Nye tal: Lønn er over halvparten av inntekta til studentar

Norske studentar får no meir pengar frå jobb enn frå studielån og stipend. Vegard Bjørsvik (21) måtte skaffa seg jobb etter berre to månader som student.

Vegard Bjørsvik

MINDRE PENGAR: Vegard Bjørsvik har tidlegare jobba fulltid som maskinførar. – Det har vore litt tøft å gå frå å ha ein del i inntekt til å leva på stipend, seier han.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

Nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser studentar som ikkje bur med foreldra no får 53 prosent av inntekta si frå jobb.

«Inntektene» frå studielån og stipend utgjer 32 prosent.

De resterande 15 prosent av inntektene fordeler seg på støtte frå familie og andre inntekter som stipend frå ein stiftelse eller offentlege støtteordningar som barnebidrag

– Me ser at ein aukande del av inntekta til studentane kjem frå jobb, seier Anna-Lena Keute, seniorrådgjevar i SSB.

I 2016 stod jobbinntektene for 45 prosent av studentinntekta.

Studentar i Noreg som ikkje bur med foreldra tente i snitt 19.000 kroner i månaden i 2019. 9.950 av desse var lønnsinntekter frå jobb.

Målet med Den europeiske studentundersøkinga er å kunna samanlikna tala frå ulike land. Studentar frå 26 land i Europa har delteke i undersøkinga.

Problem med springande utgifter

Studentenes helse- og trivselsundersøking (SHoT-undersøkinga) er ei undersøking blant norske heiltidsstudentar mellom 18 og 35 år. I 2018 rapporterte 8 prosent at dei «ofte har problem med å betene springande utgifter», medan 38 prosent sa dei ville hatt problem med å handtere ei uventa utgift på 5000 kroner.

Tal frå SSB viser at det er ein samanheng mellom kor mykje tid studentane brukar på betalt jobb og kor mykje tid dei brukar på studiane.

Grafen under viser at rundt 20 prosent jobbar så mykje at det går utover studiane. Aksen frå venstre til høgre viser timar brukt på betalt arbeid – frå 0 til 30+.

– Lite pengar gir ekstra stress

Vegard Bjørsvik (21) og Erling Simonsen (20) flytta frå Bergen til Førde for å studera i sommar.

Medan Simonsen skaffa seg ein deltidsjobb allereie før han flytta, ville Bjørsvik prøva å klara seg på studielån og stipend.

– Eg hadde høyrt frå vener at du må ha jobb ved sidan av studia, men eg var innstilt på å prøva å klara meg utan først, seier han.

Men no har han skaffa seg helgejobb på ein bensinstasjon.

Bjørsvik og Simonsen trur det er mogleg å klara seg utan den ekstra inntekta, men legg til at «lite pengar gir gjerne ekstra stress».

Erling Simonsen

TIDLEG UTE: Erling Simonsen skaffa seg jobb allereie før han flytta til studiestaden.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

– Regjeringa har auka studiestøtta

Henrik Asheim (H) var Forskings- og høgare utdanningsminister fram til torsdag denne veka.

Han seier til NRK at tanken er at studiestøtta skal vera tilstrekkeleg, og viser til at regjeringa har auka ho.

Skal ein student kunne leva godt med berre studiestøtta?

– Nei, eg trur ikkje nokon skal kunna seia at du lever feitt på studiestøtta, men det skal vera mogleg å leva på ho.

Asheim legg til at arbeidserfaring kan vera nyttig, og at studentar på den måten får annan kunnskap gjennom jobb enn dei får i utdanninga.

– Det er ein veldig viktig balansegang der. Viss jobben tek for mykje tid, vil det bety at ein ikkje får nok tid til å studera, seier han.

Henrik Asheim

ER MOGLEG: – Eg trur ikkje nokon kan seia at du lever feitt på studiestøtta, men det skal vera mogleg å leva på ho, seier Henrik Asheim (H).

Foto: Torkil Stoltz / NRK

Kvar tredje student er meir enn 30 år gamal

Resultata av undersøkinga viser at jobbinntektene blir viktigare dess eldre studentane blir.

– For studentar under 22 år, er offentleg studiestøtte den klart viktigaste inntekta, seier Keute.

For desse studentane utgjer studiestøtta over 60 prosent av inntekta, medan jobbinntektene utgjer 25 prosent.

I Noreg er kvar tredje student over 30 år. Det er ein høg andel samanlikna med andre land i undersøkinga.

– Dei eldste studentane trekkjer truleg opp snittet, seier Keute.

– Blant studentar som er 30 år og eldre er det mange som primært reknar seg som yrkesaktive, og som har ganske høge inntekter gjennom jobb.

Sammenliknet med uviklingen av Grunnbeløpet i folketrygden (G) har studiestøtten hatt en mye dårligere utvikling enn den generelle velferdsutviklingen i Norge. For studieåret 2019/2020 får studenter 1,21 G i studiestøtte.

NEDOVER: Samanlikna med utviklinga av Grunnbeløpet i folketrygda (G) har studiestøtta hatt ein dårlegare utvikling enn den generelle velferdsutviklinga i Noreg.

Foto: Norsk studentorganisasjon

– Fordel med at me kan jobba natt

Attende i Førde fortel dei ferske studentane Bjørsvik og Simonsen at dei jobbar på ein nattopen bensinstasjon annakvar helg.

– Me har ein fordel med at me kan jobba natt. Me får nattillegg og tener meir på færre timar, seier Bjørsvik.

Går jobbinga ut over tida de har til å studera?

– Dei helgene eg jobbar er det litt ekstra stress, men det går sånn akkurat, seier Simonsen.

Dei ser føre seg at eksamenstida kan bli ei utfordring.

– Eg trur at det går fint om du gjer nok på førehand, seier Simonsen.

– Eventuelt får me spørja om fri når det nærmar seg, seier Bjørsvik.

Vegard Bjørsvik og Erling Simonsen på Akutten

FRIDOM: Vegard Bjørsvik (t.v.) og Erling Simonsen meiner at å ha ein deltidsjobb gir dei meir fridom i kvardagen, slik at dei mellom anna har råd til å delta på studentaktivitetar.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK