Hopp til innhold

Storm og regn i nord – sol og 20 pluss i sør

I Nord-Noreg må folk skalke lukene og få på sjøstøvlane. På Austlandet er det venta sol og nær 20 plussgrader.

Stor forskjell på været i nord og sør i helgen.

NORD OG SØR: Bur du i nord kan det bli ganske så røft. Bur du i sør bør du smørje deg med solkrem.

Foto: NRK

– Det blir store kontrastar i vêret dei næraste dagane, seier statsmeteorolog Marianne Skolem Andersen til NRK.

I dag har meteorologane sendt ut gule farevarsel for kraftig nedbør, sterke vindar og høg vasstand frå Nordland og nordover.

Og som om det ikkje var nok, så har varsom.no sendt ut farevarsel for jordskred.

– Det er ikkje tvil om at det blir mykje vêr i Nord-Noreg dei neste par døgna. Vi har sendt ut diverse farevarsel. Det blir mykje regn, særleg i Nordland og Troms frå natt til fredag og fram mot natt til laurdag.

Strålande helg i aust

Men i Sør-Noreg, og særleg på Austlandet er situasjonen ein heilt annan. Har du pakka vekk badeshortsen og bikinien, så er det like greitt å finne sommarkleda fram igjen.

– Austafjells i Sør-Noreg så blir det jo veldig fint. Der er det nesten ingen skyer og dei kan få temperaturar opp mot 20 grader, lovar meteorologen.

Det «verste» med vêrmeldinga for Austlandet er at det kan kome litt morgontåke i gamle Østfold.

Høg vasstand i Finnmark

HØG FLO: I det gule området er det venta høg vasstand, rundt 25 - 35 centimeter over tidevasstabellane.

Foto: @meteorologene på Twitter

– Høg vasstand

Men i nord er rundt fem pluss og tåke det minste problemet. I Finnmark vil det blåse opp i 30–32 m/s i vindkasta og vasstanden kan bli farleg høg.

– Vi får ei oppsamling av vatn inn mot kysten. Kombinasjonen av lågtrykk, mykje vind og månen som er i rett fase, gjer at vi får høg vasstand.

– Men er det håp om betring i løpet av helga i nord?

– Det er i så fall kortvarig. Det er fare for at det blir mykje vêr igjen søndag kveld og utover måndagen også. Nord-Norge ligg slik plassert at det kan bli litt ruskevêr framover, slår Skolem Andersen fast.

På Vestlandet og i Midt-Noreg blir vêret ein god miks av nord og aust.

– I Bergen blir det rett og slett grått, seier meteorologen.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold