Kontrakten, som har ein verdi på 12 millionar kroner, gjeld for ein prøveperiode på eitt år.
- Viktig kontrakt
Den viktigaste grunnen til at Mongstad er vald er for å kutta reisetid. Frå Mongstad til Brentplattformane tek det åtte timar, medan seglingstida frå Shell sin base i Aberdeen er heile 24 timar.
- Det er ein svært viktig kontrakt i og med at det er fyrste gong me har eit samarbeid på tvers av sokkelgrensene, mellom britisk og norsk sokkel, fortel Gisle Johansson, som er informasjonssjef i Hydro.
Fleire arbeidsplassar
Kontrakten kan óg føra til fleire arbeidsplassar på Mongstad.
- Men det er avhengig av kor stort omfang dette får. I fyrste omgong er det jo berre ein prøveperiode, presiserer Johansson.
Mongstad skal forsyna Brentplattformane med kjemikaliar, vatn og diesel.