive testament. For å gjere det, krev lova at du må kunne uttrykke din frie vilje om kven som skal arve deg.

Det kan ikkje Styrk lenger.

Etter hjerneslaget er han klar i hovudet, men greier ikkje å formidle kva han tenker og ønsker.

Styrk Vangen Lirhus etter hjerneslaget

Styrk Vangen Lirhus hamna i rullestol etter slaget.

Foto: Privat

Når Styrk døyr i 2018, finst det verken arvingar eller testament som seier kven han vil gje formuen til. Verdien på næringsbygget får arven opp i 15 millionar kroner.

Kva skal skje med millionarven?

Staten overtar

Kvart år er det fleire som lèt etter seg større og mindre formuar utan at det finst arvingar eller testament.

Den samla summen varierer årleg frå nokre få millionar til fleire titals millionar kroner.

Arvelova seier at desse pengane skal:

« ... fordelast til frivillig verksemd til fordel for barn og unge.»

Men før frivillige organisasjonar kan få pengar frå denne potten, skal heile tre departement og eit landsråd vurdere saka.

Kabalen

For det første har Justis- og beredskapsdepartementet ansvaret for arvelova og ordlyden der.

Kommunal- og distriktsdepartementet skal vurdere om folk som har stått den døde ekstra nær, skal få arv etter strenge reglar.

Deretter er det Kultur- og likestillingsdepartementet sitt ansvar å fordele pengar til frivillig verksemd for barn og unge.

Det gjer dei gjennom Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU). Dei vel blant søkjarane, og gir mellom 50.000 og 300.000 kroner til kvar.

Kan din organisasjon søke om å få arvepengar? Sjekk her! (ekstern lenke)

Arvelaus stat

Tidlegare var det staten som arva alt, men då Arvelova blei endra i 2015 mista staten arveretten. I staden skulle pengane gå til arbeid for barn og unge.

Dei vurderte å lage eit eige fond til dette formålet. Men sidan beløpa var såpass små, ville dei ikkje kaste bort arvepengar på administrering av fond.

Dermed enda vi opp med dagens løysing, der tre departement og eit landsråd samarbeider om å dele ut pengane.

Frist til 2028

Kven som til slutt får Styrk sine 15 millionar, står att å sjå. Rettmessige arvingar har nemleg ti år på seg til å stå fram og krevje sin arv.

Om ingen gjer det før 2028, ti år etter Styrks død, går fristen ut. Og staten fordeler pengane.

Det kan for eksempel bety at 50 organisasjonar får 300.000 kroner kvar frå Styrk Vangen Lirhus.

Så sjølv om Styrk ikkje fekk velje kven som skulle arve han, hadde han kanskje vore godt fornøgd med at millionane hans mest sannsynleg kjem mange tusen barn og unge til gode.