Kvalar som døyr naturleg og søkk til botn tek med seg store mengder karbon i grava og «fangar» ho for godt.
Men kor mykje?
Det internasjonale pengefondet (IMF) har taksert denne «karbonfangsten» til ein verdi av 2 milliardar dollar.
Reknestykket legg til grunn at 1000 kvalar blir drepne kvart år. I 2022 tok Noreg livet av 581 vågekval.
I ein ny forskingsartikkel går forfattarane i rette med forteljinga om kvalen som naturen sin eigen vaktmester og «klimaentreprenør».
I artikkelen skriv dei at kvalen sin tiltrekkingskraft på mennesket skaper «eit falsk håp» om at vegen til klimafrelse går gjennom den store skapningen.
– Kva rolle kvalane speler med omsyn til klima er flittig diskutert i forskarmiljøa, seier Martin Biuw, som leier forskingsgruppa for sjøpattedyr ved Havforskingsinstituttet.
Han legg til:
– Det er langt frå klarlagt kor viktig denne rolla eigentleg er.
For å klarleggje kvalen si rolle i karbonsyklusen er Havforskingsinstituttet med i eit internasjonalt partnarskap for å forstå krinsløpet betre.
I Europa er Norce og Havforskingsinstituttet blant partnarane i Horizon Europe-prosjektet OceanICU som skal forstå det oseaniske karbonkrinsløpet betre.
Foto: Chris Holman / Chris Holman– Bidraget til kvalen er prega av uvisse
– Å talfeste bidraget til kvalen i den store marine karbonpumpa er prega av stor uvisse, seier Joakim Hauge i Bellona.
Han presiserer:
– Når det er sagt, er det ikkje tvil om at å leggje til rette for store kvalpopulasjonar vil bidra til stor karbonlagring.
En felles skala for å sammenligne ulike klimagasser. Utslipp av gasser som metan og nitrogenoksid regnes om til den mengden CO₂ som ville gitt samme klimaeffekt.
Innen 2030 skal Norge kutte minst 55 prosent av klimagassutslippene i forhold til 1990-nivå. Målet skal nås i samarbeid med EU. Innen 2050 skal 90-95 prosent av norske utslipp kuttes.
Dette betyr at vi må kutte utslipp i rekordfart. De siste ti årene har vi klart å kutte rundt 5 millioner tonn, de neste ti skal vi kutte rundt 25 millioner tonn.
Norge skal kutte utslipp på to måter, fordi utslippskildene kan deles i to:
Kvotepliktige utslipp: Dette er særlig utslipp fra industri og olje/gassplattformene. Utslippene er omfattet av EUs kvotesystem: For å slippe ut klimagasser må industrien kjøpe tillatelser (kvoter) i EU til den prisen kvotemarkedet bestemmer. Stadig høyere pris og færre kvoter skal tvinge frem utslippskutt der det er enklest å gjennomføre.
Ikke-kvotepliktige utslipp: Dette er klimagassutslipp fra blant annet transport, landbruk, avfall og oppvarming i bygg. Dette kalles ikke-kvotepliktig sektor fordi man ikke trenger kvoter for å slippe ut klimagasser. Hvordan Norge kan kutte utslippene i denne sektoren er beskrevet i fagrapporten «Klimakur 2030». Politikerne bestemmer hvilke av tiltakene fra rapporten som skal iverksettes.
Norge kan også kutte ikke-kvotepliktige utslipp ved å betale for utslippskutt i andre europeiske land. Regjeringen sier at de planlegger å klare målene uten å bruke denne muligheten, men den kan brukes hvis det blir «strengt nødvendig».
For Norge er utslippene i de to sektorene omtrent like store: I 2019 slapp de ut rundt 25 mill. tonn klimagasser hver.
Det kan bli politisk pinlig. En sannsynlig løsning er at Norge velger å betale for utslippskutt i andre land. Norge kan også bli ilagt sanksjoner dersom vi ikke når målene vi har avtalt med EU.
Norge skal jevnlig rapportere kutt til FN, i tråd med målene satt i Parisavtalen. Her er det ikke fastsatt noen sanksjoner for dem som ikke oppfyller forpliktelsene sine.
Med utgangspunkt i at ingenting styrar åtferd meir enn lommeboka, har chilenske styresmakter oppretta ei prøveordning med «biokredittar» der båtførarar som forstyrrar kvalen må betale ei «kvalavgift».
Ordninga kan samanliknast med det europeiske kvotesystemet der den som forureinar må kjøpe «avlat» for å sleppe ut klimagassar.
IMF seier at karbonfangsten gjer at det er betre butikk om kvalen døyr naturleg, enn om han «blir fiska» på linje med anna sjømat.
Foto: AP– Meir naturleg å satse på kvalen enn regnskogen
I 1972 vart kvalen eit symbol på FNs miljøvernerklæring, og har sidan skapt gnissingar mellom verdssamfunnet og Noreg.
Noreg, Japan og Island er dei einaste landa i verda som framleis tillèt kvalfangst.
Under den globale fangsttoppen rundt 1960 vart om lag 75.000 kval drepne kvart år.
I dag reknar Den Internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC) med at det svømmer 1,5 millionar rundt i verdshava.
For hundre år sidan var talet 4,5 millionar.
Innanfor klimaarbeid kjem naturbaserte løysingar i tre variantar: Naturkonstruksjon, naturrestaurering og naturvern.
Carlo Aall ved Vestlandsforsking seier til NRK at «gjenskaping av kvalbestanden er noko av det lurare vi kan gjere».
Han meiner det kviler eit moralsk ansvar på Noreg til å ta ei leiarrolle i det internasjonale arbeidet med å restaurere kvalbestanden.
– For ei tidlegare kvalfangst-supermakt burde det å fronte eit slikt tiltak vere meir naturleg enn regnskog-satsinga, seier han.
– Noreg bør ta eit spesielt ansvar
– Som den historisk største kvalfangstnasjonen bør Noreg ta eit spesielt ansvar for kvalen, seier Ola Elvestuen (V).
Han meiner eit målretta kvotesystem etter chilensk modell vil avhenge at moglegheita for å rekne nøyaktig på karbonverdiane, men at klimafordelane frå større bestandar av kval «uansett er så store at tiltak må forsterkast med ein gong».
Tilsvarande signal kjem frå Miljøpartiet Dei Grøne (MDG):
– Noreg bør gå i bresjen for internasjonale tiltak for å byggje opp igjen kvalbestandane i verda, seier Une Bastholm.
Leiar for havteamet i WWF, Fredrik Myhre, etterlyser meir kunnskapsinnhenting om karbonlagringa til havs.
– Viss vi hadde vore pliktige til å føre slike data i dei nasjonale klimarekneskapane, ville vi både ha visst meir og gjort meir, seier han.
– At vi har så få gode tal har vore ei unnlatingssynd frå miljøstyresmaktene i mange år, seier han.
Stadnamn av typen Kvalsund, Kvalvik, Kvaløy indikerer at nordmenn har fanga kval i lange tider.
I 1906 kom dei første norske kvalbåtane fram til Sør-Shetlandøyene mellom Sør-Amerika og Antarktis.
I tidsrommet frå 1880-åra fram til første verdskrigen spreidde den norske kvalfangsten seg til alle kontinent og verdshav.
Argumentasjonen i Finnmark på slutten av 1800-talet viser at det alt då fanst forståing for vern av kvalane. I tillegg finn vi protestar mot stank, tilgrising og forsøpling.
I 1939 bidrog Vestfold med halvparten av kvalfangarane i verda. Då var om lag kvar tiande yrkesaktive vestfolding kvalfangar.
I 1932 braut Hvaloljemarkedet saman på grunn av overproduksjon.