Klokka 04.30 varsla Vegtrafikksentralen politiet om at eit brannskap hadde blitt opna i Eikefettunnelen i Nordhordland.
Politi og brannvesen rykte ut og oppdaga fleire mindre steinar i vegbana like ved brannskapet. Ifølge brannvesenet skal den største av steinane vera anslagsvis 150 kg.
Siste: Klokka 06.25 melder Vegtrafikksentralen at tunnelen er rydda og open.
Sperrar eitt køyrefelt
– Stein hadde landa over fleire leidningar der brannsløkkingsapparatet stod og dermed utløyst alarmen. Fleire steinar hadde blitt knust og sperrar det eine køyrefeltet, seier operasjonsleiar Eivind Hellesund i Vest politidistrikt.
Ifølge Vegtrafikksentralen skal den største steinen ha losna frå tunnelveggen. Tunnelen var stengd i rundt to timar.
Tunnelen blir oppgradert
For tida blir det gjennomført eit større oppgraderingsprosjekt i tunnelen. Mellom anna blir det sprengt ut tre såkalla havarinisjer inne i tunnelen. I tillegg blir tunnelen sprøyta med 20.000 kubikk med vass- og frostsikring.
– Dei som har prosjektet skal vera på staden no, seier trafikkoperatør Albert Sherington i Vegtrafikksentralen.
Det er for tidleg å seia om nedfallet av stein har samanheng med arbeidet.
– Det vil eg ikkje kommentera, seier Sherington.
Ingen omkøyringsmoglegheit
Vegtrafikksentralen seier til NRK klokka 05.55 at tunnelen i beste fall blir stengd i ein time. Ein knapp halvtime seinare blei tunnelen opna for fri ferdsel.
Det er ingen gode omkøyringsalternativ til E39-tunnelen som ligg mellom Ostereidet og Vikanes.