Hopp til innhold

Straumrekninga vart seksdobla – prisane styrer fjøsstellet

Hans Arne Breivik jobbar tidlegare om morgonen og seinare på kvelden for å halde straumutgiftene nede. – Du kan ikkje halde på slik over tid, seier bonden i Øygarden.

Hans Arne Breivik

JUSTERER: Hans Arne Breivik gjer det han kan for å spare kilowattimar for å presse ned straumrekninga. Det inneber mellom anna minst mogleg fjøsstell når straumprisane er høgast.

Foto: Privat

– Vi må berre prøve å tilpasse drifta, og gå på sparebluss, seier Breivik.

Med 7.500 høner og 17 mjølkekyr er det avgrensa kor mykje Breivik kan spare utan å kome på kant med dyrevelferda.

Fjøsstellet til Breivik følgjer no straumprisane.

Temperaturen i hønsehuset blir justert frå 20 til 19 grader.

Rundballekuttaren som dreg mykje straum, blir mindre flittig brukt for å spare kilowattimar. Han tilpassar også arbeidstida etter pristoppane.

– Eg går litt tidlegare og seinare i fjøset. Du kan ikkje halde på slik over tid, men det må til for å avgrense kostnaden, seier han.

Når straumprisen har vore på topp har han byrja tidlegare i fjøsen for å unngå straumtoppen i 08-tida. Tilsvarande har han starta kveldsstellet etter klokka 19.

I desember bikka straumrekninga nesten 18.000 kroner – ein auke på 650 prosent i høve normalen.

Høner i Øygarden

KALDARE: Det blir litt kaldare i hønsehuset til Hans Arne Breivik i Øygarden. – Men hønene toler det, utan at det går utover dyrevelferda, forsikrar Rong-bonden.

Foto: Privat

Mange uroa bønder

Breivik klarer å ta unna det som kjem av rekningar. Men det blir mindre på botnlinja. Altså mindre lønnsemd i drifta.

– Ein kan ikkje tilpasse seg heile tida utan å få påfyll. Då går det gale vegen for landbruket. Vi må få dekt kostnadane. Spesielt når det er så ekstraordinært som no, seier Breivik.

Anders Felde i fjøsen

VANSKELEG: – Eg håpar at regjeringa ser alvoret i å ha ein lønnsam matproduksjon, og at vi står i ein vanskeleg situasjon, seier Anders Felde, leiar i Vestland bondelag.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Situasjonen er dramatisk for mange, ifølgje leiar i Vestland bondelag, Anders Felde. Han er siste månadane kontakta av fleire uroa bønder som slit med å betale rekningane.

På toppen av straumprisane kjem også lågare mjølkeprisar og dyrare kraftfôr. Rett nok kom regjeringa med ei kompensasjonsordning for auka kunstgjødsel- og byggekostnader like før jul.

Straumprisane varierer frå landsdel til landsdel, og forbruket varierer etter kva bøndene driv med.

– Når ei rekning som før var 10.000 kroner månaden no blir 30.000 kroner, så er det vanskar å ha nok pengar å betale, seier Felde.

Bøndene krev hjelp

Laurdag varsla Regjeringa ei ny straumpakke for folk flest, men Felde seier tiltaka ikkje monnar i tilstrekkeleg grad for bøndene.

Særleg reagerer han på at makstalet ligg på 5000 kilowattimar i månaden, også for bøndene.

– Den må opp på 20.000 kwh for å treffe landbruket godt. Så bør ein kompensere opp til 80 prosent av kostnaden over 70 øre kilowattimen, seier Felde.

Smågriser i Nortura-fjøs

DYRARE ENN SAU: Bønder som driv med gris, egg og veksthus har til dømes høgare straumforbruk enn sauebønder.

Foto: Annemarte Moland / NRK

Bøndene kravde torsdag hjelp frå landbruksministeren til å betale skyhøge straumrekningar.

I korte trekk gir dei regjeringa få dagar til å hoste opp ei målretta ordning, som dekker eit inntil fire gonger høgare straumforbruk enn for hushaldninga.

Og ordninga skal ha tilbakeverkande kraft til november.

Søndag varsla landbruksminister Sandra Borch (Sp) at ho i første omgang ønsker å møte bondeorganisasjonane.

Ho vil ikkje seie om ho har noko meir å gi.

– Eg skjønar veldig godt situasjonen bøndene står oppe i. Eit møte er fastsett allereie tidleg i neste veke.

«Treffsikker» ordning

Bondelaget meiner ordninga dei føreslår for landbruksministeren er «treffsikker» og vil gi bøndene betre likviditet.

– Den kompenserer mykje til dei som har store kostnader, og mindre til dei som har lågare kostnader, seier Felde.

– Mange har slite med straumrekninga i fleire månader. Burde de vore klarare på kravet tidlegare?

– Det kan ein alltids seie, men vi har prøvd å signalisere det. Under tilleggsforhandlingane i haust fekk vi vedteke kompensasjon til våren. Vi ser no at det blir for seint.