Leif Sverre Enes ser at eit problem er i ferd med å hope seg opp ved Maurangerfjorden, som er ein arm av Hardangerfjorden mellom Rosendal og Jondal.
Tre byggeprosjekt i området vil gje enorme mengder stein og lausmassar.
Kvar skal Kvinnherad kommune gjere av dei?
Varaordføraren frå Høgre vil dumpe det på fjorden.
Han ser for seg å bygge ei heilt ny øy på mellom 100 og 150 dekar.
– Ideen fekk eg frå Dubai. Det hadde vore fantastisk om me fekk dette til.
Varaordførar og Høgrerepresentant Leif Sverre Enes trur øya kan gje vekst nord i kommunen.
Foto: Oddgeir Øystese / NRK– Me får ras- og flaumsikre tomter
For det er eit problem til øya inst i Austrepollen er tenkt å løyse.
Her nord i Kvinnherad er det nesten umogeleg å bygge nytt. Det er stort sett byggeforbod på grunn av rasfare.
Og slik er det i store delar av Fjord-Noreg.
– På øya får me tomter som både er ras og flaumsikre, seier Enes.
– Eg trur ikkje me kan få til vekst her utan dette prosjektet.
Planar om kunstige øyer er ikkje noko nytt i Noreg. Bærum kommune har i lang tid jobba med idéen om ei kunstig øy på 30 dekar utanfor Fornebu for å få meir friluftsareal i området.
Området rundt Maurangerfjorden er svært utsett for ras.
Foto: Oddgeir Øystese / NRK– Dette vil øydelegge for fisken
Maurangerfjorden var eit av dei første måla for cruiseturisme her i landet.
Fjell på over 1000 meter stig rett opp frå det djupe vatnet, og Folgefonna er lett tilgjengeleg herfrå.
Framleis er turiststraumen jamn her. Men det er mange som er skeptiske til eit så stort inngrep som ei øy vil vere.
– Kvifor vil dei øydelegge fjordane på denne måten?
Irene Svensson fiskar ofte ved fjorden. Ho likar ikkje planane som NRK fortel ho om.
– Dette vil jo øydelegge for fisken og liv i fjorden. Steinen kan dei vel bruke andre stader, som på vegprosjekt.
Irene Svensson likar ikkje planane og fryktar øya vil øydelegge fjorden.
Foto: Oddgeir Øystese / NRK– Kan stå att med ein steinhaug
Så langt er det berre Fiskeridirektoratet som har kome med motsegn mot planane. Dei viser til at dette er eit viktig gyteområde for torsken.
Men somme meiner det er for mykje ein ikkje veit om prosjektet. Jostein Saghaug i Kvinnherad MDG meiner kommunen går for fort fram.
– Det er for mykje me ikkje veit. I verste fall kan me stå att med ein steinhaug ingen har bruk for og som har øydelagt for liv i havet, seier Saghaug.
Han meiner det ikkje er sikkert at prosjektet er dårleg, men at det må konsekvensutgreiingar på plass.
– Så langt er det eit for tynt grunnlag til å gjere eit vedtak.
Jostein Saghaug i MDG fryktar øya kan bli ein steinhaug som ingen har bruk for.
Foto: Oddgeir Øystese / NRKMange skjer i fjorden
Kvinnherad kommune opplyser at dei held på med å finne detaljar om konsekvensane av å bygge øy.
16. august skal dei i samtaler med Statsforvaltaren for å finne ut kva meir som må på plass.
Eit fleirtal av politikarane i kommunen har så langt stilt seg positive til prosjektet.
Varaordførar Enes innrømmer at det er mange ting som kan stoppe øya hans.
– Det er naturleg at eit prosjekt som dette møter skepsis. Det er jo eit stort naturinngrep. Men eg meiner det er samfunnsnyttig.
Kanskje får Hardanger sitt Dubai, inst i Maurangerfjorden.