Hopp til innhold

Astrup-utstillinga har berre fått positiv omtale

OSLO (NRK): Det var ein stolt Anders Bjørnsen som torsdag såg Astrup-utstillinga bli opna for andre gong under den internasjonale lanseringa.

Tone Hansen og Anders Bjørnsen

AUKA INTERESSE: Anders Bjørnsen (t.h.) håpar på gode besøkstal også i Oslo. – Vi håpar sterkt på at auka interesse er ei medverkande årsak til at publikum strøymer til Henie Onstad i sommar, seier han. Her saman med museumsdirektør Tone Hansen.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

Avdelingsdirektøren hos Sparebankstftinga DNB konstaterer at den internasjonale lanseringa av Nikolai Astrup er blitt både ein publikums- og kritikarsuksess

– Vi har fått 30–40 meldingar, og ingen av desse er nøytrale eller negative. Alle har vore utruleg positive, og begeistringa har vore fantastisk, seier han.

– Flott å få den heim

Utstillinga har kome over «dammen» frå London, der 40.000 såg den unike samlinga utstilt hos Dulwich Picture Gallery. Der var også kulturminister Linda Hofstad Helleland (H) då Dronning Sonja opna utstillinga.

Tone Hansen og Linda Hofstad Helleland

STOLTE: Museumsdirektør Tone Hansen (t.v.) saman med kulturminister Linda Hofstad Helleland (H) før opninga av Astrup-utstillinga.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

Torsdag var det kulturministeren sjølv som stod for opninga ved Henie Onstad-senteret på Høvikodden utanfor Oslo.

– Det er flott å få den heim. Særleg etter at ein internasjonalt har oppdaga kor stor Astrup er, seier Helleland.

Jølsterstemning

Med juni månad knapt to veker gamal, skal det godt gjerast å treffe betre med opning av ei Astrup-utstilling. Kunstnaren er kjend for sine «juninatt»- og jonsokbål-verk. Og museet visste å la Jølster sette sitt preg på museet.

Med rabarbra frå Jølster både utanfor og innanfor dørene. Felespelaren Erlend Apneseth, også han frå Jølster, medverka også under opninga.

Erlend Apneseth

JØLSTER: Heimkommunen til Nikolai Astrup har sett sitt preg på Henie Onstad. Felespelaren Erlend Apneseth var mellom dei som medverka under opninga.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

– Vi har prøvd å skape litt av jølsterstemninga i utstillinga, vedgår museumsdirektør Tone Hansen.

– Kva får publikum sjå?

– Dei får sjå den største mønstringa av Astrup sine verk nokosinne. Kuratert og sett i nytt lys av tre engelske kunsthistorikarar og kuratorar som har gjeve ny forteljing og kunnskap om Astrup.

– Unik oppleving

Hansen legg ikkje skjul på at ho har store forventingar, og at ho håpar publikum kjenner si gjestingstid.

Videoinstallasjon under Astrup-utstillinga.
Foto: Gunnhild Årdal / NRK

– For dette er verkeleg ei unik oppleving. Ikkje berre får du sjå Astrup i si fulle breidde, kunnskap om livet og tida hans, men også ei rekkje samtidskunstverk som plasserer han og dagsaktualiserer han i høve til dagens situasjon når det gjeld økologi, plantar og hagebruk, seier direktøren og held fram..

– Det er verdiar som stod Astrup veldig nær, både som kunstnar og person.

Ein video vart til sju

To av samtidskunstnarane er Ingeborg Book og Karina Heden som i fjor var vekevis på Jølster for å sjå naturen, Astruptunet og barndomsheimen på Ålhus med kunstnaren sine auge. Planen var ein videoinstallasjon.

Dei enda opp med sju videoar.

– Personlegdomen hans har så mange sider, han har så mange interesser og spesialitetar. Vi har delte personlegdomen opp i sju og undersøkte desse i kvar sin video, fortel Heden.