NRK Meny

Trur internasjonal utstilling vil lokke fleire hit

JØLSTER (NRK): Allereie før Astrup-utstillinga er opna i London har den gjeve ein verdi i millionklassen, ifølgje direktøren i Sogn og Fjordane Kunstmuseum.

Janne Leite

DIRRAR AV SPENNING: Musemsdirektør Janne Leithe er meir enn optimistisk fram mot opninga av Astrup-utstillinga i London. Særleg når ho ser lovorda kunsten har fått før utstillinga i det heile er opna.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Artikkelen er mer enn ett år gammel.

I februar går startskotet for den første internasjonale reisa for verka til Jølster-kunstnaren Nikolai Astrup.

På London sitt eldste og verdsberømte kunstmuseum «Dulwich Picture Gallery», skal sjølvaste dronning Sonja stå for opninga, før utstillinga også etter kvart skal vidare til Tyskland.

– Han har vore kjend for norske kunstinteresserte, men no trur eg vi får ei merksemd langt utover den vanlege gruppa som normalt har vore interessert i han, seier Janne Leite, direktør i Sogn og Fjordane Kunstmuseum, som forvaltar kunsten til Astrup og Astruptunet i Jølster, heimplassen til kunstnaren.

Løfta fram i britisk presse

Fram til no har Astrup vore, etter mange sitt synspunkt, overraskande lite kjend utover landegrensene.

Men allereie før opninga har utstillinga fått stor merksemd. Blant anna vart det skrive i ein blogg i den britiske avisa «The Guardian» at Astrup burde ha vore like kjend som Edvard Munch.

Astruptunet

IDYLL: Astruptunet har i fleire år slite med dårleg besøk og fleire gonger har det blitt diskutert tiltak. No kan det plutseleg kome ein straum av turistar frå utlandet, trur fleire.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Museumsdirektør Janne Leithe seier satsinga vil bety svært mykje, både for kunsten, men også for Astruptunet.

– Eg trur at vi, med merksemda frå pressa i England så langt, har fått ein marknadsføring på Astrup som på sikt er verd fleire millionar. Vi må førebu oss på å vere opne for eit nytt og større publikum, seier Leithe.

Vil syne fram motiva

Nikolai Astrup

SEINT, MEN GODT: No får kunsten til Nikolai Astrup (1880-1928) eit langt større publikum.

Foto: Privat

Også ordføraren i Jølster let seg rive med av tanken på kva den internasjonale utstillinga kan føre med seg. For her kan folk kome og sjå at kunsten ikkje berre er eventyr, men motiv frå røynda.

– Fokuset på Astruptunet og Jølster blir mykje sterkare enn det har vore. Kunstnarane og kunstekspertane har vore tydelege på at Astrup ikkje kan introduserast som ein verdskunstnar utan at ein samstundes viser Jølster og Astruptunet, seier Oddmund Klakegg.

Under opninga i februar i London skal også han vere til stades.

– Her vert det lagt veldig mykje ressursar og prestisje i å presentere denne norske kunstnaren på same måten som andre norske kunstnarar er presenterte i utlandet tidlegare.

Oddmund Klakegg på Astruptunet

SPENT: Ordførar i Jølster, Oddmund Klakegg.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Kvifor dette ikkje har skjedd tidlegare er eit spørsmål som han ikkje kan svare godt på, seier ordføraren. For samstundes som nokre har venta på dette har det dukka opp kritiske stemmer som har meint at Astrup og Astruptunet ikkje har blitt behandla så godt som dei burde.

– No er det vel dei som har meint at Astrup har hatt eit internasjonalt tilsnitt i lang tid, men dette skjer nok no på grunn av at vi har med oss gode og sterke krefter som kan løfte ei så stor utstilling ut i verda.

No skal Jølster-målaren Nikolai Astrup bli stor i utlandet. Astrup sine verk blir stilt ut i London og internasjonale medier trur han kan bli ein ny Edvard Munch.

SKAL BLI STOR: Kunsten til Astrup er spådd å bli svært populær blant utanlandske kunstinteresserte. (Foto/redigering: Ole Andre Rekkedal)

Astruptunet

SOMMARLEG IDYLL: Slik ser det ut på Astruptunet på sommaren.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK
Navnestrid i Sunnfjord
2200 villrein i Nordfjell skal avlivast, men jegerane er ikkje nøgde. 
   
Dab-dekning i tunnelar