Hopp til innhold

Stort gjennombrot: Astmamedisin kan hjelpe mot Parkinson

UIB (NRK): Forskarane jubla då dei fann resultatet som gir nytt håp til folk med Parkinson-diagnose.

Røntgenbilde av hjerne.

ASTMAMEDISIN KAN REDDE HJERNEN: Verkestoffet salbutamol i astmamedisin kan bremse utviklinga av Parkinson, ifølgje ny forsking. – Dette stoffet ser ut til å hindre produksjonen av eit protein som øydelegg hjernen til menneske med Parkinson, seier UiB-professor Trond Riise.

Foto: colourbox.com

– Dette er først og fremst godt nytt for pasientane. Men forskarteamet jubla også då resultata vart klare, seier professor Trond Riise.

Professor Trond Riise

Trond Riise

Foto: Frederik Økland

Saman med forskarane Kjetil Bjørnevik og Anders Engeland ved institutt for global helse og samfunnsmedisin ved Universitetet i Bergen (UiB), har han analysert medisinforbruket til heile den norske befolkninga.

Forskinga syner at svaret på betre behandling av Parkinson kan vere på alle apotek allereie.

I mange typar astmamedisin er verkestoffet salbutamol. Det er dette som ser ut til å bremse utviklinga av Parkinson.

– Dette stoffet ser ut til å hindre produksjonen av eit protein som øydelegg hjernen til menneske med Parkinson. Vi trur at ein medisin med salbutamol vil vere meir effektiv og ha færre biverknader enn medisinane som vert brukt i dag, seier Riise.

Samarbeid med Harvard

Universitetet i Bergen har jobba saman med forskarar frå Harvard i USA, og resultata vert no presentert i det medisinske forskingstidsskriftet Science.

Det norske medisinregisteret gjev forskarane på UiB ein unik mogelegheit til å sjå kva effektar ulike medikament har. Teamet oppdaga at mellom dei som tok astmamedisin, var det betydeleg færre som utvikla Parkinson samanlikna med resten av befolkninga.

– Saman med resultata frå testar på dyr, gjev dette oss trua på at det kan utviklast ein meir effektiv medisin mot Parkinson, seier Riise.

Magne Wang Fredriksen

Magne Wang Fredriksen

Foto: Norges Parkinsonforbund

Håp hos dei ramma

– Dette er særs spanande, seier Magne Wang Fredriksen.

Generalsekretæren i Norges Parkinsonforbund seier dei som har diagnosen er opptekne av all ny forsking.

Han får forskingsresultata frå UiB og Harvard referert av NRK, og trur dette kan vere ein milepæl.

– Det viktigaste er å kunne bremse sjukdomen. Å sleppe dei alvorlege biverknadane av dagens medisinar vil og bety mykje. Så dette gir håp. Men samstundes har vi lært at det er lang veg frå forsking til at det kan bety noko for dei som har diagnosen, seier Fredriksen.

Neste steg no vert å prøve medisinen på menneske med Parkinson.