Hopp til innhold

No blir straumrekninga dyrare

Over heile Sør-Noreg blir straumrekninga for januar høgare enn i desember. Grunnen er sprengkulda.

Kulde Flesberg

5.januar var det -31 grader i Svene i Flesberg.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

I desse dagar så vil hushaldningar i Sør-Noreg få straumrekningar for januar som er opptil 9 prosent høgare enn det dei fekk i desember.

– Aukinga skuldast sprengkulda i første halvdel av januar, som gjorde at folk brukte meir straum til oppvarming, seier Bård Standal, nestleiar i Fornybar Norge.

Les også Her er dei «snillaste» straumprisane i landet

Lærdal

I Nord-Noreg og Midt-Noreg vil folk derimot få litt lågare rekningar, hovudsakleg grunna lågare straumprisar.

– Straumrekninga for januar til hushaldningar i Sør-Noreg med eit gjennomsnittleg straumforbruk vil bli på ca. 2800–3000 kr. I Midt-Norge derimot vil rekninga bli på rundt 2500 kr og i Nord-Noreg på 2200 kr, seier Standal.

I januar kosta straumen i dei tre sørnorske prisområda mellom 86–92 øre/kWh, medan i Midt-Noreg var spotprisen 64 øre/kWh og i Nord-Noreg 45 øre/kWh, viser tal frå kraftbørsen Nord Pool.

I alle desse prisområda var straumprisane i januar lågare enn i desember.

Bård Standal

Bård Standal er nestleiar i Fornybar Norge.

Foto: Benjamin Danielsen / NRK

Sprengkald start

Første del av januar starta kaldt, særleg i Sør-Noreg.

Den 6. januar blei det sett ny kulderekord i Oslo på -31 grader. Gjennomsnittstemperaturen for Noreg for januar kom på 2,2 grader under normalen, og blei den fjerde månaden på rad med unormal låg gjennomsnittstemperatur.

Ifølgje Meteorologisk institutt må vi tilbake til 2002 for å finna ein like lang og samanhengande kuldeperiode.

– Månaden låg lenge an til å bli rundt 20. kaldaste januar-månadene vi har registrert, men den milde avslutninga gjorde at månaden til slutt blei den 41. kaldaste i ein måleserie som går tilbake til 1901, seier Jostein Mamen, klimaforskar ved Meteorologisk institutt.

Les også 14 kulderekorder på Østlandet i natt

Snøkanon på Voksenjordet

Nedbørsnivået for januar var på normalnivå, men det var store skilnader mellom dei ulike landsdelane.

I dei sørlegaste delane av landet kom det 100–150 prosent meir nedbør enn normalt. Mykje i form av snø. Ved utgangen av januar var det meir enn tre gongar så mykje snø som normalt på Sørlandet og i dei sørlege delane av Austlandet.

– Ti stasjonar med meir enn 15 års drift har ny rekord for snødjupn i januar, seier Mamen.

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 0,9 kr
Dyrest kl. 10 1,34 kr

Les også Brøyta rekordmykje veg i januar – svarar til 40 turar rundt jorda

Brøyting Sognefjellet

Dyrare i år enn i fjor

Til trass for lågare straumprisar over heile landet, vil straumrekninga som norske hushaldningar må betala for straumen dei brukte i januar i år vera høgare enn rekninga dei fekk for januar i fjor.

Årsaka er altså kulda og høgare straumforbruk.

I fire av dei fem norske prisområda for straum steig straumforbruket til ein gjennomsnittshushaldning frå desember til januar med 2–10 prosent, viser tal frå Elhub.

Der viser og tala at i alle dei fem norske prisområda var straumforbruket i januar mellom 11–25 prosent høgare enn i same månad i fjor.

Les også Straumprisutvalet: – Skjønnar godt at mange vart forbanna

B_OJCF-91wM