Hopp til innhold

Storstilt utstilling fører turistar hit

OSLO (NRK): Den internasjonale Astruputstillinga i Oslo skapar besøkande også for Astruptunet i Jølster. Hittil i år har om lag 3000 tatt turen, det er det dei vanlegvis har heile året.

Astruptunet

GJENNOMBROT: Nikolai Astrup har fått sitt store internasjonale gjennombrot i 2016, med rundt 70 000 besøkande på utstilling i London og Oslo.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Eg var på Astruptunet for eit par dagar sidan. Der møtte eg folk som hadde vore på utstillinga og på grunn av den reist vidare til Astruptunet. Difor er utstillinga viktig også for oss på Astruptunet, seier direktør ved Sogn og Fjordane kunstmuseum Janne Leithe.

Janne Leithe

GRIP SJANSEN: Janne Leithe anbefaler alle til å gripe sjansen og sjå utstillinga medan den er i Noreg.

Foto: Bård Siem / NRK

Nikolai Astrup har fått sitt internasjonale gjennombrot i år med utstilling i London og massiv omtale i britiske medium.

Den britiske avisa The Guardian har mellom anna hevda at Astrup burde vere like kjend som Munch, men at verda ikkje har oppdaga han før no. Leite anbefaler alle å sjå utstillinga.

– Eg synest den er heilt fantastisk. Her er det Astrupkunst som aldri er blitt sett før i Noreg og som det vil ta lang tid før blir sett att, då dei vanlegvis er i utlandet. Så eg anbefaler alle å kome og sjå utstillinga medan dei har sjansen.

Stor suksess

Sunniva Sparre

JØLSTRINGAR: Sunniva Sparre fortel at dei har hatt besøk av mange jølstringar etter at Astruputstillinga opna i Oslo tidlegare i sommar.

Foto: Bård Siem / NRK

Til saman har om lag 70.000 sett Astruputstillinga som har funne stad i London og Oslo i år. Astrup har tidlegare vore best kjend blant norske kunstentusiastar, men i 2016 har han og blitt kjend for eit større publikum.

Sunniva Sparre ved Hennie Onstad-senteret fortel at interessa har vore stor.

– Sidan opninga i juni har vi hatt innom mange turistar, men sjølvsagt og mange norske og faktisk og frå Jølster, så det er jo hyggeleg. Til saman har vi hatt rundt 30 000 gjester og alle Astrupkatalogane våre på både på norsk og engelsk er utselde, det er ganske spesielt.

Kjend bål

Astrid Wittersø

FARGAR: Astrid Wittersø er svært glad i fargane Astrup viser.

Foto: Bård Siem / NRK

Natur og kulturlandskap står sentralt i Astrups storslåtte skildringar. Publikum på utstillinga får sjå både trollet i treet, isdronninga i fjellet og anna. Eit av dei mest kjende temaa til Astrup er jonsokfeiring, som han har måla svært mange bilete av.

Førdekunstnaren Astrid Wittersø fekk mellom anna sjå ukjende versjonar av dette då ho gjesta utstillinga.

– No ser eg på eit av dei tallause jonsokbål-bileta. Akkurat dette har eg ikkje sett før, men det er spanande for ein har det store bålet og i tillegg nokre mindre bål rundt om i fjella. Astrup er veldig flink til å attskape det spanande og litt spesielle med landskapet i Jølster, og så er fargane hans svært fine.