Hopp til innhold

Martin (20) valde jobb: Hadde rett og slett ikkje råd til å vera student

Viktig dag for mange unge som vil inn på høgare utdanning i dag. Men mange har ikkje råd til å starte på eit liv som student.

Martin Sevaldson

MÅTTE TA PAUSE: Martin Sevaldson er ein av mange som slit med å få endane til å møtast når ein skal leve på studielånet.

Foto: Dina Nybø Olavsen / NRK

I dag er ein viktig dag for mange unge som skal ta eit viktig val:

Når søknadsfristen til høgare utdanning går ut, tek mange eit steg som endrar resten av livet.

Men ikkje alle som vil, har råd til å flytte for seg sjølv og starte eit liv som student.

Seinsommaren 2021 flytta Martin Sevaldson til Bergen for å studera samfunnsøkonomi på Universitetet i Bergen.

Han flytta inn på hybel og såg fram til å starta sin nye kvardag.

Men gleda vart kortvarig, og møtet med den nye kvardagen tøff. Spesielt økonomisk.

Martin Sevaldson

Alt som skulle vere til kjøkkenet måtte kjøpast inn då Martin starta å studere.

Foto: Dina Nybø Olavsen / NRK

Med fullt lån og stipend frå Statens lånekasse for utdanning fekk han utbetalt 22.974 kroner då studieåret starta i august. Dei resterande månadene fram til jul fekk han 8.615 kroner.

Med husleige på 5000 kroner, depositum, mat og innkjøp til ny bustad og eit nytt liv tok pengane snart slutt.

Å leve på stipend og lån var rett og slett ikkje nok.

Fekk seg jobb

Løysinga var å få seg jobb. Først ein, og seinare ein til. Noko som var bra økonomisk, men ikkje mentalt.

Martin Sevaldson

Han trivst godt i jobben som servitør, men håper på å vere tilbake på skulebenken om ikkje så lenge.

Foto: Dina Nybø Olavsen / NRK

– Eg følte ikkje eg hadde tid til å fokusera skikkeleg på noko av delane. Var eg på jobb, tenkte eg på studiet, medan eg tenkte på jobb når eg var på skulen, seier han.

Han såg seg nøydt til å slutte som student. No jobbar han i staden nærmast fulltid på Peppes Pizza.

Martin er ikkje aleine. I løpet av det første studieåret er det mange unge studentar som får seg ei tøff aha-oppleving.

Vanskeleg i norske storbyar

Leiar for Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen, Thomas Helland-Hansen, seier dette er ei problemstilling mange studentar kjem til dei med.

– Dette viser realiteten for mange studentar. Dei har rett og slett ikkje nok midlar for å få endane til å møtast.

Thomas Helland-Hansen

Thomas Helland-Hansen fortel at dei får mange spørsmål frå studentar som Martin.

Foto: Dina Nybø Olavsen / NRK

Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at studentar som ikkje bur heime får så mykje som 53 prosent av inntekta si frå jobb.

I den same undersøkinga kjem det fram at 65 prosent av studentane seier dei er avhengig av jobb for å kunne studere, skriv Khrono.

1 av 5 jobbar så mykje at det går utover studiet. Grafen under viser timar brukt på betalt arbeid – frå 0 til 30+.

Helland-Hansen fortel at det er når ein skal kombinera mat, kleder, husleige, straum og livsopphald at det blir vanskeleg å få reknestykket til å gå opp.

– Studentane må ta deltidsjobbar, og får då mindre tid til studia. Slik skal det ikkje vere, man er jo student for å studera, seier han.

Studentpolitikaren er krystallklar: Lån og stipend for studentar må bli høgare.

Dette må verta prioritert av politikarane, seier han.

Les også Kalde Kathrine (22) sover med to dyner for å spare strøm

Kathrine Wie Helgøy

– Dei aller fleste klarar å kombinere studie og jobb

Statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel skriv i ein e-post til NRK at Kunnskapsdepartementet ikkje har noko planar om å auke studiestøtta på dette tidspunktet.

– Me har gode studiefinansieringsordningar for studentar og på dette tidspunktet er det ikkje planar om å auke studiestøtta. Dei alle fleste klarer å kombinera studier og jobb og det er ikkje slik at ein må slutte å studere fordi ein ikkje har råd.

Løkensgard Hoel legg til at fulltidsstudentar får eit basislån på ca. 11.500 kroner i månaden i 11 månadar og at det i tillegg er mogleg å få eige straumstipend på 3 000 kroner.

– Denne regjeringa ynskjer ein trygg og god økonomi for studentane, men me meiner også at det er fint at ein kan jobba ved sidan av studia. Studentar som jobbar ved sida av studiet skaffar seg viktig arbeidserfaring og står betre rusta til å finna seg jobb etter studiet.

Vurderer studium på nytt

Martin Sevaldson har likevel ikkje gitt opp. Han søkte på høgare utdanning då søknadsfristen gjekk ut klokka 14.

Men for å verta student er det fleire ting som må på plass.

Les også Studentar ber om meir pengar: – Prisauken svir skikkeleg

Mina Øvensen studerer ved NTNU i Ålesund.

– Etter kvart så lærer ein seg å leva sparsamt, og eta pasta og nudlar. Men med aukande matvareprisar og dyrare straum, så må studiestøtta aukast. For mange er einaste alternativ å jobba ved sida av studiet. Det skapar mykje stress, og gjer at ein vert veldig trøytt og sliten, fortel han.

For sin eigen del håper han at han no har jobba seg opp nok pengar til studia.

– No har eg forhåpentlegvis spart opp nok til å sleppe å bekymre meg medan eg studerer.